Frå hærførar til helgen
Olav Haraldsson fall i slaget på Stiklestad. Men etter at han var død, blei han den mektigaste av alle kongar i norrøn tid. Biskopen utropte Olav til helgen, og Snorre fortel om mange av dei undera som folk som såg den døde kongen, opplevde. Nidaros blei ein viktig by for den katolske kyrkjemakta og sentrum for ein omfattande Olav-kultus.

Slaget på Stiklestad
Tekstversjon
No kom Tore hund og gjekk fram framfor merket med flokken sin og ropte: "Fram, fram, bondemenn!" Så sette dei i med hærropet og skaut både piler og spyd. No ropte kongsmennene hærrop, og då ropet slutta, skreik dei til kvarandre slik som dei før hadde lært og sa: "Fram, fram, kristmenn, korsmenn, kongsmenn!"
Då kong Olav gjekk fram og ut av skjoldborga i spissen for fylkinga, og bøndene fekk sjå han i andletet, blei dei redde og reint handfalne. Dette nemner Sigvat:
Fælsleg var det for bøndersom blodige sverd førte,å sjå i den kampgladeOlavs kvasse auge,trøndske menn ei tordetrasse ørneblikketfrå hans auge; farlegfann dei hersars herre.
No blei det ein veldig strid. Kongen sjølv gjekk hardt fram i nærkamp. Så seier Sigvat:
Blodige sverd fargaskjold og hærfolks henderraude, den gong hærenmøtte den dyre kongen,og i den jernleikenlét den gjeve høvdingraudbrune sverd finneinntrønderanes skallar.
Torstein Knarresmed hogg til kong Olav med øksa, og det hogget kom i venstre beinet ovanfor kneet. Finn Arnesson drap straks Torstein. Då kongen fekk det såret, lente han seg opp til ein stein og kasta sverdet og bad Gud hjelpe seg. No stakk Tore Hund til han med spydet. Stikket gjekk inn nedanunder brynja og opp i magen. Då hogg Kalv til han, og det hogget kom utanpå halsen på venstre side. Folk er ikkje einige om kva det var for ein Kalv som gav kongen det såret. Desse tre såra var det kong Olav døydde av. Etter fallet hans fall òg nesten heile den flokken som hadde gått fram saman med kongen.
Tore Hund gjekk dit liket til kongen var og stelte med det, la liket ned og retta det ut og breidde eit klede over, og då han tørka blodet av andletet, sa han sidan, var andletet til kongen så fagert, og han var raud i kinna som om han sov, og andletet var mykje lysare enn det var før, mens han levde. Då kom det blod frå kongen på handa til Tore, og det rann opp på handflata der han hadde fått sår, og det såret trong dei ikkje å binde om sidan, så fort grodde det. Dette vitna Tore sjølv for alle menneske då kong Olavs heilagdom kom opp.
Olav den heilage blir helgen
Tekstversjon
Det var på manges råd at biskopen lét kongen grave ned i jorda ved Klemenskyrkja. Men då det hadde gått tolv månader og fem netter etter kong Olavs død, blei dei heilage leivningane hans tekne opp; då hadde kista igjen komme opp av jorda, og då såg kista til kong Olavs så ny ut som om ho var nyskava. Biskop Grimkjell var til stades då kista blei lukka opp; det var ein herleg duft av ho. Så blotta biskopen andletet til kongen, og utsjånaden hans var ikkje på nokon måte forandra, han var raud i kinna som om han nettopp hadde sovna. Folk som hadde sett kong Olav då han fall, kunne tydeleg sjå at hår og negler hadde vakse nesten så mykje som om han hadde vore levande her i denne verda heile tida sidan han fall.
[...]
Så blei det avgjort etter utsegna til biskopen og med samtykket til kongen og heile folkets dom at kong Olav var verkeleg heilag. Kongens lekam blei båra inn i Klemenskyrkja og blei bisett over høgalteret. Kista blei trekt med pell, og det blei sett telt over ho av gudvev. Det hende straks mange slags under ved heilagdommen til kong Olav.
