Biletet eller bilete? - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Biletet eller bilete?

Når du snakkar, seier du "bilete" der du skal skrive "biletet". Kanskje det er derfor så mange skriv substantivet utan -t heile vegen? Men at t-en er stum, betyr ikkje at han borte.

Substantivet bilete bøyer du slik i eintal:

Ubestemt form: Eit bilete

Bestemt form: Det biletet

Eg har kjøpt eit bilete

Har du kjøpt det biletet som heng der borte?

Mange har ein tendens til å skrive setningar som:

  • I bilete bruker målaren mange ulike fargar.
  • Både teksten og bilete skaper nasjonalkjensle.

Men i desse to setningane står substantivet bilete i bestemt form. Då skal det riktige vere:

  • I biletet bruker målaren mange ulike fargar.
  • Både teksten og biletet skaper nasjonalkjensle.

Når skal du skrive biletet?

Du skal bruke et-ending på substantivet når det står i bestemt form. Det vil seie at du skriv om eit spesielt bilete.

Om du er i tvil, kan du setje om til engelsk. Der du på engelsk skriv "the" framfor substantivet, skal det vere "biletet":

  • The picture is very nice

    /Biletet er veldig fint.

Når skal du skrive bilete?

Når substantivet står i ubestemt form, skal det ikkje vere t-ending:

  • Eit bilete på veggen kan vere fint.

Dessutan skal du skrive "bilete" etter ubestemt artikkel "eit":

  • Det var eit fint bilete.

Også her kan du setje om til engelsk for å få hjelp. Skriv du "a" framfor ordet "picture/painting", skal du bruke ubestemt form:

  • Have you bought a new painting?/Har du kjøpt eit nytt bilete?

Oppgåve 1

Oppgåve 2

Er det andre inkjekjønnssubstantiv som er vanskelege å bøye riktig? Lag ei liste.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019