Øvelse
Sjå nærare på festtalen
Oppsummeringsspørsmål (og litt refleksjon)
Les fagteksten om festtalar svar på spørsmåla:
- Nemn tre-fire ulike typar festtalar.
- Festtalen skal både underhalde og overtyde. Men kva formål er viktigast? Grunngi svaret.
- Korleis skil argumentasjonen i ein festtale seg frå argumentasjonen i ein politisk tale?
- Nemn nokre formelle reglar som gjeld for festtalar.
- Korleis kan vi lage ein festtale som fengjer? Nemn nokre "knep".
Relatert innhald
Humor som passar til situasjonen
Sjå på det korte klippet nedanfor og jobb med spørsmåla:
Kairos (talesituasjonen):
- Kva slags fest eller tilstelling er det vi får sjå i klippet?
- Kvar er det festen går føre seg?
- Kva fortel oss at dette er ein formell situasjon?
- Kven er talaren?
- Kven er publikum?
- Har talaren ei likeverdig, overordna eller underordna rolle overfor tilhøyrarane?
- Kva slags emne passar det dårleg å snakke om på ein slik fest, og kva slags ord og uttrykk bør vi unngå?
Aptum (det som er passande)
- Kva er formålet med den vesle historia vi får høyre?
- Kva er det ungdommen som fortel historia, spøkjer med?
- Passar humoren til situasjonen? Kvifor (ikkje)?
Tale (utdrag). Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0
Aptum
Omgrepet áptum er henta frå latin og tyder "det som er passande".
Talarens ord skal passe til emne, talesituasjon, publikum og til talaren sjølv.
I tillegg skal dei enkelte delane av talen hengje godt saman og utgjere ein harmonisk heilskap.
Kjelde: Eide, T. (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.