Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Skriv ein novelleanalyse

Korleis bygger du opp ein novelleanalyse? Og kva betyr det eigentleg å "analysere" ei novelle? Her skal du få tips som kan hjelpe deg med å skrive ein analyse av noveller.

Del 1: Kva betyr det å skrive novelleanalyse?

Før du skal skrive ein analyse, er det viktig at du har klart for deg kva sjangeren går ut på. Kva betyr det eigentleg å skrive ein novelleanalyse?

Kva gjer ein god novelleanalyse?

  • Ein god novelleanalyse viser at du har forstått både kva novella fortel, og korleis ho fortel det.

  • Du må få fram heilskapen – ikkje berre gi att handlinga, men sjå på korleis personar, miljø, språk og oppbygging heng saman for å skape meining.

  • I ein analyse ser du bak det som skjer på overflata, og prøver å finne ut kva teksten eigentleg vil seie, altså kva som er temaet i novella.

  • Ein god novelleanalyse fortel korleis ulike verkemiddel får fram temaet i novella.

Oppgåve: Vurder to ulike analysar

Under ser du eit utdrag frå to ulike analysar av novella "Blodspor". Begge avsnitta handlar om komposisjonen i novella.

  • Klarer de å peike på kva som er forskjellen på dei to utdraga?
  • Bruk dei fire punka under overskrifta "Kva gjer ein god novelleanalyse?" til å vurdere kva tekst som er best av Analyse 1 og Analyse 2.

Analyse 1

Novella er i stor grad skriven som ei blanding av handlings- og tankereferat. Handlingreferatet er fortalt gjennom auga til guten: "Mens han løper, snur han hodet og kaster et raskt blikk på disse små blodsporene". Alt i alt bidreg referatet til å skape ei stressa stemning. Ei av årsakene er at det hektiske verbet "løpe" blir gjenteke fleire gonger. Guten "løper", og alle andre rundt han "løper". Særleg i det første avsnittet dominerer dette verbet og viser slik den einaste reaksjonen du kan ha i møte med bomber frå himmelen – flykte og håpe på det beste. Ved å repetere verbet viser forfattaren kor hjelpelause barn, og vaksne, er i møte med krigsmaskineriet.

Analyse 2

Forteljarmåten i novella er prega av både handlings- og tankereferat. Dette ser vi mellom anna i innleiinga, der det både står "Han blir redd" og "han begynner å løpe". Verbet "løpe" blir repetert mange gonger i løpet av novella. Det same gjer orda "blod" og "hjerte". Handlingsreferata handlar om korleis guten flyktar frå bombene, og etter kvart døyr. Tankereferata handlar om kor redd guten er. Mot slutten viser både handlingsreferata og tankereferata at guten døyr.

Løysing

Del 2: Start med å analysere novella di

No tek vi deg gjennom arbeidet med å analysere di eiga novelle, trinn for trinn.

A. Lag eit tankekart

  1. Les novella.

  2. Lag deg eit tankekart der du skriv det du meiner er temaet i novella i midten og namn på verkemiddel rundt temaet. Skriv i tillegg inn sitat frå novella og refleksjonar om korleis verkemiddelet får fram temaet.

Under ser du eit døme på eit tankekart som er laga til novella "Blodspor". Du kan bruke dette som utgangspunkt når du skal lage ditt eige tankekart.

Innhald i tankekartet over – punkt

Tema

Korleis uskyldige barn må lide i krig. Forfattaren skaper sympati for guten. Vil vi skal leve oss inn i skjebnen hans.

Avslutninga

Kommentar frå forfattaren. Tørt språk. Kontrast til historia og viser at skjebnen til guten ikkje er unik. Dessutan viser avslutninga at handlinga er frå krigen i gamle Jugoslavia.

Symbola

"Blod" og "hjerte". Gjentakingar. Blodet symboliserer død. Det blir meir og meir blod. Hjartet symboliserer liv. I starten slår det fort, men etter kvart – før han døyr – langsamare.

Tankereferata

Vi får innsyn i tankane til guten. Viser kontrasten mellom den brutale krigen og barnlege tankar: Viser redsle, lesaren vil hjelpe: "Han er redd", "Hans vesle hjerte slår veldig hardt".

