Korleis bygge opp avsnitt i lesarinnlegg?

Sjå på ein modelltekst
Her skal du få ei innføring i korleis du kan bygge opp eit avsnitt som har som mål å overtyde om ei sak. Innføringa bruker ein modelltekst for å vise deg korleis du kan setje opp avsnittet.
Nei til karakterar i kroppsøving
Modellteksten er eitt avsnitt i eit lengre lesarinnlegg som har som mål å overtyde om at karakteren bør fjernast i faget kroppsøving. I avsnittet prøver avsendar å overtyde både ved å vende seg til kjensler og fornuft.
Tips!
Bruk argument som både påverkar kjensler og fornuft. Dette er argumenta i modellteksten som appellerer til høvesvis kjensler og fornuft:
Kjensler
For mange er det fælt å måtte hoppe og løpe mens andre ser på.
Mange har ikkje lyst til å dusje saman med andre.
Idrett skal vere gøy og lystbetont!
Fornuft
Ungdataundersøkinga viser at skulepresset tynger ungdom. Kan kroppsøvingsfaget vere ein fristad?
Undersøkinga viser òg stort kroppspress. Karakterar vil auke dette.