Modelltekst: Retorisk analyse av talen til kongen
Då kongen ønskte alle velkomne inn i varmen
Den 1. september 2016 inviterte dronning Sonja og kong Harald 1 500 gjester frå heile landet til hagefest i Slottsparken. Festen var eit ledd i markeringa av at dei hadde regjert som kongepar i 25 år, og under arrangementet heldt kongen ein velkomsttale som raskt blei kjend. Talen har blitt trekt fram som ein av dei viktigaste talane kongen heldt. Hovudbodskapet er at omgrepet "nordmenn" rommar mykje ulikt, og at vi må vere rause med kvarandre.
Vi kan starte med å sjå på den retoriske situasjonen. Det påtrengande problemet er at det norske samfunnet er i endring på grunn av globalisering og liberalisering, og at desse endringane skaper motsetningar i samfunnet. Det verkar som om kongen ønsker å kommentere dette ved å seie at vi må akseptere og ønske ulikskap velkommen. I talen blir menneske med ulike kulturelle bakgrunnar og legningar trekte fram som døme på kor ulike nordmenn kan vere.
Når vi vurderer den retoriske situasjonen, må vi også sjå på det retoriske publikummet. Dei 1 500 nordmennene som var inviterte på hagefesten, er ein viktig del av det retoriske publikummet. Men kongen veit at talen blir vist i ulike medium, og at det retoriske publikummet vil vere heile det norske folket. Dermed vil talen nå ut til eit breitt spekter av befolkninga, frå dei som er ueinige i bodskapet hans, til dei som ikkje har kjent seg velkomne i det norske samfunnet fordi dei tilhøyrer ein minoritet. Målet hans er å invitere minoritetane inn i varmen, samtidig som han ønsker å nå ut til dei som er ueinige.
Når vi vurderer dei tvingande omstenda i den retoriske situasjonen, må vi sjå på kva som påverkar kva kongen kan seie, og korleis han kan seie det. Her er det spesielt viktig å vurdere rolla til kongen. Kong Harald er monark og skal ha ei politisk nøytral rolle. Likevel vel han i denne talen å komme med meininga si om korleis både innvandrarar og homofile bør inkluderast i det norske. Han har altså eit tydeleg verdibodskap. Nokon vil nok meine at han med dette bryt med den nøytrale rolla si, mens andre vil seie at det er viktig at han viser ei openheit som gjer at heile folket kjenner seg inkludert i det norske fellesskapet.
Før vi analyserer den retoriske teksten, kan vi vurdere den innleiande etosen til talaren. Avsendaren er altså kongen. Så lenge han var monark, hadde han ein sterk posisjon i befolkninga og var ein svært populær konge. Det betyr at han hadde ein høg innleiande etos, også då denne talen blei halden. Når det gjeld avleidd etos, vil meiningane kanskje vere delte. Mange vil nok vere både glade og rørte etter å ha høyrt talen, ikkje minst minoritetar som kan kjenne seg inkluderte av sjølvaste kongen. Andre kan likevel meine at kongen blandar seg for mykje i politikk og ikkje er nøytral. Dette gjeld særleg dei som har eit meir konservativt syn på kva det vil seie å vere norsk. Kanskje vil dei tenke at dei blir ekskluderte frå fellesskapet i denne talen, og at meininga deira ikkje er like gyldig.
Vi kan gå vidare til å sjå på strukturen i talen. Korleis bygger kongen opp talen sin for å nå fram med bodskapet? Talen startar ganske tradisjonelt med at han ønsker gjestene velkomne på hagefesten. Vidare stiller han eit spørsmål: "Så hva er Norge?" Resten av talen er i stor grad eit svar på dette spørsmålet. Han startar med å slå fast nøytrale fakta om korleis landet vårt ser ut reint geografisk før han zoomar inn på enkeltmenneska når han seier: "Men Norge er fremfor alt mennesker." Etter denne utsegna beskriv han ulike menneske som bur i landet. Det er denne delen av talen nokon kanskje vil meine ikkje er heilt nøytral, sidan han seier at nordmenn trur på Allah og Gud, har innvandra frå Somalia og Syria og er "jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre." Denne delen av talen avsluttar han med å seie: "Norge er oss". Her konkluderer kongen og oppsummerer hovudbodskapet i talen. Han ønsker at vi skal bygge landet på rausheit og at "vi skal kjenne at vi – på tross av all vår ulikhet – er ett folk."
