Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Fornuft, fridomstrong og framtidsoptimisme

Opplysningstida er ei tid prega av store omveltingar. Adelen må vike for borgarskapen. Tru må vike for fornuft. Tanken om at alt var betre før, må vike for ein ukueleg framtidsoptimisme.

Sjå film

Sjå filmen om modernitet og det nye verdsbiletet (lengde 6:59):

Modernitet er ei fellesnemning for ein helt ny måte å tenkje om tilværet på. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Borgarskapen veks fram

På 1700-talet veks det fram ein handelsborgarskap, og det blir lettare å slå seg opp ved eigne krefter. Borgarskapen får dessutan no del i den nye kunnskapen som utviklar seg.

Kongen og adelen har framleis så godt som all makt og mange særrettar. Men handelen med utlandet aukar, og handelsstanden får ein stadig større og viktigare posisjon. Borgarane er misnøgde med dei få rettane dei har. I Frankrike toppar misnøya seg med opprør og revolusjon i 1789. Kongen blir avsett og seinare avretta, saman med mange adelege.

Fornuft og framtidsoptimisme

Samstundes må tankegods frå mellomalderen vike for nye oppdagingar i naturvitskapen. Newtons lover blir avgjerande for mekanikken, som etter kvart legg grunnlaget for industrialisering og masseproduksjon.

Cogito, ergo sum

«Eg tenker, altså er eg" er grunntanken i Descartes sin filosofi. Å vere rasjonell eller tenke rasjonelt har med menneskeleg fornuft å gjere. Rasjonalismen ser fornufta og tanken som grunnlaget for all kunnskap. Hos Holberg finn vi den same tenkemåten: Eg tviler, altså tenker eg. For å kunne tru må ein tvile, sa Holberg.

Empirismen heng saman med rasjonalismen. Empiristane meiner at røynsle er den einaste sikre kjelda til all kunnskap. Empiri tyder røynsle eller utprøving, og vi finn ordet att i «empirisk forskning». Idéhistorisk legg begge retningane eit felles grunnlag for tenkemåten i opplysningstida.

Empiri

Omgrepet blir brukt når vi snakkar om kunnskap som er samla inn gjennom systematiske undersøkingar og observasjonar. Dette er det motsette av personlege meiningar, gjettingar, teoriar eller tilfeldige opplevingar (anekdotisk bevis).

Fokus på einskildmennesket

Ideen om at mennesket har grunnleggande rettar, uavhengig av stand og klasse, veks fram. Desse synspunkta finn vi att i den norske grunnlova i 1814.

Tankane til Descartes og Holberg er idéhistorisk viktige fordi dei plasserer grunnlaget for ei forståing av verda i mennesket sjølv – altså i den menneskelege fornufta, ikkje i religiøs tru. Det er i ferd med å vekse fram ei oppfatning av at mennesket er eit rasjonelt, tenkande vesen.

Kunnskap og fornuft til folket

Opplysningsfilosofar og forfattarar som Holberg i Danmark og Voltaire og Montesquieu i Frankrike kritiserer sterkt fordommar og gammal autoritetstru. Gjennom opplysning skal folk lære seg å tenke sjølv, slik at dei kan utvikle seg til sjølvstendige individ.

Kunnskap og fornuft bør spreiast ut til folk for å sikre eit opplyst samfunn. Encyclopédie, det første oppslagsverket i verda, kjem ut med heile 35 band i perioden i 1751–1780. Det er opplysningstanken som er drivkrafta bak det første leksikonet i verda.

Kansellistilen

Latin er dei lærde sitt språk på 1700-talet. Samstundes er Frankrike ei stormakt. Latin blir derfor avløyst av fransk som diplomatspråk. Også i overklassemiljøa rundt om i Europa får det franske språket status.

Det tysk-latinske stilmønsteret er eit ideal. Dette er ei uttrykksform med lange ytringar, mange leddsetningar og innskott. Skrivemåten har seinare fått nemninga kansellistil.

Holberg er kritisk til denne skrivestilen. Han er dessutan kritisk til bruken av lånord av fransk eller latinsk opphav, og han argumenterer for å bruke eit enklare og meir talemålsnært dansk skriftspråk. Men dei få som er skrivekyndige, bruker embetsspråket, og dermed blir kansellistilen normgivande.

Holbergs satire

Erasmus Montanus er ein komedie av Ludvig Holberg. I stykket gjer han mellom anna narr av akademisk snobberi. Vi møter studenten Rasmus Berg som er på besøk hos familien på den danske landsbygda. Han snakkar latin til foreldra og andre som berre kan dansk, og han bruker logisk argumentasjon for å bevise at mora er ein stein. Les meir om stykket i artikkelen "Erasmus Montanus".

Relatert innhald

Ludvig Holberg

Kort om Ludvig Holberg, den viktigaste dansk-norske forfattaren på 1700-talet.

Skrive av Oddvar Engan, Marion Federl og Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 06.08.2026