Tonar i norsk og vietnamesisk - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Tonar i norsk og vietnamesisk

Her skal du samanlikne melodien i norsk og vietnamesisk.

Del 1 Tonar i norsk

Fleire bønder les bønner for at vatnet skal kome, så dei kan vatne.

  1. Sei setningane over høgt for kvarandre i grupper.
  2. Kvifor trur de nettopp desse orda har tjukk skrift?
  3. Teikn tonen i orda som har tjukk skrift.
  4. Seier alle i klassen dei understreka orda med same tone?
  5. "I norsk syng vi på ulike måtar". Grunngi denne påstanden. Sjå gjerne på episode 1 frå Dialektriket (under) frå 18:20–22:10 som kjelde.

Del 2 Tonar i vietnamesisk

I norsk er det i somme tilfelle berre tonelaget som skil ord frå kvarandre. Men korleis står det til i andre språk? Her skal du først prøve deg på det austasiatiske språket vietnamesisk.

NB! Er det nokon i klassen som snakkar vietnamesisk? Då kan de prøve å finne ut av oppgåva under utan Google Translate.

  1. Opne Google Translate og still inn på omsetjing frå vietnamesisk til norsk.
  2. Skriv inn ordet «ma» i vietnamesisk-boksen. Trykk på lydikonet, lytt og teikn tonen slik du gjorde i del 1.
  3. Gjer det same med ordet «mà» (legg merke til aksenten over bokstaven, den er viktig å få med).
  4. Deretter går du vidare med orda: «má», «mả», «mã» og «mạ».
  5. Diskuter i grupper:
  • Teikna de orda likt?
  • Kva kan de seie om tonar i språket vietnamesisk etter denne øvinga?

Del 3 Kva med andre språk?

Kva for språk kan klassen? Prøv å finne ut om dei språka de kan, har tonelag. De kan òg lese meir om tonelag i ulike språk på SNL.no

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2020