Dialektparadiset Noreg - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dialektparadiset Noreg

Noreg kan på mange måtar kallast eit dialektparadis. Er det rett og slett fordi vi har så mange dialektar, eller er det andre grunnar?

Dialektar overalt

Kronprinsesse Mette-Marit skarrar på r-ane. Nyheitsanker og programleiarar seier både itte, itj og ikkje. Unge og gamle skriv på dialekt i SMS og på nett. Norske artistar vel å syngje på eigen dialekt, statsbudsjettet blir presentert på bygdemål. Kva er det med nordmenn og dialektar?

Er Noreg eit dialektparadis?

Dialektmangfald og dialektvariasjon

Den norske geografien med fjell, vidder og skog har historisk sett skapt mange ulike dialektar i Noreg. I dag kan framleis ein halvtimes biltur ta deg frå éin dialekt til ein annan. Forskjellane mellom to norske dialektar er nokre gonger så store at språkbrukarane slit med å forstå kvarandre.

Men sjølv om vi har fleire dialektar og større dialektvariasjon enn nabolanda våre Sverige og Danmark, er vi ikkje unike i europeisk samanheng. Også andre land har store forskjellar i talespråket, til dømes Tyskland, Italia og Storbritannia.

Dialektaksept

Det som verkeleg skil Noreg frå andre land, er den høge toleransen for dialektbruk.

Nordmenn snakkar dialekten sin i alle samanhengar – formelle som uformelle. I situasjonar der det i andre land er vanleg å bruke eit normalisert rikstalemål, er det heilt akseptert å bruke dialekt hos oss. Slike situasjonar kan vere i skulen, på universitetet, i TV og radio, på talarstolen, i politikken og i litteratur og musikk.

Sjølv om standardisert eller bynært talespråk gir fordelar i visse samanhengar, er det framleis ganske fritt fram for dialektar i det norske samfunnet, særleg samanlikna med andre land. Det er òg aksept for å tøyse med dialektane våre, så lenge det ikkje er gjort med vonde intensjonar. Vi er stolte av dialektane våre, og vi reagerer hardt på latterleggjering og diskriminering. Så ja, Noreg er kanskje eit dialektparadis.

Dialektparadiset Noreg på eitt minutt

I filmklippet under frå NRK-programmet Dialektriket gir programleiar Yasmin Syed oss ei superrask oppsummering av dei viktigaste grunnane til at Noreg er eit "dialektparadis".

Tenk over:

Kan du komme på munnlege situasjonar der det ikkje er greitt å bruke dialekt i Noreg? Diskuter med andre i klassen.

Kvifor er aksepten for dialektar så stor?

Det er mange og samansette grunnar til at dialektane har høg prestisje her i landet, og at toleransen for språkleg variasjon er så stor.

Nasjonsbygginga på 1800-talet

Språket, og særleg bygdedialektane, blei viktig i nasjonsbyggingsarbeidet etter lausrivinga frå Danmark i 1814. Bygdedialektane var lite påverka av dansk, og den nasjonalromantiske tidsånda idealiserte den norske bonden som "beraren av det norske". I dei urørte bygdedialektane fann nasjonsbyggjarane og nasjonalromantikarane linjene tilbake til det opphavlege norske – ikkje minst det norrøne språket. Dialektforskinga på 1800-talet og fram til siste halvdel av 1900-talet blei påverka av desse nasjonalromantiske ideane. Studiar av dialektane skulle "underbyggje ideologien om at me utgjer ein norsk nasjon, med sine særdrag og si eiga historie" (Skjekkeland 2010, s. 25).

Koplinga mellom nasjonsbygging og nasjonalromantikk på den eine sida og dialektane våre på den andre har gitt særleg bygdedialektane status som ein av dei største kulturskattane våre. Dialekt har nesten blitt sjølve definisjonen av det å vere norsk.

Landsmålet

Nasjonsbygginga og nasjonalromantikken var også sterke drivkrefter for Ivar Aasen. Aasen var interessert i den norske folkesjela og ville vite kven nordmenn eigentleg var. Han samla inn opplysningar om dialektane i norske bygder for å skape eit heilnorsk skriftspråk som kunne erstatte det danske.

Landsmålet til Ivar Aasen framheva bygdedialektane våre, og nynorsk har bidrege til å auke statusen for dei norske bygdedialektane.

