Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Slik skriv du novelleanalyse: Les ein modelltekst!

I denne oppgåva lærer du korleis du kan skrive ein god novelleanalyse ved å lese ein modelltekst og diskutere han.

Del 1: Les novella "Blodspor"

  1. Les novella "Blodspor".

  2. Diskuter med andre elevar i klassen: Korleis kan de gå fram for å skrive ein god analyse av "Blodspor"?

  3. Samanfatt i plenum.

Del 2: Les ein modelltekst

  1. Les novelleanalysen "Eit uskyldig offer".

  2. Gå saman i grupper og diskuter: Kvifor er dette ein god analyse?

  3. Samanfatt i plenum.

Del 3: Diskuter innleiinga

Les innleiinga i boksen nedanfor. Diskuter spørsmåla under.

  1. Kva gjer denne innleiinga?

  2. Innleiinga er todelt. Vanlegvis startar du kanskje rett på sak med å presentere tekst og forfattar? Her blir det skrive generelt om temaet før presentasjonen av novella.

    • Kva synest de om å starte innleiingar slik?

Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krigar frå ulike delar av verda på nyheiter eller les om dei i aviser. "Triste greier", tenker vi kanskje, slår av tv-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "angår oss". Novella "Blodspor", skriven av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Ho gir eit innblikk i korleis krig kan opplevast gjennom auga til ein liten gut.

Ei alternativ innleiing – med sitat

Eit alternativ er å starte innleiinga med det sitatet frå teksten du meiner reflekterer temaet i novella aller best, og bruke det som ein inngang til teksten du skal presentere.

Oppgåve

Les den alternative innleiinga under. Diskuter kva de synest om henne.

"Hjertet slår like raskt og like hardt, det vil ikke roe seg ned. Han er fortsatt redd som aldri før, og han løper og løper og er helt alene." Slik beskriv forfattaren Bakir Ahmethodzic flukta til ein liten gut i novella "Blodspor". Novella gir eit innblikk i korleis krig rammar uskyldige.

Del 4: Temasetningar

  1. Les alle førstesetningane i kvart avsnitt i modellteksten.

  2. Legg de merke til kva skrivaren gjer i desse setningane?

  3. Kvifor bidreg temasetningane til at modellteksten får god struktur?

Døme på temasetningar frå novelleanalysen

  • "Motivet i novella er ein liten gut som spring frå noko skremmande."

  • "Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig."

  • "Forteljaren er autoral og allvitande."

  • "Når det gjeld komposisjonen i novella, startar han in medias res."

  • "Novella har berre éin karakter – den vesle guten."

Forklaring

Alle temasetningane introduserer kva avsnittet skal handle om. Avsnittet handlar berre om det temasetninga fortel. Dette skaper ein ryddig tekst som gjer det enkelt for lesaren å følge tankerekka til skrivaren.

  • "Motivet i novella er ein liten gut som spring frå noko skremmande." (Avsnittet handlar om motiv.)

  • "Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig." (Avsnittet handlar om tema.)

  • "Forteljaren er autoral og allvitande." (Avsnittet handlar om forteljar/synsvinkel.)

  • "Når det gjeld komposisjonen i novella, startar han in medias res." (Avsnittet handlar om komposisjon.)

  • "Novella har berre éin karakter – den vesle guten." (Avsnittet handlar om hovudkarakteren.)

Oppgåve: Korleis bruke temasetningane til å lage flyt?

Diskuter i grupper:

Kva for magisk lite skrivetips, som skrivaren bruker i temasetningane, kan det vere lurt å lære seg?

  • Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig.

  • Når det gjeld tankereferata, bidreg òg dei til å vise den uskyldige guten.

  • Eit anna ord som blir gjenteke, er ordet "blod".

  • I kontrast til dette står gjentakingar av ordet "hjerte".

Forklaring

Forfattaren bruker temasetningane til å skape gode overgangar og flyt mellom avsnitta.

Døme er:

  • Denne siste setninga ...

  • Når det gjeld ... bidreg òg dei ...

  • Eit anna ord som blir gjenteke ...

  • I kontrast til dette ...

Sjå gjerne for deg at du skal "leie" lesaren gjennom teksten din når du skriv analysar.

Del 5: Korleis skrive gode avsnitt?

Sjå på avsnittet under. Bokstavane A, B og C skal vise kva delar avsnittet består av. Forstår du kva bokstavane står for? Diskuter gjerne med ein sidemann.

Forklaring

  1. Den første setninga i avsnittet (A) er ei temasetning. Ho viser kva avsnittet skal handle om. Den andre setninga i A er ei kommentarsetning, som seier litt meir om verkemiddelet som blir omtalt i temasetninga.

  2. Så kjem eit bevis. Når vi til dømes skriv om eit verkemiddel, må vi ha med eit sitat frå teksten som viser kvar vi finn verkemiddelet.

  3. Til slutt kan du skrive noko om funksjonen til verkemiddelet. Korleis understrekar verkemiddelet temaet i novella?

Kva er eigentleg funksjon?

Når du skriv analysar, er målet å beskrive

  • kva forfattaren vil fortelje oss (tema)

  • korleis forfattaren skriv for å formidle temaet til oss

  • kvifor forfattaren skriv slik

Når du skriv om kvifor forfattaren skriv som hen gjer, skriv du om funksjonen til verkemiddelet.

Oppgåve: Kvifor er det så viktig å skrive om funksjon?

Sjå på avsnittet under. Det er det same avsnittet som du har lese tidlegare, men denne gongen manglar alt om kvifor forfattaren skriv slik han gjer.

Diskuter med medelev: Kvifor er dette avsnittet svakare enn det over?

Svar

Ein god novelleanalyse forklarer kvifor ulike verkemiddel viser temaet. Det er dette som er analyse.

Del 6: Avslutninga

Det er mange måtar å skrive avslutningar på.

Oppgåve

Diskuter med ein medelev: Kva vil de seie skrivaren gjer i avslutninga under?

Det er ved å skape denne kontrasten og innlevinga forfattaren kan vekke oss lesarar, som vanlegvis berre les om krig i aviser og ser han på tv. Slik viser han den styrken skjønnlitteraturen har: Ved å gi oss innsikt i skjebnen til eit uskyldig enkelindivid kan han vekke oss.

Forklaring

Skrivaren

  1. grip fatt i hovudpoenget frå innleiinga: Vi ser berre krig på avstand.

  2. skaper ein sirkelkomposisjon

  3. reflekterer fritt over temaet i novella

Del 7: Tittelen

Ikkje gi analysane dine namn som "Novelleanalyse av novella Blodspor". Lag heller ein tittel som speglar temaet i novella. Vi har valt tittelen "Eit uskyldig offer", sidan det får godt fram kva som er temaet i novella.

Tips!

Vent med å lage tittel til teksten din er heilt ferdig. Då har du tenkt ordentleg gjennom kva som er temaet i novella, og kva forfattaren vil fortelje. Først då kan du lage ein god tittel.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.10.2025