Kva gjer sosiale medium med språket vårt? - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva gjer sosiale medium med språket vårt?

Mykje av dagens sosiale liv går føre seg via skjerm, og vi bruker mykje tid på sosiale medium. Det påverkar både språksituasjonen vår og språket vårt.

Før du les:

Skriv du annleis når du chattar enn når du "postar" innlegg i sosiale medium? Kva er eventuelt annleis og kvifor?

Store kontaktnettverk

Gjennom sosiale medium har kontaktnettverka våre vorte større og ofte spreidde verda rundt. Vi kommuniserer med "venner" og "følgjarar" på fleire språk, på tvers av generasjonar og sosiale lag.

Med heile verda tilgjengeleg gjennom skjermen blir det endringar av omgangsformene våre, kulturen vår – og mest interessant i denne samanhengen – språket vårt.

Språkkontakt i lomma

Tradisjonelt har språkkontakt ført til språkendringar fordi menneske har flytta seg fysisk, eller fordi vi har komme i kontakt med andre språkvariantar på papir, i radio og på tv. Gjennom sosiale medium kan vi lese, lytte, snakke og skrive med folk frå andre språksamfunn i Noreg og verda utan å flytte oss ein meter, og mobiltelefonen lèt oss gjere det heile tida! Og sidan engelsk både er mest utbreidd og har høg status, særleg blant unge, er engelskpåverknaden stor.

Færre formelle situasjonar

Språkforskarane seier vi har vorte meir uformelle, personlege og intime i måten vi snakkar med kvarandre på. Dei kallar endringa for intimisering av kontakten med andre menneske.

Vi er til dømes ikkje dis med kvarandre lenger. Vi bruker med andre ord ikkje høflegheitsformene "De" eller "Dykk", men seier "du" i alle situasjonar. Eit enkelt "hei" har erstatta faste høflegheits- og helsingsfraser som vi tidlegare brukte i brev og i kommunikasjon med ukjende, eldre eller overordna. Denne samfunnsutviklinga starta tidlegare på 1900-talet, men skaut verkeleg fart med dei sosiale media.

Terskelen for å ytre seg skriftleg er lågare enn før

Kor ofte skriv du tekstar utanfor skulen? Før mobiltelefonen og internett skreiv folk stort sett i jobb- eller skulesamanheng. I dag er både barn, ungdom og vaksne aktive kvardagsskribentar. Vi skriv til dømes meldingar og innlegg i sosiale medium. Dermed kjem vi i kontakt med skriftspråket tidlegare og på ein annan, kanskje meir sjølvstendig og utforskande måte enn før.

Kreativ ungdom

Dei unge har alltid vore språkinnovatørar og ekstra kreative med språket. Det er ein naturleg del av språklæringsprosessen, men slik kan ein òg vise kven ein er og skilje seg frå det etablerte vaksensamfunnet.

Tradisjonelt har dette skjedd i talespråket, men med sosiale medium får språkkreativiteten renne fritt i skriftspråket òg. I sosiale medium snakkar ungdom med kvarandre og plukkar raskt opp trendar og skaper eigne. Teknologien gjer at utviklinga går i rekordfart.

Raske endringar skaper større generasjonsskilje

"Det er berre sååå 2020!"

Den digitale teknologien utviklar seg raskt, og vi får stadig nye appar og sosiale plattformer. Det skaper stadig behov for nye ord, og for mange er det vanskeleg å følgje med på både den teknologiske og språklege utviklinga.

Det er dei unge som tilpassar seg desse endringane best, noko som gjer at gapet mellom generasjonane aukar. Idet dei vaksne byrjar å bruke internettslangen til ungdommen og sosiale medieplattformer, finn ungdommen nye ord, nye kommunikasjonsformer – og nye sosiale medium.

Kva for sosiale medium bruker du? Kvifor akkurat desse?

Kva for sosiale medium bruker du ikkje? Kvifor ikkje?

Korleis skriv vi på sosiale medium?

Det er fleire kjenneteikn på sms- og chat-språk. Eit av dei er talemålsnært språk. Vi skriv ord slik vi uttaler dei, og bruker både dialekt og slang. Sidan unge bruker mykje engelsk i kvardagsspråket, pregar det òg språket i sosiale medium.

Andre kjenneteikn er forkortingar, emojiar, sløyfing av til dømes skiljeteikn, mellomrom og ord som blir forstått ut frå samanhengen, og dessutan kreativ bruk av skiljeteikn og av store og små bokstavar.

Kvifor skriv vi sånn?

Ifølgje språkprofessor Svein Lie (Lie, 2011), er årsaka til desse kjenneteikna at vi har tre ønske når vi skriv i sosiale medium:

  1. Økonomisering av språket, altså at vi ønskjer å skrive kortfatta.

