Øvelse
Knock-out
Les novella "Knock-out" av Håkon Jarle Sveen og jobb deretter med spørsmåla:
- Kvifor er det viktig at den unge mannen gjer ein god treningskamp nettopp denne kvelden?
- Han har vanskeleg for å konsentrere seg om boksinga, trass at mykje står på spel. Kvifor?
- Kvar kjem aggressiviteten frå som hjelper den unge boksaren å vinne den siste kampen sin?
- Kvifor trur du han slår til trenaren sin etter at siste kamp er over? Og kvifor reagerer ikkje trenaren med sinne på slaget?
- Bryr trenaren seg om den unge boksaren, eller er han berre oppteken av sportsleg suksess? Finn belegg i teksten for synet ditt.
- Kva kallar vi den typen opning (innleiing) på novella som forfattaren har valt?
- Kva slags forventningar skaper opningsreplikken hos deg som lesar?
- Innfrir novella desse forventningane? Grunngi svaret.
Velg ei av skriveoppgåvene nedanfor:
- Skriv eit kort samandrag (eit resymé) av handlinga i novella.
- Skift synsvinkel og la trenaren fortelje om det som skjer på boksesenteret denne kvelden.
- Den unge mannen kjem heim til leilegheita si seinare same kveld. Kva tenkjer og gjer han? Fortel.