Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Marja Bål Nango

Marja Bål Nango (1988–) er ein samisk kunstnar og filmskapar. Fleire av filmane hennar har blitt viste på filmfestivalar i inn- og utland. Filmutdanninga si har ho frå Nordland kunst- og filmfagskole og film- og fjernsynsvitskap ved Høgskolen i Lillehammer.

Om kunstnaren

Nango blei årets unge kunstnar under den internasjonale urfolksfestivalen Riddu Riđđu i 2011. I 2015 fekk ho debutantprisen Skårungen for kortfilmen Hilbes biigá. Skårungen er ein pris på 25 000 kroner som blir delt ut av Nordnorsk filmsenter.

Andre utmerkingar og nominasjonar

  • Nango var nominert til Tromsøpalmen (2015) ved Tromsø International Film Festival (TIFF), ein pris som blir delt ut til den beste filmen i sideprogrammet Film fra nord.
  • Ho blei tildelt kortfilmfestivalens UR-pris (2015), som er oppretta av Kunnskapsbanken i Sverige.

  • Nango blei plukka ut til å delta i konkurranseprogrammet ved både Kortfilmfestivalen i Grimstad og Nordisk Ungdoms Filmfestival.

Om filmen Halvt ditt og halvt datt

Nangos dokumentarfilm Halvt ditt og halvt datt (2011) undersøker kva det vil seie å vere fleirkulturell. Filmen presenterer intervju med personar som høyrer til fleire kulturar. Han diskuterer spørsmål som:

  • Kan ein same gifte seg med ein nordmann?
  • Kan barnet mitt gå med bunad?
  • Kva for språk skal vi snakke heime?

Sjå innslag om filmen Halvt ditt og halvt datt på NRKs distriktsnyheter Nordnytt (lengde 2:25).

Tekst til introduksjonen av filmskaparen

(0:00–0:20)

Ein ung samisk filmskapar vil ikkje ha ein norsk mann som far til ungane sine fordi ho vil ta vare på samisk identitet. Ho ønsker ikkje at ungane berre skal vere halvt samiske, og ho håper dokumentaren skaper ny debatt. Filmen skal visast under filmfestivalen i Tromsø.

Til refleksjon: Kva vil det seie å vere fleirkulturell? Kva for fordelar og ulemper kan det ha å vekse opp i ein fleirkulturell familie, der ein av foreldra er norsk, mens den andre er frå ein annan kultur?

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 06.01.2026