Samanlikn dikta!

Tekstane
- Diktet " Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas er henta frå samlinga I ein annan skog som kom ut i 1955.
- Diktet " Hvilket rom har bare plass til én?" av Gro Dahle er henta frå diktsamlinga Regnværsgåter frå 1994.
Del 1: Forstå dikta enkeltvis
Ein god teknikk når du skal samanlikne dikt, er å først konsentrere deg om det eine diktet og gjere deg opp ei meining om kva det handlar om. Prøv deretter å gløyme dette diktet litt og berre fordjupe deg i det andre diktet. Sjølve samanlikninga konsentrerer du deg om i ein tredje fase.
- Først skal du jobbe heilt aleine. Ikkje snakk med andre i klassen: Les dikta "Ord over grind" tre–fire gonger. Skriv ned ei setning som skal samanfatte kva som er tema i diktet: Tema i diktet er ....
- Gjer det same med det andre diktet.
- Samanlikn med to–tre andre i klassen. Har de skrive det same, eller har de heilt ulike meiningar? Forklar dei andre kvifor de tolka diktet som de gjorde.
Del 2: Kvifor akkurat desse to?
Kvifor er det akkurat desse to dikta som er sette saman? Kva skal eg sjå etter? Det er gode spørsmål å stille seg når du skal samanlikne dikt.
Jobb aleine og skriv ned svar på dette:
- Har desse dikta nokon tematiske likskapar?
- Er det nokon viktige forskjellar mellom dikta?
- Samanlikn svara dykkar med andre i klassen.
Del 3: Nærles dikta
Neste steg er å forstå korleis forfattarane har skrive dikta sine for å formidle tema. Om du har arket framfor deg på papir, må du ha ein penn eller blyant i handa. Viss du ser på skjerm, bør du lime diktet inn i eit dokument der du kan skrive inn kommentarar:
- Les først "Ord over grind". Marker alle verkemiddel du synest får fram temaet. Skriv fagomgrepet i margen på arket.
- Gjer det same med "Hvilket rom har bare plass til én?".
- Oppsummer på tavla: Skriv alle fagomgrepa de i klassen vil bruke om dikta og vis kor i teksten de har funne verkemidla.
Del 4: Diskuter dikta
Kva vil eigentleg desse dikta seie dykk? Går det an å vere ueinig eller einig med det lyriske eg-et i dikta? Skriv ned eigne argument eller røynsler og diskuter med resten av klassen. Bruk gjerne sitat frå dikta i diskusjonen.