Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Skriv hovuddelen i fagartikkelen

Du bør starte med hovuddelen når du skriv fagartikkel. Her vil du få tips om avsnittsoppbygging, rett balanse mellom tekst og kontekst og korleis bruke kjelder.

Del 1: Korleis skrive hovuddelen?

Eit tips

Du bør ha ein modelltekst framfor deg heile tida når du skriv fagartikkelen. Det er lurt å kikke på denne om du står fast.

Modelltekst: Ein fagartikkel om tekst i kontekst

Eit tips til

Les oppgåveteksten ein gong til. Er du sikker på at du har forstått han rett og veit kva du skal skrive om? Sjekk dette før du set i gong med skrivinga. Diskuter gjerne med andre i klassen før du gyv laus på hovuddelen.

Korleis skrive steg for steg

I presentasjonen under vil du få tips om korleis du kan setje opp teksten din. Her blir det brukt døme frå modellteksten om kjønnsroller i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og utdraget frå Min kamp 4.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Presentasjonen som rein tekst

Korleis skrive hovuddelen i fagartikkelen om tekst i kontekst?

A) Skriv om tekst 1

I hovuddelen startar modellteksten med eit avsnitt om Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Den aller første setninga er ei temasetning som introduserer teksten:

Del A: Vi kan starte med Helga, den kvinnelege hovudpersonen i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.

Vidare viser hen korleis temaet kjem til syne i vedlegget:

Del B: Det er ho helten Gunnlaug vil ha, og ho vil ha han. Men i motsetning til dagens norske kvinner, som stort sett kan velje sjølv kven dei vil gifte seg med, viser sagaen at familien og kollektivet speler ei viktig rolle i val av partnar. Det er den familien som tek den endelege avgjerda om kven som skal bli Helgas ektemann. Sagaen viser at Helga har lite ho skulle sagt når avgjerda om kven ho skal dele hus med resten av livet, blir teken. Den avgjerda blir teken av menn, nemleg Gunnlaug, far hans og Helgas far, Torstein. Sagaen viser oss at det er den unge mannen som er den aktive parten, og han vender seg til far til den kommande bruda om han ønsker giftarmål:

Heilt til slutt "beviser" hen påstandane sine ved å vise til eit sitat frå vedlegget.

Del C:

"(...) hvorfor byr du meg ikke det, som jeg vil ta imot? — Hva er det? spør Torstein. Gunnlaug svarer: — Helga den fagre, datter din."

B) Drøft kontekst: kulturkontekst

Etter å ha skrive om tekst 1 plasserer modellteksten han i kontekst. Her blir dette gjort ved å vise om dømet frå vedlegget er typisk for ættesagaene. Legg merke til at det er brukt ei kjelde med kjeldetilvising.

Viss vi tek utgangspunkt i denne sagaen, kan vi slå fast at kvinner var passive, mens menn var aktive. Dette er slett ikkje ei uvanleg rollefordeling i sagalitteraturen. Mange sagaer handlar om menn som som er handlekraftige, slåst og reiser ut, mens kvinnene i beste fall kan egge dei til handling (Tromp, 2015). Det finst rett nok ein del døme på aktive kvinner i sagalitteraturen, men Helga er ikkje ei av dei.

B) Drøft kontekst: historisk kontekst

I tillegg drøftar vedlegget den historiske konteksten. Ved å vise til eit sitat frå ei kjelde blir teksten både truverdig og akademisk.

