Studer tre samiske dikt
Del 1: Les og diskuter tre dikt
A. Jobb åleine
Under finn du tre dikt av Risten Sokki. Les dei tre dikta og skriv ned notat om kva du meiner er
temaet i tekstane. Grunngi svaret ditt.
viktige verkemiddel i tekstane. Kom med døme.
B. Gå saman med medelevar
Gå saman med ein eller fleire medelevar. Samanlikn svara dykkar.
Tekst 1
I Sápmi
lengst nord på jorda
fikk jeg tråkke egne stier
Suge i meg
naturens gaver
Nyte fargene
i koftepynten
Mate ørene
med mitt eget språk
Tekst 2
Barnet mitt
Nå som det er din tur
å tråkke stiene
i Sápmi
Nå som du farer fram
så fort så fort
Ber jeg
tordenguden
buldre
nå og da
Så du blir nødt
å snu deg
Så du ser
dine egne spor
Tekst 3
Jeg er født i 1954
skriver
med Macintosh
Stjernene
viser vei
Urmødrene
løfter faklene
når det behøves
Del 2: Les og skriv om kontekst til dikta
Under finn du ein film om samisk litteratur.
Sjå filmen (lengde 7:25).
Les dikta ein gong til. Korleis forandra oppfatninga di av dikta seg etter at du hadde lese om konteksten?
Gå tilbake til notata dine om tema og verkemiddel. Lag ei eiga overskrift som heiter "Tekst i kontekst". Under overskrifta skriv du ein tekst der du
set dei tre dikta inn i ein samisk kontekst
forklarar korleis dikta er typiske for tendensar innen samisk litteratur
Merkelappen "samisk litteratur"
Dei fleste forfattarane og skribentane har eit motstridande forhold til at nokon set merkelappar på litteraturen dei skriv, slik at tekstane blir stempla som typiske eller særeigne for eit tema, ein sjanger eller ein kultur. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor forfattarane kan vegre seg mot å bli "tagga" på ein slik måte – ein tekst rommar jo alltid så mykje meir enn det ein enkel merkelapp som "kvinnelitteratur", "queer-tekstar" eller "arbeidarlitteratur" kan dekke.
Det same gjeld sjølvsagt også merkelappen "samisk litteratur". Som lesarar må vi prøve å ha to tankar i hovudet på same tid: Vi må vere opne for at det ikkje finst noka enkel oppskrift på kva samisk litteratur er, for då står vi i fare for å stemple eller forenkle enkeltverk. På same tid er det fruktbart å vite noko om hovudtendensar som kan hjelpe oss å sjå typiske trekk ved det vi kan kalle samisk litteratur.
Følgande trekk er typiske for mykje av den samiske litteraturen:
- Rein og reindrift er brukte både som konkret motiv, språkleg bilete og tema i samisk litteratur.
- Forholdet til naturen er eit anna viktig tema.
- Urfolks- og minoritetsperspektivet finn vi i mange tekstar.
- Tap av språk og identitet blir også tematisert i mange tekstar.
Desse tendensane skal du no prøve å sjå etter i nokre konkrete tekstar.
Forfattaren Risten Sokki
Dikta du no skal jobbe med, er skrivne av den den nordsamiske forfattaren Risten Sokki (1954–). I tekstane sine er ho særleg oppteken av spora etter dei som har levd før oss, spora etter dei som forsvann. Oldefaren til Sokki heitte Aslak Jakobsen Hætta og var ein av leiarane i Kautokeino-opprøret i 1852, den einaste konflikten mellom samar og norske styresmakter som har endt med tap av menneskeliv. Samiske opprørarar drap både den norske landhandlaren og lensmannen i Kautokeino. Då andre samar greip inn og overmanna opprørarane, førte det til tap av to samiske liv. To av leiarane for opprøret, mellom dei oldefar til Risten Sokkis, blei dømde til døden og halshogde av norske styresmakter etterpå.
Slik er opprøret skildra i ein scene (lengde 3:06) frå Nils Gaups film om Kautokeino-opprøret:
Denne dramatiske familiehistoria har inspirert Sokki til å gå i spora etter forfedra: Kva gjekk tapt då oldefaren blei avretta? Korleis hadde oldemora det som enke og mor til to små barn? Og har arven etter forfedra våre noko som helst å seie for oss moderne menneske?
Dikta til Sokki er ofte korte og konsise – slik mange samiske dikt er. Kanskje er det joiken som har farga lyrikken? Dei dikta du no skal jobbe med, er henta frå diktsamlinga Jeg tvinner tvinner slektas sener, som kom ut i 1996. Du finn den norske språkversjonen i oppgåvesettet nedanfor.
Del 3: Diskuter kontekst i grupper
Gå saman i grupper:
Forklar kvarandre kva de skreiv om samiske dikt i kontekst.
Tenk gjennom spørsmåla under og diskuter dei med ein medelev. Noter stikkord om det de kjem fram til.
Kva for allmennmenneskelege erfaringar handlar dei tre dikta om?
Kva i dikta er typisk for ein samisk kontekst?
Kva kan Risten Sokki sine dikt seie oss om det å vere eit menneske i ei moderne tid?