Hola, compare uns, ver så snill!
Del 1: Kvar seier dei kva?
Del 2: Leddstilling i norsk og engelsk

Norsk er eit SVO-språk. Med det meiner vi at rekkefølga av setningsledd i ei vanleg forteljande setning er subjekt – verbal – objekt.
Er engelsk det same? Omset setningane til engelsk og finn ut om engelsk òg er eit SVO-språk.
Del 3: Substantiv i ubunden form
Det er ikkje sikkert du snakkar både engelsk, tysk, fransk og spansk, men kanskje du finn nokon i klassen som kan hjelpe deg?
Omset "Eit hus" (hugs ubunden artikkel) til tysk, engelsk, fransk og spansk. Kva likskapstrekk ser du mellom dei fem språka norsk, tysk, engelsk, fransk og spansk?
Del 4: Substantiv i bunden form
Omset ordet "huset", altså substantivet i bunden form, til engelsk, tysk, fransk og spansk.
Kva språk skil seg ut og er annleis enn dei fire andre? Kvifor?
Del 5: Verb
Det er ikkje sikkert du snakkar både engelsk, tysk, fransk og spansk, men kanskje du finn nokon i klassen som kan hjelpe deg?
Bøy verbet "Å vere": Kva er spesielt med norsk i forhold til dei andre språka?
Del 6: Slektskap
Oppsummer i par eller grupper:
Kva likskapar og skilnader har de funne mellom språka?
Kva for språk synest de liknar mest på norsk? Grunngi svaret.
Sjå på språktreet. Kan slektskap mellom språk forklare kvifor nokre språk er meir like enn andre?