Kvensk litteratur
Sjå filmen
Lær om kvenar og kvensk kultur i denne filmen (lengde 7:38):
Kva er kvenlitteratur?
Omgrepet kvenlitteratur blir brukt om tekstar som tek for seg kvensk historie, kultur og identitet. Omgrepet bør oppfattast så ope som mogleg. Det viktigaste er å forstå at denne litteraturen skil seg frå annan litteratur i nordområdet, som til dømes samisk litteratur. Kvenlitteratur er litteratur som gjer den kvenske stemma og identiteten synleg.
Tidleg kvensk litteratur
Tidleg kvensk litteratur er knytt til gamle kvenske tradisjonar. Dette er den eldste delen av litteraturen og består mellom anna av
munnlege forteljingar, folkedikting og folkeviser
barnesongar og sjømannssongar
religiøse tekstar, talar og songar
Også reiseskildringar, tekstar som bygger på verkelege hendingar og aviser på finsk som blei gitt ut i Noreg, blir rekna med her.
Kvenar
Omgrepet kven omfattar alle med finsk språk- og kulturbakgrunn og etterkommarane deira som har komme til Nord-Noreg før 1945.
I 1998 blei kvenane anerkjende som ein nasjonal minoritet, på lik linje med jødar, rom, romanifolket og skogfinnar.
Moderne kvensk skjønnlitteratur
Moderne kvensk skjønnlitteratur er skriven både på norsk og kvensk. Det viktigaste er kva tekstane handlar om, ikkje kva bakgrunn forfattaren har. Litteraturen kan til dømes vere påverka av både kvensk, norsk og samisk kultur.
Kvenske tekstar tek ofte opp spørsmål som
korleis det er å vere kven
tilhøyrsel og identitet
forholdet mellom kvenar og andre etniske grupper i området
Identitet blir her sett på som noko som kan utvikle seg og forandre seg, ikkje berre noko du er fødd med.
Visste du dette?
Kvensk fekk i 2005 status som offisielt minoritetsspråk i Noreg.
Forfattarar og bøker
Dei siste åra har det blitt meir merksemd rundt kvensk kultur, med fleire nye forfattarar og bokutgivingar.
I 2021 kom M. Seppola Simonsen (1998- ) ut med diktsamlinga Hjerteskog / Sydänmettä der delar av dikta er på kvensk. Hen fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for denne tospråklege diktsamlinga.
I boka Kvenske stemmer – om gjenskaping av identitet (2025) skriv 19 forfattarar om forholdet sitt til det å vere kvensk. Nokon av dei som bidreg i antologien, er forfattarane Ingeborg Arvola, Arve Henriksen, Ragnhild Margretha Mietinen Krüger, Bente Nordhagen og Merethe Eidstø.
Nokre andre kjende kvenske forfattarar og bøker
Fleire av tekstane i desse bøkene er gitt ut både på finsk og norsk:
Kornet og fiskene (1981), ein firebindsserie om den finske innvandringa til Finnmark av Idar Kristiansen
Flukten til havet (1985), ungdomsroman av Hans Kristian Eriksen
Niin saapi sanoa (1987), tekstsamling redigert av Olav Beddari
Eig hiva tøtta (1994), tekstsamling redigert av Reidun Mellem
Kuosuvaaran takana (2004), roman av Alf Nilsen-Børsskog
Første dans (2006), roman av Bente Pedersen
Kummitus ja Tähtipoika (2011), to barnebøker av Agnes Eriksen
