Northug, Johaug og den retoriske situasjonen - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Northug, Johaug og den retoriske situasjonen

To av dei største skistjernene våre gjer ein alvorleg feil. Det norske folket må ha ei forklaring. Lykkast dei? I denne oppgåva skal de analysere to retoriske utsegner og særleg konsentrere dykk om den retoriske situasjonen.

Del 1: Petter Northug si Instagramunnskyldning

14. august 2020 publiserte Petter Northug ei offentleg innrømming på Instagramprofilen sin. Han innrømde å ha køyrt for fort og å ha oppbevart kokain i heimen sin. Eit veldig mediekøyr følgde.

A) Gjer greie for den retoriske situasjonen

Når du skal gjere greie for den retoriske situasjonen til ein tekst, skal du vurdere den konteksten han kom ut i. Dette kan du gjere ved å sjå på det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Gå saman i grupper og diskuter den retoriske situasjonen. Bruk punkta under i diskusjonen. Ein i gruppa noterer viktige moment.

  • Kva er det påtrengjande problemet? Altså: Kva problem håper Northug å løyse ved å be om unnskyldning?
  • Kven er det retoriske publikummet? Det vil seie: Kven er det Petter Northug vender seg til og prøver å påverke når han prøver å løyse det påtrengjande problemet? Hugs at han kan snakke til fleire publikum.
  • Kva er dei tvingande omstenda? Kva omstende må Petter Northug ta omsyn til når han prøver å overtyde? Kva moglegheiter og avgrensingar har han?

B) Les unnskyldninga under og diskuter i grupper:

  1. Kva for delar av teksten er logosargument? Grunngi svaret.

  2. Kva for delar av teksten bidreg til patosappellen? Grunngi svaret.

  3. Kva for delar av teksten skal hjelpe Northug å gjenopprette etosen hans? Grunngi svaret.

Jeg har gjort en stor feil. I går kveld ble jeg stoppet av politiet i fartskontroll. Jeg kjørte altfor fort, og ble også tatt med på legevakten til blodprøve. I tillegg fant politiet en mindre mengde narkotika hjemme hos meg. Det dreier seg om kokain. Jeg er fortvilet og redd for hva fremtiden vil bringe, og utrolig lei meg for alle de som jeg nå har skuffet, igjen. Jeg vet at det nå blir en straffesak. Da skal jeg ta ansvar for det jeg har gjort.

Petter Northug på sin Instagramprofil 14. august, 2020.

Tips:

Logos: Informasjon om saka og det som har skjedd, og dessutan argument som speler på fornuft og sannsyn.

Patos: Å spele på kjensler for å skape engasjement eller setje publikum i ei bestemd stemning.

Etos: Å spele på truverd, til dømes ved å verke klok og ansvarsfull, med god moral og rette verdiar.

C) Samanhengen mellom språket og den retoriske situasjonen

Den retoriske situasjonen heng nøye saman med korleis ein avsendar vel å forme ytringa si.

Diskuter i grupper:

  • Kvifor har Northug vald å bruke etos, patos og logos slik han har gjort i innlegget på Instagram? Forklar dette ved å knyte saman innhald og språk i innlegget med den retoriske diskusjonen.

D) Pressekonferansen

Etter vedgåinga på Instagram følgde ei offentleg unnskyldning. Sjå denne på videoen under fram til 02:50.

Diskuter i klassen:

  1. Korleis synest de innhald, språk og kroppsspråk hos Northug verkar saman?
  2. Vurder unnskyldninga til Northug. Synest de ho er vellykka? Grunngi svaret.

Del 2: Therese Johaug og den retoriske situasjonen

I oktober 2016 blei Therese Johaug teke for brot på dopingreglementet. 13. oktober fortalde ho versjonen sin av historia på ein pressekonferanse. Sjå pressekonferansen på nettsidene til NRK.

No skal de vurdere den konteksten Johaug sitt utsegn kom ut i. Dette kan du gjere ved å sjå på det påtrengjande problemet, det retoriske publikummet og dei tvingande omstenda.

Gå saman i grupper og diskuter den retoriske situasjonen. Bruk punkta under i diskusjonen. Ein i gruppa noterer viktige moment.

  • Kva er det påtrengjande problemet? Altså: Kva problem prøver Johaug å løyse ved å halde denne pressekonferansen?
  • Kven er det retoriske publikummet? Det vil seie: Kven er det Therese Johaug vender seg til og prøver å påverke når ho prøver å løyse det påtrengjande problemet? (Hugs at ho kan snakke til fleire publikum.)
  • Kva er dei tvingande omstenda? Kva omstende må Therese Johaug ta omsyn til når ho prøver å overtyde? Kva moglegheiter og avgrensingar har ho?

Del 3: Samanlikn Johaug og Northug sine forklaringar

Kven meiner de lykkast best med å utnytte moglegheitene i den retoriske situasjonen? Northug med den audmjuke tilnærminga si, eller Johaug med den offensive, men gråtkvelte åtferda si? Diskuter dette i grupper.

Tips til kva de kan ta med i diskusjonen:

  • Korleis tilpassar dei to skistjernene utsegnene til den retoriske situasjonen?
  • Kven av dei meiner de lykkast best med å påverke det retoriske publikummet? Grunngi.
  • Korleis bidreg kroppsspråket og tårene til å styrkje eller svekkje Johaug sin etos?
  • Kunne Northug eller Johaug ha gjort noko forskjellig for å tilpasse seg situasjonen betre?
  • Kven av dei lykkast best med å løyse det påtrengjande problemet? Kvifor?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2020