Oppgåve
Tvilsame argumentasjonsknep
Når sterke kjensler er involverte, og mange meiner noko veldig sterkt, kan det dukke opp argument som er tvilsame. Klarer du å avsløre knepa?

Når du blir engasjert, er det fort gjort å bruke argument som verken er saklege eller akseptable.
Oppgåve: Finn dei ulike argumentasjonsknepa
Les gjennom setningane nedanfor. Finn døme på
- fleirtalsknepet (Det som fleirtalet gjer, er rett.)
- bruk av autoritetar eller ekspertar
- utskjelling
- fordommar
- mistenkjeleggjering
- tåkeprat
- unødvendig vanskeleg språk
- generelle og lite forpliktande formuleringar
Døme på argumentasjonsknep
- Alle handverkarar er sleipingar. Dei kjem og går når det passar dei, og dei tek seg altfor godt betalt.
- Over 90 prosent av kundane våre er nøgde.
- Primærsatsinga må vere adekvat for den impliserte infrastrukturen.
- Eg er den einaste i gjengen som ikkje får lov til å ha med øl på festen!
- Ungdommen i dag er ein gjeng arbeidsskye snyltarar. Dei vil helst leve på foreldra sine til dei er 30 år gamle, og ventar at mor og far sørger for full service og oppvarting heime.
- Bedrifta vil setje i gang strategiske tiltak for å optimalisere yteevna til personalet.
- Alle oppegåande menneske i dette landet har jo for lenge sidan skjønt at bileigarane berre er mjølkekyr for staten!
- Skulen har som målsetting å skape eit positivt læringsmiljø der alle elevane kan utvikle seg.
- Eg liker best å feriere i Danmark, for danskane er mykje koselegare og meir avslappa enn svenskane.
- Alle veit jo at Marthe er medlem av Unge Høgre, så vi får ta den utsegna med ei klype salt.
- Omfanget av tiltaket må stå i forhold til den sannsynleggjorde synergieffekten.
- Jamvel statsministeren meiner at vi må reformere trygdeordningane vi har i dag.