Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Essay-oppgåver om tekst i kontekst

I denne ressursen finn du fire oppgåveforslag med vedlegg. Dei fire essayoppgåvene dekker temaa "Opprøret mot autoritetane", "Likestilling og seksualitet", "Mennesket og byen" og "Utanforskap".

Oppgåveforslag

Under kvar oppgåve finn du relaterte ressursar. Desse kan vere fine å bruke som forarbeid til skriveoppgåvene.

Oppgåve 1: Opprøret mot autoritetane, finst det?

Jens Bjørneboe (1920–1976) var kjend som ein samfunnsrefsar som var spesielt oppteken av individuell fridom. Mange av tekstane hans kritiserte derfor autoritetar.
Gunnar C. Aakvaag (f. 1972) er ein norsk sosiolog som tidlegare har kritisert norske ungdommar for å vere for lydige og kjedelege.

Ta utgangspunkt i essayet og kronikken og skriv eit essay der du reflekterer over bodskapen i dei to tekstane.

Relaterte tekstar

Oppgåve 2: Har mannen spelt ut rolla si?

Skriv eit essay der du utforskar synet på kjønn og likestilling i essayet og kronikken nedanfor.

Relaterte tekstar

Oppgåve 3: Mennesket og byen

Dei tre vedlegga nedanfor handlar om mennesket i byen. Skriv eit essay der du utforskar korleis byen, og livet i byen, blir framstilt i animasjonen, diktet og måleriet.

Relaterte tekstar

  • Animasjon av Pushwagner, Vimeo: Soft City

    Kort beskriving av animasjonen

    Animasjonen viser ei kvardag prega av rutinar og repetisjon. Vi ser figurar som vaknar, tek piller, bevegar seg gjennom bylandskap, går på jobb i eit firma som heiter Soft Inc., returnerer heim og tek piller igjen. Alle ser heilt like ut, som ein hær.

    Bevegelsane til figurane er mekaniske og repeterande. Alle karakterane bevegar seg i takt og gjer dei same handlingane. Det er lite variasjon i bevegelsane og i omgivnadene. Vi ser heller ikkje kjensler i ansikta til figurane.

    Tekstplakatane i filmen understrekar den harde og kalde stemninga. Eit døme er dette:

    "If you don't make it – you are fired. I you are fired – you are finished."

    Mot slutten av filmen blir det zooma ut, frå eit soverom til ei blokk, og til slutt ein heil by. Det same skjer i alle rom i heile byen. Dette forsterkar kjensla av at individa er små brikker i eit stort system som er sterkt strukturert.

  • Dikt av Rudolf Nilsen: Storby-natt

  • Måleri av Edvard Munch, munch.emuseum.com: Aften på Karl Johan

  • Oppgåva "Soft City, Storby-natt og Aften på Karl Johan".

Oppgåve 4: Å vere annleis

Skriv eit essay der du reflekterer over korleis animasjonen, diktet og romanutdraget nedanfor framstiller det å velje annleis enn majoriteten.

Relaterte tekstar

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 24.11.2025