Eigedomsord
Samanlikning
I tabellen under ser du eigedomsorda på bokmål og nynorsk. Dei pronomena som er ulike på nynorsk, er utheva.
Bokmål | Nynorsk |
|---|---|
min – mi - mitt – mine | min – mi - mitt – mine |
din – di - ditt – dine | din – di – ditt – dine |
hans | hans |
vår – vårt – våre | vår – vårt – våre |
deres | dokkar el. dykkar |
deres | deira |
Rett form av eigedomsordet
Du skriv kanskje "boken min" når du skriv bokmål? På nynorsk må du skrive "boka mi". Du kan nemleg ikkje bøye hokjønns-substantiv på same måten som hankjønns-substantiv når du skriv nynorsk. Hokjønns-substantiv må få hokjønnsbøying.
Også eigedomsorda min og din må få hokjønnsform når dei står saman med eit hokjønnsord:
Har du funne veska di?
Dette er mi bok, ikkje di!
Øving 1. Eigedomsorda min og din
Sett inn rett form av eigedomsordet.
Ettersett eigedomsord
På nynorsk skal du som regel sette eigedomsordet etter substantivet: faren hans, bilen vår, sofaen min.
På bokmål kan du skrive hans far, vår bil og min sofa, men også på bokmål høyrest det ofte noko meir formelt og høgtidleg ut når eigedomsordet står framfor substantivet. Det er vanlegast å skrive bilen min, sofaen min osv. også på bokmål.
Øving 2. Ettersett eigedomsord
Uttrykka som er streka under, er på bokmål. Sett dei om til bra nynorsk og skriv heile setninga på ny.