Men kva seier eigentleg forsking om kjønnsroller i vikingtida? Var det slik at kvinner hadde liten påverknad på eige liv? Ifølge forskar Marianne Moen, så har det vanlege vore å tru at vikingsamfunnet var slik: "Mens menn kan være krigere, bønder, handelsmenn og håndverkere, er kvinner oftest vist uten noen sosial rolle, eller som husfruer" (Moen, 2019). Men ho meiner at denne tradisjonelle framstillinga ikkje nødvendigvis stemmer:

Mange mener at menn stod mye sterkere i samfunnet enn kvinner i vikingtida, og at kvinner var underkastet menns vilje. Men vi har mange kilder som tyder på at dette kanskje var mer teori enn virkelighet, og at realiteten var en komplisert og mangesidig hverdag, der grensene mellom akseptert kjønnet adferd var til dels flytende. (Moen, 2019)

C) Skriv om tekst 2

Etter å ha skrive om tekst og kontekst i vedlegg 1, er det på tide å ta for seg tekst 2:

Teksten "Skamfølelse versus alder: Sofia" frå boka Skamløs handlar ikkje om giftarmål, men han viser korleis livet til ei norsk kvinne på same alder som Helga er. Utdraget er skrive av norsk-libanesiske Sofia Nesrine Srour og handlar om oppveksten hennar. Det er kanskje vanleg å forbinde oppveksten til unge muslimske jenter med strenge foreldre som passar på jentene sine, men teksten viser det heilt motsette: Sofia har full kontroll over eige liv. Når ho er er 11 år, vel ho å gå med hijab, mot viljen til foreldra, mens ho vel å ta han av når ho er 22. I tillegg flyttar ho heimafrå når ho blir vaksen. Ikkje for å inngå ekteskap med ein mann, slik det hadde vore i vikingtida, men for å studere juss i Oslo.

Legg merke til at desse setningane skaper gode overgangar og tekstflyt fordi dei viser tilbake til tidlegare poeng i teksten:

  • Teksten "Skamfølelse versus alder: Sofia" frå boka Skamløs handlar ikkje om giftarmål, men han viser korleis livet til ei norsk kvinne på same alder som Helga er.

  • I tillegg flyttar ho heimafrå når ho blir vaksen. Ikkje for å inngå ekteskap med ein mann, slik det hadde vore i vikingtida, men for å studere juss i Oslo.

D) Drøft kontekst

Korleis kan du skrive om kontekst når du tek for deg tekstar frå eiga samtid? Du kan kome med eigne betraktningar. Fyll gjerne på med kjelder. Her er Ungdataundersøkinga brukt som kjelde:

Dette er nok vanlege tankar hos unge kvinner i dag. Dei kjenner eit press fordi dei ønsker å leve opp til dei usynlege forventningane frå alle rundt seg. Medier har lenge skrive om press, stress og "flinke jenter" som skal ha perfekt kropp, gode karakterar og mange vener. Også Ungdataundersøkingane viser at kjensler som stress og press er vanleg blant norske ungdommar, og då spesielt jentene: "I en kunnskapsoversikt fra 2016 framhever Sletten og Bakken to områder som spesielt relevante å se nærmere på: skolerelatert stress og krav og press knyttet til kropp og utseende" (Ungdata, 2020).

E) Hugs å samanlikne: kontekst

Du bør alltid samanlikne både tekstane og den konteksten dei kom ut i. Då vil du kunne peike på både likskapar og forskjellar mellom tekstane og konteksten.

Det dei to tekstane viser, er at dagens kvinner gjer som dei vil, mens kvinnene i vikingtida måtte ta omsyn til ætta. I dag lever vi i eit individualistisk samfunn, mens Island og Noreg på 1000-talet var eit kollektivistisk samfunn. Ifølge ndla.no er den viktigaste forskjellen på desse to kulturane denne: "Omsynet til storfamilien, gruppa eller det sosiale nettverket er viktigast i den kollektivistiske kulturen. I ein individualistisk kultur er ein opptatt av seg sjølv og sin nærmaste familie" (NDLA, 2019).

E) Hugs å samanlikne: tekst

Modellteksten samanliknar først kontekst (A). Deretter samanliknar han teksten (B) – for å vise konkrete døme.

