Halla, ei moderne miljøheltinne - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Halla, ei moderne miljøheltinne

I Kvinner på krigsstien møter vi Halla. Ho kjempar for miljøet heilt på eiga hand. Men då ho får sjansen til å bli mor, kjem klimaengasjementet i vegen. Her skal vi sjå på kva som kjenneteiknar Halla som klimaheltinne.

Før filmen

Diskuter i klassen:

  1. Er de engstelege for framtida på grunn av klimakrisa?
  2. Har de, eller kunne de tenkt dykk, å gjere noko ulovleg for å forsvare naturen mot inngrep som kan skade han?
  3. I filmen de skal sjå, blir det referert til Mahatma Gandhi og Nelson Mandela. Veit de noko om desse to mennene? Viss ikkje – finn ut kva saker dei kjempa for, og korleis dei kjempa.

Jobb aleine:

  1. Kven var Artemis? Finn illustrasjonar av henne og undersøk kva rolle ho hadde i den greske mytologien. Når du ser filmen, kan du tenkje over om du finn Artemis igjen i denne.

Etter filmen

Diskuter i klassen:

  • Vil de seie at filmen framstiller Halla som ei heltinne? Grunngi synspunkta ved å vise til hendingar i filmen.
  • Kan de forstå at enkeltmenneske kjempar mot overmakta, slik Halla gjer i filmen?
  • Kvifor trur de det hengjer bilete av Mahatma Gandhi og Nelson Mandela heime hos Halla?
  • Kva likskapar er det mellom gudinna Artemis og Halla?
  • Kva rolle meiner de musikarane og koret har i filmen?

Jobb aleine:

  1. Les artikkelen "Heltar før og no". Kva eigenskapar som kjenneteiknar heltar gjennom tidene vil du seie at Halla har?
  2. Skriv ei kort filmmelding der du formulerer det du meiner er bodskapen i filmen og kommenterer om du meiner regissøren lykkast med å formidle bodskapen.

Relatert innhald

Fagstoff
Heltar

Kva rolle speler helten i tekstar gjennom tidene? Og kva er eigentleg ein helt?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020