Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Retorisk analyse av ein politisk appell

Målet med å analysere ei utsegn er å forstå korleis avsendaren prøver å påverke mottakaren. Då bør du gå i djupna og sjå på samanhengen mellom språklege verkemiddel og appellformer.

Sjå ein appell

Siv Jensen var leiar for Framstegspartiet frå 2006 til 2021. Sjå den politiske appellen hennar under (lengde 0:55).

Siv Jensen sin sluttappell før kommunevalet i 2007. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Ein politisk appell med ein klar bodskap

I forkant av kommuneval og stortingsval er det ei rekke partileiardebattar på NRK. Etter den siste debatten får alle partileiarane eitt minutts taletid kvar til ein sluttappell. Les Siv Jensen sin appell frå 2007 nedanfor, eller sjå klippet.

"Kjære veljar!

Då Frp foreslo å innføre fritt sjukehusval, blei vi latterleggjort. I dag er det gjennomført. Då vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, blei vi òg latterleggjort. I dag er det delvis gjennomført. Då vi snakka om søndagsopne butikkar, lo dei av oss. I dag ser vi det som sjølvsagt.

No blir vi latterleggjort fordi vi ønsker lovfesta eldreomsorg, finansiert av folketrygda. Fordi vi ønsker fritt skuleval med ei statleg stykkprisfinansiering. Fordi vi ønsker å bruke litt meir av det gigantiske overskotet vårt på å bygge trygge vegar utan bommar, og fordi vi ønsker ein streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

Men du veit at dette vil gi deg og familien din tryggleik, valfridom og verdigheit. Derfor skal du røyste Framstegspartiet måndag 10. september. Godt val!"

Del 1: Å forstå mål og meining

Les heile appellen. Skriv ned

  • kva som er Siv Jensen sitt mål med denne appellen
  • korleis ho prøver å overtyde lyttarane

Samanlikn med ein annan i klassen. Har de skrive det same?

Del 2: Å "avsløre" dei språklege verkemidla sendar bruker

I denne delen av oppgåva kan du velje nivå sjølv. Målet er å bruke fagomgrep om dei språklege verkemidla Jensen bruker i appellen sin. Dersom du trur du klarer å setje namn på verkemidla utan hjelp, så gjer det. Om du vil ha nokre hint på vegen, kan du finne dette lengre ned på sida.

  • Les det første avsnittet. Kva for eit språkleg verkemiddel bruker Siv Jensen gjennomgåande i dette avsnittet? Skriv ned det riktige fagomgrepet på ein lapp. Byt lapp med sidemannen. Skreiv de det same? Dersom de ikkje skreiv det same: Forklar kvarandre kvifor de skreiv det de gjorde.
  • Kvifor meiner du ho bruker dette verkemiddelet? Korleis skal det bidra til å styrke Jensen sin bodskap?
  • Les det andre avsnittet. Kva fagomgrep vil de bruke om det språklege verkemiddelet her? Korleis kan du sjå på dette som ei fortsetting av det første avsnittet?
  • Gjer det same med det tredje avsnittet.
  • Samanlikn med sidemannen igjen. Har de skrive dei same fagomgrepa og lagt merke til like verkemiddel? Forklar kvarandre om de har ulike funn.
Hint

Avsnitt 1: Finn strukturen i appellen

Då Frp foreslo å innføre fritt sjukehusval, (a)
blei vi latterleggjort. (b)
I dag er det gjennomførte. (c)

Då vi foreslo å innføre stykkprisfinansiering i helsevesenet, (a)
blei vi òg latterleggjort. (b)
I dag er det delvis gjennomført. (c)

Då vi snakka om søndagsopne butikkar, (a)
lo dei av oss. (b)
I dag ser vi det som sjølvsagt. (c)

Avsnitt 2: Kva for fraser blir gjentekne?

No blir vi latterleggjort fordi vi ønsker lovfesta eldreomsorg, finansiert av folketrygda. Fordi vi ønsker fritt skuleval med ei statleg stykkprisfinansiering. Fordi vi ønsker å bruke litt meir av det gigantiske overskotet vårt på å bygge trygge vegar utan bommar, og fordi vi ønsker ein streng og rettferdig innvandrings- og integreringspolitikk.

Avsnitt 3: Kva for funksjon har dei verdiladde orda?

Men du veit at dette vil gi deg og familien din tryggleik, valfridom og verdigheit. Derfor skal du røyste Framstegspartiet måndag 10. september. Godt val!

Del 3: Å kople saman språklege verkemiddel og appellformer

Når Siv Jensen bruker språklege verkemiddel som kontrastar og gjentakingar, er det ei form for skjult argumentasjon. Den skjulte argumentasjonen speler ofte på kjenslene våre og skal bidra til å styrkje patos.

Den skjulte argumentasjonen kan òg ha som mål å auke avsendaren sin etos.

Diskuter i grupper: Synest de dei ulike språklege verkemidla bidrar til å auke etos- eller patosappellen i Jensen sin tale? Grunngi svara dykkar.

Del 4: Å skrive avsnitt i retoriske analysar

I denne siste oppgåva skal du øve deg på å skrive eit avsnitt i ein retorisk analyse.

Målet med avsnittet er å vise korleis dei språklege verkemidla bidrar til å styrke etos- og/eller patosappellen i Siv Jensen sin tale.

Du kan sjå nærmare på ein modelltekst i artikkelen "Å skrive avsnitt om verkemiddel og appellformer"

Tips til kva du kan skrive om
  1. Skriv eit avsnitt om korleis tredelinga av det første avsnittet styrker etosappellen.
  2. Skriv eit avsnitt om korleis gjentakingane i avsnitt 1 og 2 er ei form for skjult argumentasjon.
  3. Skriv eit avsnitt om korleis dei verdiladde orda i det siste avsnittet speler på kjenslene til mottakarane.
Skrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.05.2026