Kommentert tekst: debattinnlegg
Kva er eit debattinnlegg?
Eit debattinnlegg er ein kort argumenterande tekst. I eit debattinnlegg argumenterer vi for eit standpunkt, og formålet vårt er å overtyde lesaren. Debattinnlegg finn vi i mange medium, til dømes i aviser og på nettsider.

Les og lytt til eit debattinnlegg
Jobb ved sida av skulen? Ja takk!
Mange unge i dag jobbar ved sida av skulen, til dømes etter skuletid, i helgane eller i sommarferien. Dei gjer alt mogleg arbeid – dei passar barn, dei jobbar på kaféar, bensinstasjonar, i mat- og klesbutikkar eller kanskje på sjukeheim. Eg har sjølv òg ein jobb ved sida av skulen og trivst godt med det. Etter mitt syn er det mange positive sider ved å ha ein slik ekstrajobb.
For det første tener du pengar slik at du kan kjøpe ein del ting du har lyst på. Det er veldig kjekt å sleppe å spørje foreldra kvar gong du treng noko, for du har eigne pengar. Ein kjenner seg litt meir vaksen då! Mange foreldre har dessutan ikkje så god råd, eller dei har mange barn. Då er det rimeleg at ein ungdom betaler sjølv for luksus som ein dyr mobiltelefon, eit merkeplagg eller ein ferie. Ein liten ekstrajobb gjer det mogleg å unne seg noko meir. Du kan òg velje å spare det meste av pengane til den dagen du skal flytte heimanfrå. Då treng du sikkert både møblar og kjøkkenutstyr, kanskje til og med ein bil. Litt eigenkapital kjem òg godt med den dagen du skal søke bustadlån i banken, og du ønsker deg kanskje ein eigen stad å bu ein gong i framtida?
Ein annan fordel med ein ekstrajobb er at du får verdifull arbeidserfaring. Du lærer om både plikter og rettar i arbeidslivet og å følge faste arbeidstider og reglar på arbeidsplassen. Dersom du seinare leiter etter ein fast jobb, vil ein arbeidsgivar ofte føretrekke ein person som ikkje berre er kvalifisert, men som òg har arbeidserfaring frå tidlegare. Det fortel ein del om deg som person at du har greidd å handtere både skulegang og jobb, eller at du ikkje berre har lege på latsida i feriane. I tillegg er arbeidserfaringa di eit teikn på at du fungerer i arbeidslivet.
Eit tredje viktig argument for å jobbe noko ved sida av skulen er at jobben kan hjelpe deg å halde motivasjonen oppe dersom du er lei av skule og teoretiske fag. Han kan gi deg eit hyggeleg avbrekk mellom skuletimar og leksearbeid, slik at du får tenkt på noko anna enn skule. I tillegg kan jobben hjelpe deg å forstå at skulekunnskap faktisk kan brukast til noko i det verkelege liv. Når du handterer pengar på jobben, får du til dømes brukt matematikk i praksis. Det nyttar ikkje å stole blindt på at kassaapparatet skal gjere jobben for deg, for tastar du feil, er det berre du sjølv og matematikken du har i hovudet, som kan fortelje deg at det er noko som ikkje stemmer. Og så bør du kunne svare utan å ty til kalkulatoren når kundane spør om prisen på eit plagg som er nedsett med 30 prosent! I slike situasjonar ser du at du får bruk for det du har lært, og dette er den beste motivasjon for å lære meir.
Det finst mange gode grunnar for å skaffe seg ein liten jobb ved sida av skulen. Eigne pengar, nyttig arbeidserfaring og auka motivasjon for å stå skuleløpet ut er nok nokre av dei viktigaste, men det finst sikkert endå fleire. Så lenge ein passar på å følge opp skulen på ein god måte, vil eg seie at det berre er fordelar knytt til ein slik ekstrajobb. Derfor vil eg anbefale alle ungdommar å skaffe seg ein slik jobb – de vil ikkje angre på dette valet!
Jobb ved sida av skulen? Ja takk!
Sjå filmen
I filmen under (lengde 7:25) blir debattinnlegget du har lese, kommentert. Det kan hjelpe deg når du skal skrive ditt eige innlegg.