Frå sensur til trykkjefridom

Sensuren vert oppheva
I 1770 fekk den liberale legen Johann Friedrich Struensee ein maktposisjon ved det danske hoffet. Han var oppteken av dei franske filosofane i samtida og idéane deira om fridom og menneskerettar. Som livlege hadde Struensee stor innverknad på den sinnssjuke kongen. Han innleidde til og med eit forhold til dronning Caroline Mathilde og fekk eit barn med henne.
Noko av det første Struensee gjorde, var å oppheve sensuren og innføre trykkefridom. Slik opna han for ein fri offentleg debatt. Opplysningsfilosofane meinte at den frie debatten var ein føresetnad for å utvikle eit godt samfunn.
Resultatet vart eit frislepp av litteratur og aviser. Nye verkemiddel som ironi og satire blei tekne i bruk, no då ingen lenger kunne straffast for å håne makteliten eller andre personar ein hadde noko uteståande med. Men mangel på grensesetting førte også til at rykte og vondsinna sladder vart spreidde som eld i tørt gras. Kanskje ser vi ein parallell mellom 1770-åra og grenselause meiningsytringar i nye sosiale medium i vår tid?
Etter berre halvtanna år tok eineveldet makta attende. Trykkefridomen blei innskrenkt, men sensuren blei ikkje gjeninnført. Struensee vart likevel kasta i fengsel og avretta.

Trykkjefridom blir grunnlovfesta
Sjå filmen (lengde 1:24) om ytringsfridom og den norske grunnlova:
I 1814 blei prinsippet om trykkefridom skrive inn i den norske grunnlova, der det i § 100 heiter: «Trykkefrihed bør finde sted.» Trykkefridomen innebar at det ikkje lenger var risikabelt å kritisere styresmaktene, regjeringa og kongen. Denne lovbestemminga bana også vegen for at heile befolkninga etter kvart fekk tilgang til kunnskap som tidlegare berre nokre få hadde kunna nyte godt av.