Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Skriv om retorikk med og utan KI

Korleis kan du bruke ein praterobot som skrivehjelp? Prøv ut, diskuter og få tips om kva som er smart bruk av KI i ein skriveprosess.

Oppgåve 1. Skriv om retorikk

I denne oppgåva skal du jobbe med å forklare appellformene både med og utan hjelp av kunstig intelligens.

Del 1: Skriv sjølv

Vel anten A eller B og skriv eit kort avsnitt:

  1. Korleis kan ein talar bruke etos for å skape tillit?

  2. Kva er forskjellen på patos og logos?

Del 2: Be prateroboten forklare

No skal du be ein forklare det same. Legg inn eitt av dei to spørsmåla:

  1. Korleis kan ein talar bruke etos for å skape tillit?

  2. Kva er forskjellen på patos og logos?

Del 3: Endre på teksten

Bruk prateroboten sitt svar som utgangspunkt, men endre og juster teksten, slik at han blir meir utfyllande og meir presis i forklaringane.

Gjer minst to av endringane under:

  • Legg til eitt eller fleire konkrete døme.

  • Presiser omgrep som KI forklarte for vagt eller for vanskeleg.

  • Forenkle eller tilpass språket.

  • Knyt svaret til noko de har lært i norsktimane tidlegare.

Del 4: Diskuter med ein medelev

  1. Kva for endringar valde de å gjere, og kvifor?

  2. Kva er forskjellen på å godta prateroboten sitt svar som det er, og å jobbe vidare med det sjølv?

Oppgåve 2. Retorisk analyse med KI-støtte

I oppgåve 1 var oppdraget å skrive eit avsnitt om retorikk og bruke KI som støtte. No skal de jobbe vidare med å bruke KI som støtte til å forbetre ein retorisk analyse de allereie har skrive.

Til lærar

Elevane kan bruke ein analyse dei allereie har skrive, eller dei kan få ei ny analyseoppgåve. Uansett er det viktigaste her at elevane skriv sjølv først.

Forslag til oppgåver

Analyser ein reklamefilm

Retorikk til forsvar for gutane

Analyser ein reklameannonse

Tips!

Å skrive gode instruksar er viktig for å få gode svar. Skriv heilt konkret kva du vil at prateroboten skal gjere. Døme: Gi meg tilbakemelding på dette avsnittet i ein retorisk analyse. Har eg forklart godt nok?

I tillegg kan du be han svare på ein heilt bestemd måte. Du kan til dømes be han skrive enklare, bruke fagomgrep og forklare ved hjelp av døme.

Del 1: Jobb først sjølvstendig

  1. Lag ein instruks, altså ei bestilling til prateroboten om å sjå på innhaldet i analysen din. Tenk over kva du vanlegvis pleier å få tilbakemelding på frå læraren. Du kan til dømes be roboten sjå spesielt på om du

    • forklarer godt og presist

    • bruker fagomgrepa korrekt

    • bruker døme og sitat for å underbygge påstandar

    • har avsnitt som berre handlar om eitt moment

  2. Lim inn teksten din i skrivefeltet til roboten. Det kan vere lurt å starte med enkeltavsnitt frå hovuddelen før du ser på heilskapen.

  3. Gå gjennom tilbakemeldingane roboten gir. Er du einig i desse? Det er ikkje sikkert han har dei beste forslaga.

Del 2: Diskuter svara

I par:

  1. Diskuter nokre av forslaga de har fått frå prateroboten. Er dei gode? Forstår de kva roboten meiner kan bli betre?

  2. Hjelp kvarandre med å omformulere eit avsnitt kvar der de bruker innspela frå prateroboten. NB! De lærer mest om de skriv inn med eigne ord, ikkje klipper og limer direkte frå svaret til roboten.

Del 3: Jobb sjølvstendig med heil tekst

Når du har teke for deg alle avsnitta i analysen din, også innleiinga og avslutninga, skal du sjå på heilskapen.

  1. Start med å lese oppgåveteksten på nytt. Les så gjennom heile teksten din. Har du svart på alt oppgåva ber deg om å gjere?

  2. Les så teksten høgt for deg sjølv for å kontrollere at han flyt godt. Dersom du må lese noko fleire gonger, må du sannsynlegvis omformulere det for å få teksten til å henge betre saman. Prøv deg sjølv før du ber om hjelp.

  3. Be prateroboten om å gi tilbakemeldingar på heile teksten. Du kan til dømes be roboten sjå spesielt på om du har

    • svart på oppgåva

    • ein god flyt gjennom heile teksten

    • ei tydeleg innleiing og avslutning

    • skrive korrekt norsk

      Tips!

      Du kan legge inn oppgåveteksten i instruksen du gir roboten, og be han sjekke at du har svart på det oppgåva ber deg om å gjere.

  4. Gjer dei endringane du er einige med prateroboten i. Hugs at praterobotar ikkje "kan" noko, han berre svarer det som er sannsynleg. Du bør derfor alltid sjekke fakta som han gir deg, om både innhald og språk.

  5. Skriv ein logg der du forklarer korleis du har jobba med teksten undervegs. Ein logg kan innehalde desse punkta:

    1. kva for ein praterobot du har brukt

    2. kva for instruksar du har gitt roboten

    3. kva for råd du fekk

    4. kva for råd du brukte

    5. kva du har lært av å jobbe med rettleiing frå prateroboten

Skrive av Synnøve Skare Baade.
Sist oppdatert 08.12.2025