Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Korleis skrive om verkemiddel og funksjon?

Dette er ein nyttig guide når du skal peike på verkemiddel i ein skjønnlitterær tekst.

Kvifor skal du lære om dette?

Å skrive presist om språklege verkemiddel er avgjerande for å lykkast med tekstanalyse. Mange synest det er utfordrande å forstå kva det eigentleg betyr å forklare kva funksjon eit verkemiddel har i ein tekst.

Nøkkelen til å meistre dette er å lese gode modelltekstar, øve seg på eigne analysar og å få konstruktive tilbakemeldingar frå andre.

Del 1: "Tusen tegninger" av Karpe

Sit i par:

De skal lese teksten til Karpes song "Tusen tegninger". Viss de har songen tilgjengeleg, så høyr gjerne på han samtidig.

A. Kva er tema?

I par: Diskuter kva som er temaet i teksten.

B. Finn kontrastane

Eit viktig verkemiddel i songen er kontrastar.

  • Finn ulike døme på kontrastar i songen.

  • Diskuter: Kva funksjon meiner de kontrastane har i songen?

Del 2: Kva tekst er best om kontrastar?

Jobb saman i par.

Nedanfor finn de to avsnitt om kontrast som verkemiddel i "Tusen tegninger". Diskuter:

  1. Kva er forskjellen på korleis tekst 1 og tekst 2 skriv om funksjonen til verkemiddelet?

  2. Kva for ein av dei to tekstane forklarer den funksjonen kontrastane har, best? Grunngi svaret.

TEKST 1

Det er mange kontrastar i teksten av Karpe. Kontrastane "hvit og svart" og "rik og blakk" gjer songen meir spennande. Kontrastane fører til at vi les diktet på ein annan måte. Det er lettare å tenke seg kva kvart ord betyr, og det gjer teksten lettare å lese. Alle kontrastane skal fange merksemda til lyttaren.

TEKST 2

Det er mange kontrastar i teksten av Karpe. Kontrastane "hvit og svart" og "rik og blakk" viser at det lyriske eget er komplekst. Dei får òg fram at eget lever mellom to verder og kanskje ikkje kjenner seg godteke fordi han ikkje ser "typisk norsk" ut.

Del 3: Fasit, eller korleis skrive godt om funksjon?

Svaret i Tekst 2 er best om funksjonen til verkemiddelet. Alle setningane viser korleis verkemiddelet styrker temaet. I tekst 1 er setningane upresise om funksjon når det står at kontrastane

  • "gjer songen meir spennande"

  • "fører til at vi les diktet på ein annan måte"

  • "gjer teksten lettare å lese"

Målet når du skriv om funksjonen til verkemidla, er å vise korleis korleis dei får fram temaet i teksten. Derfor er det betre å skrive at kontrastane

  • "viser at det lyriske eget er komplekst"

  • "får fram at eget lever mellom to verder"

  • får fram at eget "ikkje kjenner seg godteke fordi han ikkje ser 'typisk norsk' ut"

Del 4: Øv på å skrive om funksjon

Jobb åleine:

Eit anna verkemiddel i songen "Tusen tegninger" er metafor. I tekst A har skrivaren prøvd seg på å skrive om metaforen "For jeg var fuglen på bakken, og han var tvunget til å ville kappe vingene av meg før jeg fikk sunget". Men denne gongen òg blir det litt upresist:

Metaforen "jeg var fuglen på bakken" skal få lesaren til å sjå for seg biletet og situasjonen. Det gjer teksten spennande og vi får lyst til å lese vidare. Det får oss til å lage bilete i hovudet.

  1. Omformuler avsnittet slik at du skriv presist om korleis metaforen understrekar temaet i songen.

  2. Byt tekst med ein annan elev i klassen og gi kvarandre tilbakemelding på om de har lykkast med å skrive godt om funksjonen til metaforen.

Svarforslag

Det er mange ulike måtar å skrive godt om metaforen på. Under ser du tre ulike svarforslag. Det dei har felles, er at dei viser korleis metaforen får fram temaet i songen:

  1. Ved å bruke metaforen "jeg var fuglen på bakken" framstiller forfattaren det lyriske eget som noko forsvarslaust, ein forskremd fugl som ikkje kan forsvare seg mot "dei andres" blikk.

  2. Når stemma i diktet bruker metaforen "kappe vingene av meg", viser hen korleis det kjennest å bli møtt med fordommar på grunn av namn og utsjånad. Det er som å miste fridommen, slik ein fugl mistar fridommen sin til å fly viss han mistar vengene sine.

  3. Fuglemetaforen får fram korleis det er å bli sett på som annleis og ikkje passe inn i samfunnet.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.08.2025