Modelltekst: retorisk analyse av kronikk
Når du innser at også du er ein del av problemet
Kronikken "Hei, jeg heter Karen og jeg er polarisert" er skriven av leiar og forskar Karen Landmark. Teksten handlar om at forfattaren prøver å forstå seg sjølv og si eiga rolle i den aukande polariseringa i samfunnet. Teksten er både personleg og reflekterande, og viser korleis vi alle kan bli meir opne og nysgjerrige.
Når det gjeld den retoriske situasjonen, er det viktig å legge merke til at kronikken er skriven i ei tid der samfunnet er sterkt prega av polarisering, særleg på sosiale medium. Det påtrengande problemet til forfattaren er at ho opplever samfunnet rundt seg som polarisert, og ho bruker seg sjølv som døme. Ho vender seg til menneske som følger med i samfunnsdebatten, deler meiningar på nett eller diskuterer politikk og verdiar. Dei er det retoriske publikumet. Målet er nok å nå fram til både dei som er på hennar "side" og dei som meiner det motsette av henne. Dei tvingande omstenda her er at samfunnet blir polarisert, fordi diskusjonar fort blir til krangling mellom grupper som ser ned på kvarandre. Ifølge Landmark lever vi ei tid der algoritmane er med på å forsterke ueinigheit, dyrke konfliktar og skape illusjonen av to frontar som aldri kan møtast. Det må vi gjere noko med.
Forfattaren bygger etos ved å vere ærleg og sjølvkritisk. Ho lèt ikkje som om ho veit alt, men viser at ho prøver å lære. Når ho fortel at ho omgir seg med folk som meiner det same som henne, verkar ho ekte og til å stole på.
Det styrkar òg etos at ho bruker sjølvironi når ho beskriv "kaninholet" sitt med "grøne plantar, bokhyller og dansk design". Dette gjer at ho verkar menneskeleg og sympatisk. Ho viser vidare kunnskap ved å vise til forsking. Dette gir teksten fagleg tyngde og er med på å styrke truverdet hennar. I tillegg refererer ho til psykologen Jonathan Haidt og dokumentaren White Right: Meeting The Enemy. Eit slikt lån av autoritet har òg ein etosappell.
Forfattaren bruker mange verkemiddel for å påverke kjenslene til lesaren, altså patos. Ho skriv i eg-form, noko som gjer teksten personleg og nær. Vi kjem tett på tankane hennar. Ho beskriv kjensler som frykt, forakt og håp. Vidare bruker ho kontrastar som "oss og dei" for å vise kor splitta vi kan vere. Slike språklege verkemiddel er typiske for den skjulte argumentasjonen som skal nå fram til kjenslene våre.
Mot slutten fortel ho om filmskaparen Deeyah Khan, som møter ekstreme menneske med ro og nysgjerrigheit. Denne historia vekker både håp og respekt, fordi ho får lesaren til å tru at det er mogleg å møtast med forståing i staden for hat. Dette grepet har òg patosappell, fordi det skal få oss til å få positive tankar om framtida.
For å styrke logosappellen bruker forfattaren døme og forklaringar som gjer teksten logisk og lett å forstå. Ho viser korleis hjernen vår søker bekrefting på det vi allereie trur, og kallar det "bekreftingsbias". Ho forklarer òg korleis sosiale medium og algoritmar forsterkar sinne og ueinigheit. Slik viser ho kunnskap om temaet ho skriv om.
Språket hennar er roleg, personleg og reflektert. Ho bruker spørsmål som "Ser jeg fortsatt mennesket bak meningen?" for å få lesaren til å tenke sjølv. Dette gjer teksten både engasjerande og tankevekkande.
Forfattaren bruker altså fleire grep som støttar dei tre appellformene. Sjølvironi og eg-form styrkar truverdet (etos). Kjensleladde ord, kontrastar og små forteljingar skaper kjensler hos lesaren (patos). Fagomgrep, døme og retoriske spørsmål får teksten til å verke gjennomtenkt og fornuftig (logos).
Avslutninga får ein tydeleg patosappell når ho til slutt skriv at "det finst berre oss". Dette er ei kort, men sterk setning som samanfattar bodskapen: Vi må slutte å sjå på kvarandre som fiendar og begynne å lytte. Ved å vende seg slik direkte til lesaren, ønsker ho å avslutte med å vekke håp og inkludere lesaren i dette "vi-et".
Gjennom truverd, kjensler og fornuft skaper forfattaren ein tekst som både er klok og håpefull. Ho får lesaren til å tenke over korleis vi alle kan bidra til mindre polarisering og meir forståing mellom menneske.