Viktige hendingar for norsk språkstyring på 1800-talet
I 1814 gjekk startskotet for ein lausrivings- og demokratiseringsprosess som berre auka i omfang utover 1800-talet. Nordmenn diskuterte korleis det unge demokratiet skulle få sitt eige skriftspråk. Det inspirerte mellom anna Ivar Aasen og Knud Knudsen. Aasen skapte landsmålet basert på bygdemåla, mens Knud Knudsen kjempa for å fornorske det danske skriftspråket basert på danna norsk daglegtale.
Då kalenderen viste 1899, hadde Noreg to offisielt likestilte skriftspråk. I tillegg hadde skulekrinsane fått større valfridom og elevane fleire språklege rettar. Styresmaktene hadde til og med gitt elevane lov til å bruke fornorska former, slik nokre av lærebøkene hadde byrja å bruke. Alt låg klart for offisiell rettskrivingsendring.