Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Bruk språklege verkemiddel

Eit lesarinnlegg er ein personleg tekst der du har lov til å vere subjektiv og setje ting litt på spissen. Dessutan er det viktig å fange interessa til lesaren og halde på ho. Derfor bør du utnytte dei moglegheitene språket gir, både til å vinne tillit og til å engasjere og vekke kjensler.

Kor personleg skal tonen vere?

Tenk gjennom val av pronomen: Skal du bruke du-form og vende deg personleg til lesaren, skal du bruke vi-form, eller skal du uttrykke deg sakleg og generelt og velje det upersonlege ein?

Tenk over og diskuter

Korleis påverkar tonen innhaldet? Sjå på dei tre døma under.

Døme 1

Sjå for deg at nokon heile tida vurderer kva du gjer, og kva du ikkje får til, i kroppsøving. Du kan aldri berre ha det gøy. Hadde du likt det?

Døme 2

Vi blir vurderte heile tida, og vi kan miste idrettsgleda dersom vi alltid blir vurderte.

Døme 3

Ein kan sjå for seg at det å gjere alle kroppsøvingstimar til vurderingssituasjonar kan påverke motivasjonen til elevane.

Bruk plussord og minusord

Plussord og minusord er blant dei viktigaste språklege verkemidla i saktekstar. Bruk dei, men ikkje overforbruk dei, for i verste fall risikerer du at lesaren blir lei teksten din og mister tilliten til deg.

Tenk over og diskuter

Sjå på døma under. Er dette god bruk av plussord og minusord? Kva ville du ha endra?

Døme 1

Kroppsøving har blitt det kjipaste faget på skulen. Ikkje nok med at det stinkar i garderobane og kroppspresset blomstrar, men i tillegg skal ein stressa lærar vurdere alt vi gjer. Det er jo ein gigantisk katastrofe.

Døme 2

Kroppsøving er eit fag med enorme moglegheiter til å oppleve meistring og livsglede. Elevane får leike, samarbeide og komme i god form. Det er viktig for livskvaliteten og ei lys framtid.

Humor og ironi

Humor er til vanleg ein utmerkt døropnar, uavhengig av om folk er samde med deg eller ikkje. Ironi og sarkasme slår nok best an hos dei som er samde med deg frå før.

Tenk over og diskuter

Kva for ein av desse ironiske tekstane liker du best? Kvifor?

Døme 1

Kroppsøving er faget der du lærer å springe etter ein ball du eigentleg ikkje vil ha. Det blir sett karakter på sveitte, og tårer blir rekna som framgang. Du kan faktisk få toppkarakter for å vere andpusten.

Døme 2

Kroppsøving er faget som får folk til å krevje tryggleikssoner fordi dei må ta ein situp. Dei vil ha gym utan karakter, utan sveitte og helst utan rørsle. Det er trass alt lettare å diskutere folkehelsa enn å ha ho.

Samanlikningar, språklege bilete og leik med ord

Er du flink til å finne treffande samanlikningar og til å leike med ord, bør du absolutt utnytte denne ferdigheita når du skriv lesarinnlegg! Ved å trekke inn noko lesarane kjenner til frå før, sørger du ikkje berre for attkjennande nikk, du kan også få lesarane til å sjå saka frå ei ny side.

Døme

Kroppsøving er faget der sveitten blir pensel og gymsalen eit lerret, der vi målar med støle musklar og halvhjarta heiarop.

Retoriske spørsmål

Retoriske spørsmål kallar vi spørsmål der svaret i grunnen er opplagt. Slike spørsmål fungerer likevel godt i eit innlegg fordi dei understrekar at skrivar og lesar er samde, og fordi dei vekker engasjement.

Døme

Korleis kan det vere rettferdig å setje karakter når dei fysiske føresetnadene til elevane er så ulike? Kva blir eigentleg målt? Er det innsats, ferdigheiter eller genetiske forskjellar?

Bruk teiknsetjing aktivt!

Du kan godt vere litt meir raus enn vanleg med bruken av kolon, utropsteikn og spørsmålsteikn. Teiknsetjinga skal spegle at du er engasjert. Men ikkje overdriv – om det går inflasjon i skiljeteikn som "roper" til lesaren, blir han eller ho utmatta snarare enn egga. Sist, men ikkje minst: Skiljeteikna må brukast korrekt: punktum etter utsegn, spørsmålsteikn etter spørsmål og utropsteikn der du "hever stemma".

Tenk over og diskuter

Korleis fungerer teiknsetjinga i dømet under?

Døme

Karakter i kroppsøving? Nei! Nei, nei, nei. Å setje karakter på kropp er som å gi karakter på pust: absurd, unødvendig og HEILT FEIL!!!

Standardspråk eller dialekt?

Du kan velje eit meir nøytralt og formelt korrekt standardspråk, eller du kan bruke ein meir munnleg stil, kanskje med innslag av dialekt. Kva som passar best, kjem blant anna an på temaet du tek opp, og på lesargruppa du vender deg til.

Tenk over og diskuter

  • Kva kan vere fordelen med å skrive dialektnært i eit lesarinnlegg?

  • Kva kan vere ulempa?

  • Korleis synest du dømet under fungerer?

Døme

Karakter i kroppsøving, sei du? Nei du, det e no det dommaste æ ha hørt! Ska vi bynn å gi karrakter ferr kor fort folk spreng, eller kor mang armhævinga dæm klare før dæm stupe? Kroppsøving e jo ferr å ha det arti, rør litt på sæ, kanskje flir litt når nån ramle i tjukkasen – itj ferr å konkurrer om korsn kropp som e "bæst". Lætt no ongan få sveitt uten sensur, det e meir læring i det enn aill verdens tal på et ark.

Nokre råd til slutt

Hugs at alle verkemiddel du bruker, påverkar lesaren. Det er derfor lurt å tenke nøye over kven du prøver å overtyde, og kva som kan vere den beste måten å gjere det på. Dersom du bruker for mange og sterke verkemiddel, kan bodskapen din fort forsvinne. Mottakaren blir meir oppteken av korleis du skriv enn kva du meiner.

Skrive av Marion Federl og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 31.10.2025