Skje eller skei? Lyd eller ljod? Er det så nøye, då?
Oppgåve 1. Utforsk valfridommen i skriftspråket
Del 1: Jobb i par eller grupper
Sjå på språket til personane A–D nedanfor. Bruk to–tre minutt kvar for dykk til å notere kva de legg merke til. Del deretter med kvarandre i gruppa. Legg de merke til dei same tinga?
Diskuter kjønn, alder, bustad, stil, yrke og sosial status til dei fire personane.
Kva fordommar eller stereotypiar ligg til grunn for svara de har gitt i oppgåve b?
Kva for ein av personane A–D ligg nærast slik de sjølve
snakkar
skriv
PERSON A: Jeg lette etter skjeen til grøten, og fant den i gryta. Øynene mine må ha spilt meg et puss.
PERSON B: Jeg leita etter skeia til grauten og fant den i gryta. Øya mine må ha spelt meg et puss.
PERSON C: Nå gir du jernet enten du vil eller ikkje, elles så skal nok pipa få ein annan lyd.
PERSON D: No gjev du jarnet anten du vil eller ikkje, elles so skal nok pipa få ein annan ljod.
Del 2: Gjett form
Her skal du først gjette kva former nokre ord kan ha. Deretter skal du undersøke om du sjølv bruker flest konservative eller radikale former når du skriv bokmål og nynorsk.
Tips: Noter resultata dine undervegs så du kan samanlikne med andre.
Del 3: Kva fann de ut?
Samanlikn resultata i del 2 i gruppa eller i klassen. Før gjerne statistikk.
Er det stor variasjon, eller er det ganske likt? Diskuter kvifor.
Er det nokre ord/skrivemåtar som skil seg ut?
Oppgåve 2. Radikalt og konservativt skriftspråk
Del 1: Les meir
Les meir om dei ulike skriftspråkvariantane på snl.no:
Konservativ nynorsk
Radikal nynorsk
Konservativt bokmål
Moderat bokmål
Radikalt bokmål
Kva er forskjellen mellom moderat og konservativt bokmål?
Kvifor bruker vi omgrepa "radikal" og "konservativ" om dei ulike skriftspråkvariantane?
Kva for bokmålsvariant ligg nærast nynorsk?
Kva skriftspråkvariant bruker du?
Del 2: Kva trur du?
Sjølv om talemålsvariasjonen i Noreg er stor og dialektane står sterkt, skriv det store fleirtalet konservativt eller moderat bokmål. Kvifor det, trur du?
Trur du det er konservativ eller radikal nynorsk som dominerer? Gjer deg nokre tankar om kva du trur, og diskuter gjerne med andre før du leitar etter svar på internett eller andre stader.
Del 3: Test deg
Sorter bokmåls- og nynorskorda du finn i vindauga nedanfor, i radikale og konservative former.
Bokmål
Nynorsk
Oppgåve 3. Radikalt og konservativt bokmål
Teksten nedanfor er skriven på konservativt bokmål. Gjer om teksten til radikalt bokmål ved å fylle inn dei riktige formene i dei blanke felta. Det kan vere lurt å bruke ordbok i arbeidet.
Oppgåve 4. Bokmåls- og nynorskformer i bruk
Ved hjelp av søketenesta til Nasjonalbiblioteket N-gram (nb.no) kan du søke opp når og kor ofte eit ord blir nytta i tekstar mellom 1810 og 2013. Dermed kan du "forske" på utviklinga av radikale og konservative former i nynorsk og bokmål.
Det er lurt å lese om søketenesta i boksen nedanfor før du kastar deg over oppgåvene.
Del 1: Bruk av bokmålsformer
Opne "innstillingar" og marker for "berre bokmål".
Du skal søke opp ordpara/ordgruppene du finn i lista nedst i oppgåva. For kvart søk skal du svare på følgande spørsmål:
Kva utviklingstendensar ser du? Forklar med eigne ord korleis bruken av dei to formene har utvikla seg.
Kva trur du kan forklare utviklinga?
Korleis trur du bruken av formene blir om 50 år? Kvifor?
Ordpar/ordgrupper:
dyp, djup
hytten, hytta
frem, fram
sammenlikner, sammenligner
benene, bena, beina
Del 2: Bruk av nynorskformer
Opne "innstillingar" og marker for "berre nynorsk".
Du skal søke opp ordpara du finn i lista nedst i oppgåva. For kvart søk skal du svare på følgande spørsmål:
Kva utviklingstendensar ser du? Forklar med eigne ord korleis bruken av dei to formene har utvikla seg.
Kva trur du kan forklare utviklinga?
Korleis trur du bruken av formene blir om 50 år? Kvifor?
Ordpar:
døme, eksempel
hennar, hennes
då, da
fyrst, først
korkje, verken
Oppgåve 5. Haldningar til skriftspråkvariasjon
I tekst 1 under hevdar Hans Christian Holm, initiativtakar til Foreninga for radikalt bokmål, at mange ønsker å skrive radikalt, men ikkje får lov. Tekst 2 og 3 er skrivne av nokon som har fått kritikk for måten dei skriv eller snakkar på.
Tekst 1: "Skæv eller skog?" (nrk.no)
Tekst 2: "Hvordan skrive et akademisk språk?" (forskerforum.no)
Tekst 3: "Det norske skriftspråket er rasert" (landgaard.no)
I gruppe: Fordel tekstane mellom dykk og undersøk kva haldningar til språk som kjem fram i dei.
Kva består kritikken i?
Kva er argumenta forfattarane møter hos dei som gir kritikk?
Er de einige med kritikarane eller forfattarane? Grunngi!
I klassen: Diskuter påstanden " I Noreg bør vi få lov til å velje den språkforma vi sjølv liker best".