A: Det dei to tekstane viser, er at dagens kvinner gjer som dei vil, mens kvinnene i vikingtida måtte ta omsyn til ætta. I dag lever vi i eit individualistisk samfunn, mens Island og Noreg på 1000-talet var eit kollektivistisk samfunn. Ifølge ndla.no er den viktigaste forskjellen på desse to kulturane denne: "Omsynet til storfamilien, gruppa eller det sosiale nettverket er viktigaste i den kollektivistiske kulturen. I ein individualistisk kultur er ein opptatt av seg sjølv og sin nærmaste familie." (NDLA, 2019).

B: Denne definisjonen stemmer godt overeins med kvinnerollene vi les om i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Skamløs. Helgas valmoglegheiter er avhengig av omsynet ho må ta til den sosiale statusen til storfamilien, mens Sofia først og fremst tek vala sine av omsyn til seg sjølv.

Del 2: Korleis bruke kjelder?

Det aller beste tipset du kan få om kjelder, er: Bruk dei!

Årsaka er at

  • resonnementa dine verkar meir truverdige om du viser til pålitelege kjelder som støttar det du seier

  • fagartikkelen er ein akademisk sjanger, og når du skal skrive akademisk, blir det forventa at du viser til kjelder

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Presentasjonen som rein tekst

Korleis bake kjelder inn i teksten?

Døme 1: Berre referere namn

Viss du har tileigna deg kunnskap frå ei kjelde, kan du berre oppgi namnet til forfattaren i parentes. Men hugs at du må skrive om det kjelda seier med eigne ord.

Slik kan du skrive det:

Viss vi tek utgangspunkt i denne sagaen, kan vi slå fast at kvinner var passive, mens menn var aktive. Dette er slett ikkje ei uvanleg rollefordeling i sagalitteraturen. Mange sagaer handlar om menn som er handlekraftige, slåst og reiser ut, mens kvinnene i beste fall kan eggje dei til handling. (Tromp, 2015).

Eller:

Ættesagaene handla altså i stor grad om ære. Dette ser vi igjen i Helgas historie. Det var nemleg slik at vikingkvinna ikkje skulle gifte seg med ein som hadde lågare sosial status enn henne (Næss, 1999).

Døme 2. Bruke sitat

Du kan òg vise til forsking på området og referere noko du har lese ordrett. Pass på å introdusere sitatet slik at du baker det elegant inn i teksten din.

Slik kan du skrive det:

Ifølge forskar Marianne Moen, så har det vanlege vore å tru at vikingsamfunnet var slik: "Mens menn kan være krigere, bønder, handelsmenn og håndverkere, er kvinner oftest vist uten noen sosial rolle, eller som husfruer" (Moen, 2019).

Eller:

Også Ungdataundersøkingane viser at kjensler som stress og press er vanleg blant norske ungdommar, og då spesielt jentene: "I en kunnskapsoversikt fra 2016 framhever Sletten og Bakken to områder som spesielt relevante å se nærmere på: skolerelatert stress og krav og press knyttet til kropp og utseende" (Ungdata, 2020).

Døme 3: Kommenter sitatet

Du bør kommentere sitatet med eigne ord. Det skaper flyt og viser at du både bruker og tolkar forskinga.

Slik kan du skrive det:

(...) ho meiner at denne tradisjonelle framstillinga ikkje nødvendigvis stemmer:

"Mange mener at menn stod mye sterkere i samfunnet enn kvinner i vikingtida, og at kvinner var underkasta menns vilje. Men vi har mange kilder som tyder på at dette kanskje var mer teori enn virkelighet, og at realiteten var en komplisert og mangesidig hverdag, hvor grensene mellom akseptert kjønnet adferd var til dels flytende" (Moen, 2019).

Moen viser altså at kjønnsrollene i norrøn tid sannsynlegvis ikkje var så tronge som mange trur.

Les meir om korleis du fører kjelder både inni teksten og når du lagar kjeldelista her:

Relatert innhald

Kjeldeføring i APA-stil

Om korleis du fører kjelder løpande i ein fagtekst og i ei kjeldeliste med referansestilen APA 7.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 24.08.2026