Fornuft, fridomstrong og framtidsoptimisme - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fornuft, fridomstrong og framtidsoptimisme

Opplysningstida er ei tid prega av store omveltingar. Adelen må vike for borgarskapen. Tru må vike for fornuft. Tanken om at alt var betre før, må vike for ein ukueleg framtidsoptimisme.
Modernitet er ei fellesnemning for ein helt ny måte å tenkje om tilværet på. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Borgarskapen veks fram

På 1700-talet veks det fram ein handelsborgarskap, og det vert lettare å slå seg opp ved eigne krefter. Borgarskapen får dessutan no del i den nye kunnskapen som utviklar seg.

Kongen og adelen har framleis så godt som all makt og mange særrettar. Men handelen med utlandet aukar, og handelsstanden får ein stadig større og viktigare posisjon. Borgarane er misnøgde med dei få rettane dei har. I Frankrike toppar misnøya seg med opprør og revolusjon i 1789. Kongen vert avsett og seinare avretta, saman med mange adelege.

Fornuft og framtidsoptimisme

Samstundes må tankegods frå mellomalderen vike for nye oppdagingar i naturvitskapen. Newtons lover vert avgjerande for mekanikken, som etter kvart legg grunnlaget for industrialisering og masseproduksjon.

«Cogito, ergo sum.» («Eg tenkjer, altså er eg.») Dette er grunntanken i Descartes sin filosofi. Å vere rasjonell eller tenkje rasjonelt har med menneskeleg fornuft å gjere. Rasjonalismen ser fornufta og tanken som grunnlaget for all kunnskap. Hos Holberg finn vi den same tenkjemåten: Eg tviler, altså tenkjer eg. For å kunne tru må ein tvile, sa Holberg.

Empirismen heng saman med rasjonalismen. Empiristane meiner at røynsle er den einaste sikre kjelda til all kunnskap. Empiri tyder røynsle eller utprøving, og vi finn ordet att i «empirisk forskning». Idéhistorisk legg begge retningane eit felles grunnlag for tenkjemåten i opplysningstida.

Fokus på einskildmennesket

Ideen om at mennesket har grunnleggjande rettar, uavhengig av stand og klasse, veks fram. Desse synspunkta finn vi att i den norske grunnlova i 1814.

Tankane til Descartes og Holberg er idéhistorisk viktige fordi dei plasserer grunnlaget for ei forståing av verda i mennesket sjølv – altså i den menneskelege fornufta, ikkje i religiøs tru. Det er i ferd med å vekse fram ei oppfatning av at mennesket er eit rasjonelt, tenkjande vesen.

Opplysningsfilosofar og forfattarar som Holberg i Danmark og Voltaire og Montesquieu i Frankrike kritiserer sterkt fordommar og gammal autoritetstru. Gjennom opplysning skal folk lære seg å tenkje sjølv, slik at dei kan utvikle seg til sjølvstendige individ.

Kunnskap og fornuft bør spreiast ut til folk for å sikre eit opplyst samfunn. Encyclopédie, det første oppslagsverket i verda, kjem ut med heile 35 band i perioden i 1751–1780. Det er opplysningstanken som er drivkrafta bak det første leksikonet i verda.

Kansellistilen

Latin er dei lærde sitt språk på 1700-talet. Samstundes er Frankrike ei stormakt. Latin vert derfor avløyst av fransk som diplomatspråk. Også i overklassemiljøa rundt om i Europa får det franske språket status.

Det tysk-latinske stilmønsteret er eit ideal. Dette er ei uttrykksform med lange ytringar, mange leddsetningar og innskott. Skrivemåten har seinare fått nemninga kansellistil. Holberg er kritisk til denne skrivestilen. Han er dessutan kritisk til bruken av lånord av fransk eller latinsk opphav, og han argumenterer for å bruke eit enklare og meir talemålsnært dansk skriftspråk. Men dei få som er skrivekyndige, bruker embetsspråket, og dermed vert kansellistilen normgivande.

Relatert innhald

Fagstoff
Ludvig Holberg

Kort om Ludvig Holberg, den viktigaste dansk-norske forfattaren på 1700-talet.

Skrive av Oddvar Engan og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2017