Oppgåve
Hald ein tale!
Skriv og framfør ein enkel tale om ein person du set høgt, og set opp vurderingskriterium for ein god tale.

Å skrive tale treng ikkje vere nokon einsam jobb! Høyr på kvarandre sine idear og utkast, og hjelp kvarandre!
Del 1: Skriv manus
Skriv manus til ein hyllesttale etter grunnoppskrifta. Vel eitt av desse emna:
- ein person, eit kjæledyr eller ein ting som betyr mykje for deg
- eit bursdagsbarn i klassen
- ein bok- eller filmkarakter som du har sansen for
Manuset ditt skal vere på mellom 350 og 500 ord.
Del 2: Lag vurderingskriterium
Kva for krav bør vi stille til tale og framføring? Lag eit forslag til vurderingskriterium. Jobb gjerne i grupper! Tenk på
- kva oppgåveteksten krev
- kva som gir talaren truverd (etos)
- korleis talen bør vere bygd opp og kva han bør innehalde (logos)
- kva talaren bør gjere for å gripe publikum (patos)
Skriv ned to-tre konkrete krav per kulepunkt over som de ser på som viktige. Bli så einige i klassen om kva for seks til ti kriterium som er viktigast. Prøv å formulere dei kort og konkret.
Del 3: Framfør talen din for klassen
Tillate hjelpemiddel er ein liten hugselapp på opptil 50 ord.