Fagartikkel
Akt og scene
Eit skodespel består til vanleg av ei eller fleire akter. Aktene er igjen delte opp i scenar.

Ein ny person kjem inn i rommet, og ein ny scene byrjar! Her frå ei oppsetjing av Ibsens drama «Et dukkehjem».
Handlinga i eit drama er vanlegvis delt opp i akter og scenar. Overgangen frå ei akt til ei anna markerer eit større skilje i handlinga, til dømes overgangen frå natt til dag eller frå ein stad til ein annan. Vi kan seie at aktene fungerer som kapitla i dramaet. Tradisjonelt har skodespel hatt fem eller tre akter, men i dag har alt frå ei til fem akter vorte vanleg. Aktskiftet vert markert med teppefall.
Ei akt består av ei rekkje scenar. Scenen er den minste handlingseininga i dramaet, han omfattar ein samanhengande dialog eller monolog utan skifte i tid eller rom. Sceneskifte skjer til vanleg ved at ein ny person kjem inn på scenen, eller ved at nokon forlèt han. Eit lysskifte kan òg markere eit sceneskifte.

Effektfullt teppefall! Sceneteppet er ein viktig del av teatersalen, også estetisk sett. Då Oslo skulle få nytt operahus i Bjørvika, vart det lyst ut ein konkurranse om nytt sceneteppe. Det var den amerikanske kunstnaren Pae White som vann, med verket "Metafoil". Du kan sjå teppet i bakgrunnen.