Gjentakingane

"Han", "løper", "blod" og "hjerte". Gjentakinga av "løper": Hektisk stemning. Alle gjentakingane styrker temaet ved at vi synest synd på guten, som berre burde leike og ha det gøy.

B. Skriv innleiinga

Skriv ei innleiing der du presenterer novella. Her er det mange måtar å gå fram på. Under ser du to forslag som er meir kreative enn å berre skrive ein tørr presentasjon.

Innleiinga som reflekterer over temaet

Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krig frå ulike delar av verda på nyheiter eller les om det i aviser. "Triste greier", tenker vi kanskje, slår av tv-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "angår oss". Novella "Blodspor", skriven av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Ho gir eit innblikk i korleis ein krig blir opplevd gjennom auga til ein liten gut.

Legg merke til: Innleiinga er todelt. Den første delen er ein refleksjon som set temaet i novella inn i kontekst. Den andre delen er ein presentasjon av novelle og forfattar.

Sitat-innleiinga

"Hjertet slår like raskt og like hardt, det vil ikke roe seg ned. Han er fremdeles redd som aldri før, og han løper og løper og er helt alene". Slik beskriv forfattaren Bakir Ahmethodzic flukta til ein liten gut i novella "Blodspor". Novella gir eit innblikk i korleis ein krig rammar uskyldig.

Legg merke til: Skrivaren har valt eit sitat frå novella som får fram temaet og stemninga godt. Resten av innleiinga presenterer teksten og forfattaren.

C. Skriv om motiv og tema

Skriv to avsnitt: Først skal du skrive eit avsnitt om motivet i novella, deretter eit avsnitt om temaet. Hugs at motivet skal presentere handlinga i novella utan å tolke teksten. Når du skriv avsnittet om temaet, skal du skrive om kva forfattaren ønsker å formidle med teksten sin.

Avsnitt om motiv

Motivet i novella er ein liten gut som spring frå noko skremmande. Dei fleste setningane i første halvdel beskriv løpinga til guten og dei fysiske reaksjonane han har i denne korte flukta: "Hjertet hamrer", han er "redd" og betraktar "større bloddammer". Omtrent midtveges i den korte novella kjem det fram at det guten spring frå, er ein sterk lyd, sannsynlegvis ei bombe. Denne andre bomba kastar guten over ende og fører til at hjartet hans sluttar å slå – altså døyr han. Avslutningvis kan vi lese setningar frå forteljaren sjølv som kommenterer teksten: "Alle gatene i Sarajevo har blitt sånn: Noen rakk enden – og noen gjorde det ikke".

Legg merke til: Skrivaren bruker sitat frå novella for å referere handlinga.

Avsnitt om tema

Denne siste setninga viser kva som er temaet i novella: krig – eller nærare bestemd – den nådelause krigen som drep uskyldige små barn. Ved å la hovudpersonen vere ein liten gut gir forfattaren oss eit anna innblikk i råskapen til krigen enn det vi vanlegvis får gjennom nyheiter. Ahmethodzic har nok valt denne uskyldige guten som hovudperson for å bevege oss lesarar ekstra. Det er kjent at vi ofte har ekstra medkjensle med dei små. Dei står fram som endå meir uskyldige offer for brutaliteten til krigen enn ein vaksen hovudperson ville gjort.

Legg merke til: Skrivaren beskriv temaet og viser til dei viktigaste grepa forfattaren har gjort for å få fram dette.

D. Skriv om komposisjonen

Beskriv komposisjonen. Her skal du berre skrive om det som er til stades i novella, ikkje det som ikkje er der. Du skal altså ikkje skrive "Novella har ikkje parallellhandlingar", dersom ho ikkje har det. Då hoppar du berre over dette punktet.

Under ser du forslag til kva du kan legge merke til:

  • Kor langt tidsrom går novella over?
  • Er handlinga kronologisk fortalt?
  • Er det tilbakeblikk i novella? Kva funksjon har i så fall desse?
  • Har novella parallellhandlingar? Kvifor har i så fall forteljaren valt denne komposisjonen?
  • Har novella eit tydeleg høgde- eller vendepunkt? Eller er spenningskurva flat?