  2. Ekspressivitet, at vi ønskjer å formidle eigne kjensler.

  3. Individualitet, at vi vil vere så autentiske som mogleg.

"Munnleg" skriftform

Skriftspråket i sosiale medium bryt med tradisjonelle oppfatningar av skiljet mellom skrift og tale. Tradisjonelt er skriftspråket varig, monologisk og ofte formelt og upersonleg. Dessutan er det gjerne kontekstuavhengig, det betyr at vi ikkje er avhengige av situasjonen og omgivnadene for å forstå det som blir skrive.

Talespråket er derimot meir kontekstavhengig og dessutan flyktig, uformelt, dialogisk og personleg. Det er eigenskapar skriftspråket i sosiale medium òg har. Sjølv om private dialogar, som chattar og tekstmeldingar, er mykje mindre formelle enn til dømes lengre innlegg som blir lesne av fleire, er den generelle tendensen at språket i sosiale medium har vorte meir lik det uformelle, munnleg språket.

Tenk over:

Kvifor lèt mange vere å bruke teiknsetting i sosiale medium?

Bruk av dialekt

"Eg skakkje vera me i måro"

Bruker du dialekt og slang når du skriv i sosiale medium? Då er du ikkje åleine. Undersøkingar i regi av Språkrådet frå 2017 viste at over halvparten av alle unge under 30 år bruker dialekt når dei skriv i private samanhengar. Dialektane står sterkt i Noreg, og utviklinga av sosiale medium har ført til auka bruk av dialekt og sosiolekt, også skriftleg.

Når vi bruker sosiale medium, er det som oftast i uformelle samanhengar. Og akkurat som i munnlege situasjonar er kommunikasjonen spontan og personleg. Då er det kanskje ikkje så rart at vi bruker dialektuttrykk og slang, for det er mindre høgtideleg, underbyggjer vennskap og uttrykkjer geografisk og sosial identitet.

Tenk over:

Trur du vi blir dårlegare i rettskriving av å skrive i sosiale medium?

Vi bruker meir engelsk

"Eg hugsar ikkje kva det heiter på norsk."

Kjenner du deg igjen? Den amerikanske popkulturen og underhaldningsindustrien har lenge hatt enorm påverknadskraft, særleg blant ungdom, og det er ikkje noko nytt at ungdomsslang hentar uttrykk derfrå. I dag blir vi likevel eksponerte for amerikansk språk og kultur gjennom mange fleire kanalar enn før, og sosiale medium bidreg til å spreie det raskt. Med mobil- og internetteknologi er vi ikkje lenger berre passive mottakarar av språklege impulsar utanfrå. Sosiale medium har gjort det å høyre, lese, snakke og skrive engelsk til ein del av kvardagen. Aldri før har nordmenn skrive og snakka så mykje engelsk.

Anglifisering

Inntoget av sosiale medium har bidrege til endå meir engelsk i kvardagen. Ungdom er storforbrukarar av engelsk når dei snakkar saman - både i og utanfor sosiale medium. Den språklege spagaten mellom slang, dialekt, norsk og engelsk fører til stor import av engelske ord og uttrykk. Vi ser òg at engelsk påverkar norske uttrykk og grammatikken vår. Mange unge reagerer ikkje når dei høyrer "møtet tok stad i går" (fann stad), "eg kan relatere til det" (kjenne meg igjen i det), "er du opp for å ete?" (klar for) eller "det er prislaust" (makelaust).

Nye ord om fenomen knytte til sosiale medium

Nye medium og produkt bidreg sjølvsagt med mange nye ord. Mange av desse orda kjem frå engelsk, særleg via kjendis- og underhaldningsverda, men vi lagar òg nye norske ord.

Sjølve uttrykket "sosiale medium" oppstod ikkje før mot slutten av 1990-talet. Dei nye kommunikasjonskanalane endrar òg måten vi kommuniserer og omgåst kvarandre på. Dermed oppstår det eit behov for nye ord som beskriv desse fenomena. Vi "addar" eller "blokkar" kvarandre i "chatten", vi må "like" "insta-posten" så vi ikkje blir "unfrienda", og vi må vere "på" for ikkje å miste "streaken" på "snap". Mange av orda er slang, eller internettslang, men nokre ord går òg over i normalspråket, til dømes "chatte" og "like".

Forkortingar

Ei vanleg form for nye slanguttrykk er forkortingar. På 90-talet då fleire fekk mobiltelefon, kunne ikkje tekstmeldingane vere lengre enn 160 teikn – og det var dyrt å sende meldingar. I utlandet betalte vi til og med for å få meldingar. For å spare plass og pengar oppstod forkortingar som "snx" og "c u l8tr".

No er verken plass eller pengar noko problem, men vi held fram med å bruke forkortingar, både fordi vi vil at det skal gå fort når vi kommuniserer, og fordi mange forkortingar har vorte ein del av ungdomsspråket. Ei vanleg form for forkortingar er akronym, det er ord samansette av første bokstav i fleire ord: "yolo", "gid", "swag" og "ftw". Eit nokså nytt fenomen er at fleire av desse forkortingane spreier seg til talespråket.

