Eit eller eitt?
Regel
Du skal bruke eitt når du skriv om tal, medan du elles stort sett skal bruke eit.
Før rekna vi eitt som talord, medan eit var artikkel. I dag blir begge rekna som determinativ. Men det kan vere til hjelp å tenkje på eitt som eit tal.
- Han har eit enormt høgt fråvær. (Ikkje viktig med talet).
- Eitt av forslaga blei godteke. (Legg vekt på tal).
Viss ordet har trykk, skal du skrive eitt.
Tips
Prøv å omsetje til engelsk. Der du på engelsk vil bruke one, skal du på norsk som oftast bruke eitt. Viss du på engelsk seier a/an, er det sannsynleg at du skal skrive eit på norsk.
Del 1: Vel rett ord
Del 2: Fyll inn
Del 3: Kva er rett?
Les ingressen øvst på denne sida. Kva skal vere det riktige her? Eit eller éitt problem?
Tips
Viss du pleier å få mange feil på eit/eitt når du skriv, legg inn eit ordsøk (Ctrl+H) før du leverer inn tekstar. Trykk på "søk" og marker "berre heile ord". Søk først på eitt, deretter på eit.
Det er lurt å lage seg ei liste til seg sjølv over vanlege feil. Kanskje kan du unngå alle eit/eitt-feil om du set av ti minutt før innlevering til å berre konsentrere deg om dette?