E. Skriv om forteljar og synsvinkel

Du bør alltid presentere forteljaren og synsvinkelen i novella. I tillegg bør du reflektere noko over kvifor forfattaren har valt akkurat denne synsvinkelen. Men legg merke til at val av synsvinkel er viktigare i nokre noveller enn andre. Så ikkje skriv lange avsnitt om synsvinkelen om du ikkje synest du får til å forklare kvifor akkurat denne er valt.

Eit avsnitt som viser kva funksjon val av synsvinkel har

Forteljaren er autoral og allvitande. I store delar av teksten ligg synsvinkelen hos den vesle guten. I mesteparten av novella får vi berre innsikt i tankane og kjenslene til guten. Men samtidig står det at "den lille hjernen hans skjønner ingenting", ein kommentar som guten sjølv ikkje kunne tenkt. Her er det den allvitande forteljaren som bryt inn og tolkar tankane til hovudpersonen, og det er ei setning som viser kor uforståeleg og skremmande ein krig kan vere for ein uskyldig gut. Særleg tydeleg kjem den allvitande forteljaren til syne til slutt. Han kjem med ein metakommentar som fortel at skjebnen til guten ikkje er unik, og kommenterer med det sin eigen tekst.

F. Skriv resten av hovuddelen

No skal du skrive resten av analysen. Det som er viktig, er at du vel å skrive om det som er viktigast. Viss novella er full av detaljerte miljøskildringar som er viktige for temaet, så skriv mykje om dette.

Men kanskje er ikkje miljøskildringane viktige i det heile? Dropp det! Det kan vere at den novella du har framfor deg, krev tre avsnitt om språklege bilete som metaforar, besjelingar og symbol.

Her er tips til kva som kan vere viktig i ei novelle:

  • Personskildringa: Er ho direkte eller indirekte? Kvifor er dette viktig for korleis vi oppfattar karakterane?
  • Miljøskildringa: Korleis bidreg denne til å karakterisere omgivnadene til karakterane? Skaper ho kanskje ei spesiell stemning i novella? Korleis?
  • Språklege bilete. Er det mykje bruk av metaforar, symbol, besjelingar, personifikasjonar eller metaforar? Kva funksjon har i så fall desse?
  • Andre språklege verkemiddel: Bruker kanskje forfattaren verkemiddel som kontrastar eller verdiladde ord? Ellar kva med setningsoppbygginga? Blir denne brukt bevisst for å skape ei stemning eller få fram tematikken?

Hugs funksjon!

Same kva du skriv om, hugs kva som er målet med analysen din: Du skal vise korleis temaet kjem til syne gjennom skrivestilen.

Del 3: Avslutninga

Det er tallause måtar å skrive ei avslutning på. Men her får du to gode tips:

  • Lag gjerne ein sirkelkomposisjon. Om du har reflektert over temaet i innleiinga, grip fatt i denne refleksjonen i avslutninga.
  • Det er lov, og ofte ein styrke, å reflektere sjølvstendig over temaet til slutt.

Innleiinga

Dei fleste menneske i Noreg har aldri opplevd ein krig. I staden ser vi innslag om krig frå ulike delar av verda på nyheiter eller les om det i aviser. "Triste greier", tenker vi kanskje, slår av tv-en og loggar oss på Instagram for å sjekke siste nytt som verkeleg "angår oss". Novella "Blodspor", skriven av Bakir Ahmethodzic, handlar om ein slik krig som vi i Noreg erfarte på avstand. Den gir eit innblikk i korleis ein krig opplevast gjennom auga til ein liten gut.

Avslutning med sirkelkomposisjon og sjølvstendig refleksjon

Det er ved å skape denne kontrasten og innlevinga at forfattaren kan vekke oss lesarar, som vanlegvis berre les om krig i aviser og ser det på tv. Slik viser forfattaren kva styrke skjønnlitteraturen har: Ved å gi oss innsikt i eit uskyldig enkeltindivid sin skjebne kan han vekke oss.

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 26.08.2025