Andre endringar i ordtilfanget

Mange nye ord er samansettingar av allereie eksisterande ord. Sosiale medium har til dømes gitt oss: statuslinje, tekstmelding, nettmobbing og gruppechat.

Sosiale medium har òg endra betydninga av eksisterande ord, til dømes "veggen", "chat" og "tekste".

Emojiar 😍

"I felt 🌈🌈🌈🌈💖🌈🌈💖 ☁ 🌹🌹👍👍😘🙈🍣 and a 🦄
Nevar felt like this before"

(NRK P3, 2015)

Norsk skriftspråk består ikkje lenger berre av 29 bokstavar, men også av alt frå smilande fjes og bæsjar til zombiar og einhyrningar. Akkurat som med forkortingar vart emojiar brukte for å spare tid, plass og pengar i tekstmeldingar. Også i dag kan desse symbola erstatte lange meldingar viss vi har dårleg tid, men dei kan òg understreke det vi skriv, eller uttrykkje kjensler og haldningar eller andre nyansar vi synest det er vanskeleg å kommunisere skriftleg.

Tenk over:

Korleis tolkar du desse tre meldingane og kvifor? Er det fleire tolkingsmoglegheiter?

  • Sest i kveld 🔥

  • Sest i kveld … 😊

  • Sest i kveld 😃😃😃💖💖

Øydelegg sosiale medium språket vårt og skriveferdigheitene våre?

Vi har nesten utvikla eit eige språk i sosiale medium, ei blanding av engelsk og norsk, slang, dialekt, bilete og emojiar. Mange er bekymra for kva dette vil gjere med skriveferdigheitene våre. Lærarar opplever at elevar bruker slang og munnlege uttrykksmåtar som "serr" eller "omg" i tekstar dei skriv på skulen. Dei ser òg at den teknologiske kvardagen påverkar ordforrådet på andre måtar, når elevar til dømes skriv "Rolf Jacobsen har lagt ut mange romanar" eller "Då Arnulf Øverland posta artikkelen …".

"Dette er en skriftrevolusjon. De unge blir rett og slett flerspråklige og tilpasser språket etter plattform bedre enn voksne".

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn (Hammersmark, 2018)

Ifølgje Åse Wetås, direktøren i Språkrådet, tek ikkje dei unge mobilspråket med seg inn i skulen eller arbeidslivet (Hammersmark, 2018). Derimot blir dei gode til å tilpasse språket etter samanhengen. Dei veit altså når dei kan skrive "lmao" og når det passar betre med "det var veldig morosamt".

At barn og ungdom er språkleg kreative og snakkar annleis og mindre korrekt og presist enn vaksne, er ikkje noko nytt. Det nye med sosiale medium er at denne kreativiteten òg går føre seg i skriftspråket. At ungdomsspråket skin gjennom i skuletekstar, er heilt naturleg, men som regel endrar det seg med breiare skriveerfaring.

Er det så nøye, då?

Etter å ha lese om korleis sosiale medium påverkar språket vårt, kva for inntrykk sit du igjen med? Er endringane ein trussel mot norsk språk, eller er det noko positivt i at språket endrar seg?

Vi veit at språk heile tida er i endring, og at det er vanskeleg å stanse ei utvikling. Er det noko poeng i å kjempe imot? Når norsklæraren din set raud strek under "swag" i artikkelen du har skrive, er det fordi hen vil at du skal ta omsyn til offisiell rettskriving. Hen skal òg hjelpe deg til å bli studieførebudd, og då bør du helst kunne skrive fagartiklar som i tillegg til å ha korrekt norsk språk, også følgjer ei akademisk norm. Det handlar altså om to forhold: Vi har offisielle rettskrivingsreglar, og det er forventningar om at språket passar til situasjonen.

Så kva med det som skjer utanfor skule og arbeidsliv? Der er det ingen som legg seg opp i korleis du skriv. Om "swag" etter kvart hamnar i ei norsk ordbok, avheng av fleire forhold. Les meir om kva som skjer og korleis språk endrar seg i artiklane nedst på sida.

Kjelder

Hammersmark, K. B. (2018). Ikke svar med tommel opp. Henta frå: https://www.nrk.no/livsstil/_-ikke-svar-med-tommel-opp-1.14238784 (mai 2021).

Lie, S. (2011). Det digitale språket. Ling forlag. Oslo. Lese på: http://sveinlie.no/digi-kap4.PDF (mai 2021).

NRK P3. (2014, 29. desember). MOTicon - Modern RnB [Video]. Youtube. Henta frå: https://www.youtube.com/watch?v=jzLldoZHCjk (april 2021).

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Krt, 1kelt & personle

Utforsk og reflekter over kva sosiale medium gjer med språket.

Skrive av Christian Lund og Marthe Moe.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021