Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kan du overtyde andre?

Veit du korleis du kan overtyde andre? Les om korleis du kan gå fram, og lag deretter ein kort appell.

Del 1: Sjekk at du har forstått

Les fagteksten "Ein strategi for å overtyde" og svar på spørsmåla:

  1. Kva er ein disposisjon?
  2. Kva for norske ord kan vi bruke i staden for dei latinske omgrepa exordium, narratio, argumentatio og peroratio?
  3. Forklar kort kva kvart av desse fire punkta i disposisjonen bør innehalde.
  4. Gi eksempel på korleis vi kan begynne ein tale.
  5. Kvifor må vi planlegge avslutninga godt?
  6. Forklar omgrepa confirmatio og refutatio.
  7. Kvifor bør vi i hovudsak leggje fram eigne argument i staden for å imøtegå motargument?
  8. Kva del av talen er raskast gløymd?

Del 2: Lag ein kort appell på eitt minutt

Du skal følge grunnoppskrifta til punkt og prikke. Emnet ditt kan vere humoristisk eller seriøst. Her er nokre forslag til saker:

  • Krav om tidlegare vår i Noreg (eller lengre sommar, eller meir snø osv.)
  • Flytting av nasjonaldagen til 17. juni slik at russen kan bli ferdig med eksamen før russefeiringa tek til
  • Lånesyklar til alle som vil sykle til skolen

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 05.02.2026