Fagartikkel
Enkel taledisposisjon
Menneske vi er glade i fortener av og til nokre gode, velvalde ord. Lær korleis du byggjer opp ein enkel hyllesttale.

Konfirmasjonar, bryllaup, bursdagar og andre festdagar og jubileum – det passar alltid med ein kort og hyggeleg tale.
Når du skal halde ein hyllesttale, kan du til vanleg rekne med eit lydhøyrt og positivt innstilt publikum. Jobben din blir å vise kvifor du (og tilhøyrarane) set pris på den du snakkar om. I tillegg skal du gi publikum ei hyggeleg oppleving. Slik kan du byggje opp talen din:
- Hils på tilhøyrarane og sørg for at du får merksemda deira.
- Du kan til dømes fortelje ei lita, morosam historie, du kan starte med nokre visdomsord, eller du kan kome med ein påstand eller eit spørsmål som gjer publikum nyfikne.
- Fortel kven du skal snakke om.
- Sei noko om bakgrunnen til denne personen. Det kan vere oppvekst, familie, yrke/karriere og liknande.
- Fortel kort kvifor du har valt å snakke om denne personen.
- Nemn tre eigenskapar som utmerker denne personen, og kom med døme som provar at personen eig desse eigenskapane.
- Du kan nemne ein (tilsynelatande) veikskap ved personen, men då helst på humoristisk vis. Det er ros, ikkje ris, som er formålet med hyllesttalen.
- I avslutninga kjem du med ei oppsummering og/eller ein konklusjon.
- Avslutninga skal ikkje innehalde nokon heilt nye punkt.
- Du kan avslutte med ei oppfordring (ein skål, eit hurra osv.) om det passar.