Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

E-verb og a-verb

Verba er noko dei fleste slit med når dei skal skrive nynorsk. Her skal du lære om dei to vanlegaste verbtypane: e-verb og a-verb.

Øving 1. Test deg sjølv

Start med ein liten, uhøgtidleg test!

Oppgåva som rein tekst

Finn alle verba som blir skrivne og bøygde heilt likt i både bokmål og nynorsk

Eg prøver å lære meg nynorsk. Faktisk studerer eg nynorsk kvar dag, og eg leverer inn mange oppgåver til læraren min. For det meste skriv eg korte tekstar. Når eg jobbar med grammatikken, plukkar eg opp mange tips. Dessutan les eg ein del nynorske bøker.

E-verb

E-verb er enkle å lære seg. Dei fleste e-verba blir nemleg bøygde heilt likt som bokmålsverba:

å kjøpe – eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt

A-verb

A-verba får -a i både notid og fortid, bortsett frå i infinitiv. Infinitiv er den forma som vi set å framfor. Det er infinitiven som er oppslagsforma i ordlista.

å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta

Øving 2. A-verb og e-verb

Oppgåva som rein tekst

Finn alle e-verba i teksten

Eg prøver å lære meg nynorsk. Faktisk studerer eg nynorsk kvar dag, og eg leverer inn mange oppgåver til læraren min. For det meste skriv eg korte tekstar, og eg kjenner at det hjelper. Når eg jobbar med grammatikken, plukkar eg opp mange tips. Dessutan les eg ein del nynorske bøker.

Vel alle a-verba du finn

Eg prøver å lære meg nynorsk. Faktisk studerer eg nynorsk kvar dag, og eg leverer inn mange oppgåver til læraren min. For det meste skriv eg korte tekstar, og eg kjenner at det hjelper. Når eg jobbar med grammatikken, plukkar eg opp mange tips. Dessutan les eg ein del nynorske bøker.

Korleis kan du vite om verbet er a- eller e-verb?

Du kan sjølvsagt slå opp i ordboka på kvart einaste verb, men det er mykje enklare å lære seg dette tipset:

  • Kva preteritumsform bruker du i ditt eige talemål?
    (Preteritum er enkel fortid, som kjøpte, strikka/strikket, sydde osb.)
  • Dersom verbet får endinga -a eller -et i preteritum i talemålet ditt, har du med eit a-verb å gjere.
  • Dersom verbet får endinga -te eller -de i preteritum i talemålet ditt, har du med eit e-verb å gjere.

Eksempel 1

Du lurer på om å sykle er eit a-verb eller eit e-verb. Antakeleg seier du: "I går sykla jeg." Eller: "I går syklet jeg". Da kan du vere ganske sikker på at du har med eit a-verb å gjere.

Eksempel 2

Du lurer på om å lyse er eit a-verb eller eit e-verb. På talemålet ditt heiter det antakeleg: "Lampa lyste". Då har du nok med eit e-verb å gjere.

Øving 3

Plasser verba nedanfor i rett kategori. Sjekk korleis du bøyer verba i talemålet ditt og bruk dette som hjelp når du skal avgjere kva for verb som er a-verb og kva for verb som er e-verb.

Øving 4

Prøv å lage ei historie der du bruker flest mogleg av verba frå øving 3. Historia di skal vere på maksimalt 150 ord. Skriv i notid (presens).

Skrive av Åsa Abusland .
Sist oppdatert 09.02.2026