Eit viktig språkleg verkemiddel som bygger patos i talen, er anaforar. I den første delen av talen, der kongen beskriv naturen, startar mange setningar med namnet på landet vårt: Noreg. I den andre delen er det namnet på menneska i landet, nordmenn, som blir gjentekne. Substantivet står saman med eit verb: "Nordmenn er [...]", "Nordmenn tror [...]". Denne gjentakinga har to funksjonar. For det første skaper ho ein enkel rytme som nesten hamrar inn bodskapet. For det andre er gjentakinga av ordet saman med eit verb ein slags påstand. Det er ikkje plass for spørsmål og undring når kongen konkluderer med at "Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting", og at "nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria." Kongen slår også fast at "Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre". Desse anaforane speler på kjenslene til mottakarane. Kongen vil at publikum skal kjenne på fellesskap og tilhøyrsle. Ved å gjenta kva Noreg og nordmenn er, forsterkar han desse kjenslene.
Eit anna språkleg verkemiddel som speler på kjenslene (patos) til tilhøyrarane, er kontrastar. Kongen set saman menneske med ulik bakgrunn og ulike eigenskapar i éi og same setning for å vise mangfaldet i landet vårt: "Nordmenn er unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere." Han viser det same når han seier at "noen har god selvtillit, mens andre sliter med å tro på at de er gode nok som de er." Desse kontrastane får fram kor ulike vi er i landet vårt. På denne måten kan alle kjenne seg igjen, samtidig som det blir lettare å godta nokon som er heilt ulik ein sjølv.
Det er også innslag av humor i talen, kanskje for å dempe det sterke bodskapet. Til dømes seier kongen at nordmenn "klatrer fjelltopper og seiler – mens andre er mest glad i sofaen." Denne kontrasten mellom det tradisjonelle biletet av den spreke nordmannen og sofaslitarane skal skape latter. Samtidig viser kongen at det er heilt greitt å ikkje vere så sprek. Ved å bruke humor appellerer han til patos fordi latteren skaper gode kjensler for bodskapet i talen. Samtidig styrkar det kongens etos fordi han viser forståing for at alle ikkje er like spreke i dette landet.
Vi kan også legge merke til at kongen styrker sin eigen etos på fleire måtar. Han slår fast at vi nordmenn også er dei som ikkje kan spore røtene sine langt tilbake i tid i dette landet. Like etter at han har sagt at nordmenn også har innvandra frå Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria, fortel han at også han har innvandrarbakgrunn: "Besteforeldrene mine innvandret fra Danmark og England for 110 år siden." Her blir kongen personleg og bruker si eiga familiehistorie for å skape truverd. Også dette har ein todelt funksjon. For det første vil det skape eit band til etniske minoritetar. Implisitt seier han: Sjå, eg er som dykk! For det andre fungerer det som eit argument mot motstandarar av innvandring. Til og med kongen har innvandrarbakgrunn!
Avslutninga er viktig å kommentere. Då går kongen frå å beskrive Noreg og nordmenn til å vende seg direkte til det retoriske publikummet. Han seier "Norge er dere. Norge er oss." Vi kan seie at kongen fram til no har kome med argument for denne konklusjonen: Nordmenn er alle dykk som høyrer på denne talen, uansett kva bakgrunn, legning, jobb eller sosial status de har. Vidare i konklusjonen er ikkje berre nordmenn "dere", men også "oss", og dermed inkludert kongen sjølv. Også i avslutninga bruker kongen anafor når han gjentek frasen "At vi skal". Ved å gjenta denne frasen, og spesielt pronomenet "vi", underbygger han fellesskapskjensla og viser seg som ein inkluderande og open konge som vil det beste for befolkninga i landet. Avslutninga speler også på patos når han bruker positivt verdiladde ord som "tillit, fellesskap og raushet". Samtidig styrkar ordbruken kongens etos fordi han står fram som tillitsvekkande, varm og raus.
Kairos handlar om å finne den rette augeblinken for ei ytring, noko kong Harald lykkast godt med. Noreg er eit samfunn der mange minoritetar kan kjenne på utanforskap. Når kong Harald vel å bruke hagefesten til å fortelje at ingen skal kjenne seg utanfor, utnyttar han augeblinken godt og viser at han er ein konge for alle i Noreg.
Denne talen bruker altså eit enkelt språk, humor og personlege døme for å skape ei kjensle av fellesskap blant nordmenn. Delar av talen vil nok gle og røre dei som kan kjenne seg utelukka frå det norske majoritetssamfunnet, ikkje minst fordi det er sjølvaste kongen som ønsker dei velkomne inn i varmen. Kongen styrker dermed den endelege etosen sin gjennom talen og står fram som ein open og inkluderande folkekonge.
I Word-fila under kan du lese modellteksten med kommentarar.
Relatert innhald
Lær å skrive retorisk analyse ved å jobbe med Kong Haralds kjende festtale frå 2016. Få hjelp av ein modelltekst medan du skriv.