På melen der kong Olav hadde lege i jorda, kom det opp ei fager kjelde, og folk fekk bot for sjukdommar av det vatnet. Det blei stelt fint omkring ho, og det vatnet har alltid sidan vore nøye vareteke. Først blei det bygd eit kapell, og alteret blei sett på den staden der grava til kongen hadde vore, og no står Kristkyrkja på den staden. Øystein erkebiskop lét setje høgalteret på same stad som grava til kongen hadde vore, då han reiste den store katedralen som står der no. På same staden hadde alteret vore i den gamle Kristkyrkja òg.
Det blir sagt at Olavskyrkja no står der som den gong det skuret stod, der liket av kong Olav blei sett om natta, og det heiter Olavsli der heilagdommen til kongen blei båra opp frå skipet; det er no midt i byen.
Lytt til desse to opplesingane av Jack Fjellstad frå Soga om Heilag-Olav.
- Korleis blir tanken om Olav Haraldsson som helgen etablert i desse to tekstutdraga?
- Soga om Heilag-Olav blei skriven etter at Olav Haraldsson var død. Kvifor trur du det var viktig for forfattaren å legge vekt på det som hende etter at kongen var død?
Korleis kunne den krigerske og upopulære vikingen Olav bli både heilag og "Noregs evige konge"? Skodespelar Kristofer Hivju har sidan barndommen vore oppslukt av historia om Olav den heilage. I NRK-serien om den norske vikingen og kongen leitar han etter svar saman med journalist Gry Hivju.
Sjå episoden "Helgenen" i serien Olav på NRK.
Kvifor blei Olav kåra til helgen?
Ein helgen er ein person som blir gjenstand for religiøs dyrking (kult) etter sin død. Korleis blei Olav dyrka som helgen?
Kva rolle spelte Nidaros i det katolske universet i mellomalderen?

Stadnamn rundt om i Noreg er basert på segner som fortel om dei overnaturlege kreftene Heilag-Olav hadde. Kva er historia bak stadnamna nedanfor?
- Olav-sundet (Ny-Hellesund)
- Olavskorset (Gulen)
- Olavskilden (Lørenskog)
- Tåresteinen (Kviteseid)
- Kjenner de til tilsvarande segner knytte til stadnamn der de bur? Kva går segna ut på, og kva for naturfenomen er ho knytt til?
Legender er forteljingar om livet og døden til helgenar og martyrar. Mange av desse forteljingane har levd på folkemunne før dei vart skrivne ned. Frå norsk mellomalder kjenner vi legender om Heilag-Olav og St. Sunniva.
Ein martyr er ein person som ofrar livet sitt for den religiøse trua si eller for ei spesiell sak. Martyr-omgrepet blir i vår tid ofte brukt om personar som ofrar livet sitt for Allah, eller ei islamistisk overtyding. Martyrar er førebilete for andre, og Koranen gir dei som blir drepne for Guds sak, ein spesiell status etter døden:
"Anse ikke dem som ble drept for Guds sak for døde. Nei, de er levende hos Herren og mottar av Hans gaver"
Koranen 3:163
Skriveoppgåve
Skriv eit kortsvar på 250 ord der du samanliknar tema og forteljarperspektivet i Snorres forteljing om Heilag-Olavs død med ein feature-reportasje om martyrar i vår tid.
Ta utgangspunkt i desse to tekstane:
- Utdrag frå Soga om Heilag-Olav (lytt til lydfilene i oppgåve 1)
- Feature-reportasje i Aftenposten: "Der var han, min lille skatt, utropt til martyr"
Relatert innhald
«Soga om Olav den heilage» fortel om bragdene Olav Haraldsson utførte, om kampen hans for å verte konge, og om korleis han innførte kristendommen i Noreg.