Diskuter forma til tekstane
Nærles tekstane og bruk norskfaglege omgrep om forma deira.
Fag
Nærles tekstane og bruk norskfaglege omgrep om forma deira.
Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og skrive avsnitt om innhaldet i tekstane du skal sammenlikne, er det på tide å gå over til å sjå på korleis tekstane er skrivne, altså det vi kallar forma i tekstane.
Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du ha nærlese, diskutert og brukt fagomgrepa
Før de set i gang med å nærlese utdraga frå Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge, bør de friske opp kva fagomgrepa over betyr.
Set dykk i grupper og diskuter omgrepa i lista over. Prøv å kome med døme på alle fagomgrepa.
Kva funksjon har synsvinkelen i dei to tekstane? Diskuter dette ved å svare på desse spørsmåla:
Diskuter i gruppene:
I Min kamp 4 blir vi stort sett kjende med faren gjennom indirekte personskildring. Korleis verkar han i replikkane og handlingane sine
Påstand: "Gunnlaug blir skildra både direkte og indirekte". Finn døme på dette i teksten.