Stortingsvedtaket av 1878

Den kanskje viktigaste grunnen til den høge statusen til dialektane i det norske samfunnet finn vi i skulepolitikken. Heilt sidan 1878 har norske elevar hatt lovfesta rett til å bruke dialekten sin. Då vedtok nemleg Stortinget at "Undervisningen i Almueskolen bør saavidt mulig meddeles paa Børnenes eget Talemaal". Dermed blei det slutt på å "tvinge" elevane til å snakke etter mønster av det danske skriftspråket eller den danna daglegtalen i byane.

I andre land, til dømes Sverige og Danmark, har skulen blitt brukt til å spreie standarduttale og "drepe" dialektane. I Noreg har skulen bidrege til å verne om dialektane.

Dialektbølgja i 1970-åra

Statusen til dialektane auka kraftig på 1970-talet. Ei av årsakene var at stadig fleire tok høgare utdanning. Studentane kom frå fleire sosiale lag enn før, og fleire og fleire kom frå bygdene og tok med seg dialekten sin inn i studentmiljøa.

Ei medverkande årsak til auka dialektaksept var den politiske venstrebølgja som oppstod i studentmiljøa verda over. Den nye generasjonen tok eit oppgjer med det samfunnet foreldregenerasjonen deira hadde skapt, og dei protesterte mellom anna mot standardisering, sosiale forskjellar og skeivfordeling av makt. Mange rekna som standardisert, skriftspråksnært talespråk som språket til makta og eliten, og at det verka undertrykkjande og forsterka sosiale skilje i samfunnet. Dialektane var derimot "folkespråket".

Dialektbølgja på 1970-talet førte til auka aksept for å bruke dialektar i det offentlege rommet.

Språkpolitikk i dag

Den offisielle språkpolitikken i Noreg i dag har mellom anna som mål å ta vare på dialektvariasjonen i landet. Sitatet under er henta frå forslaget til ny norsk språklov frå 2020:

Dialektvariasjonen er ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, og det er høg aksept for bruk av dialekt. Dialektmangfaldet er uttrykk for språkleg toleranse og demokrati. Noreg er eitt av få land i Europa med ein så liberal språkkultur. Denne verdien skal vi ta vare på.

Kultur- og likestillingsdepartementet (2020)

Ei slik språkpolitisk haldning har mykje å seie for utdanningsinstitusjonane våre, for arbeidslivet og for andre delar av samfunnet som må ta omsyn til norsk lov. Indirekte påverkar det òg kvar og ein av oss.

Andre årsaker til den norske dialektaksepten

Mange nordmenn kjenner eit sterkt band til lokalsamfunnet sitt og dialekten der. Å leggje om dialekten har vore lite akseptert – særleg utanfor dei største byane.

Dessutan har Oslo aldri vore like sterkt kulturelt dominerande som andre hovudstader, til dømes Stockholm og København. Oslomålet har derfor ikkje sett standarden for talespråket i Noreg på same måte som hovudstadsspråka i nabolanda våre.

Vidare har vi lang tradisjon med valfrie former også i skriftspråka bokmål og nynorsk. Mange av desse formene er dialektnære former, til dømes "skau", "fjøl", "sjøl", "leike" på bokmål, og a-endingar i substantiv og verb: "boka", "leika".

Dialekt er for mange ein viktig del av den norske identiteten, men kanskje særleg den personlege identiteten.

Tenk over:

Kva meiner du er det viktigaste vi kan gjere for å byggje opp endå større språkleg toleranse?

Ikkje berre idyll

Ja vel, Noreg er eit dialektparadis, men kvifor er dialektane i ferd med å forsvinne? I artikkelen "Trøbbel i dialektparadiset" møter du døme på at situasjonen ikkje nødvendigvis er så idyllisk som vi trur – eller vil tru.

Relatert innhald

Fagstoff
Trøbbel i dialektparadiset?

Er Noreg det dialektparadiset vi trur det er? Vi ser nærare på den norske toleransen for språkleg variasjon.

Kjelder

Prop. 108 L (2019–2020). Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak). Lov om språk (språklova). Kultur- og likestillingsdepartementet. Henta desember 2021 frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-108-l-20192020/id2701451/?ch=1

Pedersen, Ø. (2003). Språklig frislipp i NRK. Forskning.no. Henta januar 2022 frå https://forskning.no/partner-journalistikk-sprak/spraklig-frislipp-i-nrk/1073717

Sandøy, H. (2002). Norske dialektar. I E. B. Johnsen (red.), Vårt eget språk. H. Aschehoug Co. (W. Nygaard). Oslo.

Skjekkeland, M. (2010). Dialektlandet. Portal forlag. Kristiansand.

Aasen, I. (1836). Om vort Skriftsprog. I Syn og Segn. (1909). Det Norske Samlaget. Oslo.

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023