Slaget på Stiklestad

Kong Olav Haraldsson møtte mykje motstand i Noreg, blant anna frå Erling Skjalgsson som hadde sitt kongesete på Sola i Rogaland. Då Erling vert drepen, må Olav røme austover til Gardarike (Russland). I 1030 vender han attende til Noreg for å vinne kongeriket sitt tilbake. Han dreg gjennom Sverige, og over Kjølen (høydedraga som skil Noreg og Sverige), der soga fortel at han har eit «syn».
Lokale hovdingar i Trøndelag og langs kysten lenger nord samlar ein bondehær for å stoppe han. Denne hæren skal ha vore dobbelt så stor som kongshæren. 29. juli 1030 møtest desse hærflokkane til det avgjerande slaget på Stiklestad. Her fell Olav Haraldsson, men paradoksalt nok går han sigrande ut av slaget etter at han er død.
Slaget på Stiklestad som historisk beretning
NB! Denne oppgåva passar ikkje for synshemma.
Før du svarar på spørsmåla, bør du studere den grafiske framstillinga i stort format. Du kan klikke på biletet og zoome inn eller opne grafikken i pdf-format: Slaget på Stiklestad
- Slaget på Stiklestad(PDF)
Olav den heilages syn
Tekstversjon
Då kong Olav kom austfrå og over Kjølen og vidare ned av fjellet i vest der ein kan sjå landet senke seg vestover, såg han derfrå ut over landet. Mykje av hæren gjekk føre kongen og mykje etter han. Der han rei, var det romt omkring han. Han var stille og talte ikkje med nokon. Han rei slik ei lang stund om dagen og såg seg lite om. Då rei biskopen bort til han og spurde kva han tenkte på sidan han var så stille, for kongen brukte elles å vere glad og pratsam mot mennene sine på vegen og gledde alle dei som kom nær han.
Kongen svarte i djup ettertanke: "Eg har hatt eit underleg syn no for ei stund sidan. Eg såg utover Noreg då eg såg vestover frå fjellet. Då kom eg i hug at eg har vore glad mang ein dag her i dette landet, og så fekk eg eit syn: Eg såg utover heile Trondheimen og dernest over heile Noreg. Og så lenge som synet heldt seg for auga mine, såg eg alltid vidare, heilt til eg såg utover heile verda, både land og sjø. Eg kjende nøye stader som eg hadde vore og sett før, og eg såg like tydeleg stader som eg ikkje har sett før; nokre av dei hadde eg høyrt om, men det var òg stader som eg aldri hadde høyrt snakk om før, både bygde og ubygde, så vid som verda er." Biskopen sa at dette synet var heilagt og stort og merkeleg.
Lytt til Jack Fjellstad si opplesing om det synet Olav hadde før slaget på Stiklestad frå Soga om Heilag-Olav, eller les tekstutdraget frå nettstaden www.olhov.net, ei modernisert utgåve av tekstane på nettstaden Heimskringla.
- Syner og draumar speler ei sentral rolle i sogelitteraturen. Forklar kvifor draumar og visjonar vert tillagt så stor verdi.
- I dette tekstutdraget har Olav Haraldsson eit syn som biskopen meiner er heilagt og stort og merkeleg. Kva er det han ser, og kva er det eit frampeik på?

Slaget på Stiklestad
Tekstversjon
No kom Tore hund og gjekk fram framfor merket med flokken sin og ropte: "Fram, fram, bondemenn!" Så sette dei i med hærropet og skaut både piler og spyd. No ropte kongsmennene hærrop, og då ropet slutta, skreik dei til kvarandre slik som dei før hadde lært og sa: "Fram, fram, kristmenn, korsmenn, kongsmenn!"
Då kong Olav gjekk fram og ut av skjoldborga i spissen for fylkinga, og bøndene fekk sjå han i andletet, blei dei redde og reint handfalne. Dette nemner Sigvat:
Fælsleg var det for bøndersom blodige sverd førte,å sjå i den kampgladeOlavs kvasse auge,trøndske menn ei tordetrasse ørneblikketfrå hans auge; farlegfann dei hersars herre.
No blei det ein veldig strid. Kongen sjølv gjekk hardt fram i nærkamp. Så seier Sigvat:
Blodige sverd fargaskjold og hærfolks henderraude, den gong hærenmøtte den dyre kongen,og i den jernleikenlét den gjeve høvdingraudbrune sverd finneinntrønderanes skallar.
Torstein Knarresmed hogg til kong Olav med øksa, og det hogget kom i venstre beinet ovanfor kneet. Finn Arnesson drap straks Torstein. Då kongen fekk det såret, lente han seg opp til ein stein og kasta sverdet og bad Gud hjelpe seg. No stakk Tore Hund til han med spydet. Stikket gjekk inn nedanunder brynja og opp i magen. Då hogg Kalv til han, og det hogget kom utanpå halsen på venstre side. Folk er ikkje einige om kva det var for ein Kalv som gav kongen det såret. Desse tre såra var det kong Olav døydde av. Etter fallet hans fall òg nesten heile den flokken som hadde gått fram saman med kongen.
Tore Hund gjekk dit liket til kongen var og stelte med det, la liket ned og retta det ut og breidde eit klede over, og då han tørka blodet av andletet, sa han sidan, var andletet til kongen så fagert, og han var raud i kinna som om han sov, og andletet var mykje lysare enn det var før, mens han levde. Då kom det blod frå kongen på handa til Tore, og det rann opp på handflata der han hadde fått sår, og det såret trong dei ikkje å binde om sidan, så fort grodde det. Dette vitna Tore sjølv for alle menneske då kong Olavs heilagdom kom opp.
Lytt til Jack Fjellstad si opplesing av Snorres skildring av slaget på Stiklestad.
- Kva for karaktertrekk vert Olav Haraldsson tillagt i dette tekstutdraget frå Soga om Heilag-Olav?
- Siste del av denne opplesinga frå Soga om Heilag-Olav fortel kva som skjedde då Tore Hund skulle ta seg av liket til den døde kongen. Kva skjer, og kva for frampeik gir denne forteljinga?

I tekstutdraget nedanfor kommenterer skalden Sigvat det som hender på Stiklestad.
- Kva er ein skald, og kva for oppgåver hadde skalden?
- Kva er eit kvad?
- Kva kjenneteiknar rimmønsteret i kvadet til Sigvat skald?
- Kva rolle speler kvada i dei norrøne kongesogene?
[...]
Fælslig var det for bønder
som blodig sverd førte,
å se i den kampglade Olavs
kvasse øyne,
trøndske menn ei torde
trosse ørneblikket
fra hans øye; farlig
fant de hersens herre.Blodige sverd farget
skjold og hærfolks hender
røde, dengang hæren
møtte den dyre kongen,
og i den jernleiken
lot den gjæve høvding
rødbrune sverd finne
inntrøndernes skaller.[...]
Relatert innhald
«Soga om Olav den heilage» fortel om bragdene Olav Haraldsson utførte, om kampen hans for å verte konge, og om korleis han innførte kristendommen i Noreg.