Retorikken i ein dokumentarfilm - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Retorikken i ein dokumentarfilm

I desse oppgåvene skal du analysere argumentasjon og verkemiddelbruk i den svenske dokumentarfilmen The Swedish Theory of Love.

Dokumentarfilm

har alltid eit formål utover det å underhalde. Filmskaparen kan til dømes prøve å avsløre kritikkverdige samfunnsforhold eller skildre aktuelle fenomen og trendar, eller hen kan portrettere kjende personar.

I samfunnskritiske dokumentarfilmar finn vi vanlegvis ein argumentasjon og ein verkemiddelbruk som sørger for ei tydeleg vinkling.

Førebuing

Før du byrjar med oppgåvene, må du sjå dokumentarfilmen The Swedish Theory of Love. Filmen varer i litt over ein time.

For å kunne løyse oppgåvene treng du også grundig kjennskap til dei retoriske appellformene , og .

1. Argument og retoriske appellformer

  1. Kva tema er det regissøren prøver å problematisere? Beskriv kort.

  2. Lag ei oversikt over argumenta regissøren presenterer i The Swedish Theory of Love.

  3. Ta for deg eitt og eitt argument. Vurder kva for ei retorisk appellform som dominerer i argumentet, og noter ho. Dersom du ikkje klarer å peike ut éi dominerande appellform, noterer du dei appellformene som du synest kjem tydeleg fram.

  4. Korleis er fordelinga mellom dei ulike appellformene i filmen, samla sett? Kva trur du denne fordelinga har å seie for om du oppfattar filmen som truverdig? Grunngi svaret ditt.

2. Filmatiske verkemiddel som

Filmatiske verkemiddel er dei kunstnarlege og filmtekniske grepa filmskaparane bruker for å få fram handling og bodskap i filmen og for å vekke bestemde kjensler hos publikum. Det finst både og verkemiddel, til dømes bruk av lys og kamera, klipperytme, lyd og musikk.

  1. Beskriv dei filmatiske verkemidla i desse utdraga frå The Swedish Theory of Love:

  2. Prøv deretter å knyte dei filmatiske verkemidla til dei ulike retoriske appellformene. Undersøk kva verkemidla bidreg med: Skal dei først og fremst vekke kjensler, bygge truverd eller informere?

3. Drøfting

Drøft om argumenta som blir presenterte i The Swedish Theory of Love, beskriv faktiske samfunnsforhold i Sverige, eller om dei er eit uttrykk for den personlege overtydinga til filmskaparen.

4. Lag ein dokumentarisk kortfilm

Bruk det du har lært! Lag ein dokumentarisk kortfilm på inntil tre minutt om temaet .

Kortfilmen skal innehalde minst to tydelege argument, og argumenta skal tale anten for eller mot ungdommars bruk av sosiale medium. Vel filmatiske verkemiddel som støttar opp under argumenta dine.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
The Swedish Theory of Love

Dokumentarfilm om Sverige, det mest einsame landet i verda. Filmen er laga av den italiensk-svenske filmskaparen Erik Gandini.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.02.2022