Trøbbel i dialektparadiset? - Norsk (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Trøbbel i dialektparadiset?

Noreg er på mange måtar eit dialektparadis, med stort dialektmangfald og høg toleranse for språkvariasjon. Likevel ser vi at somme dialektar er trua. Er det trøbbel i paradiset?

Har Noreg alltid vore eit dialektparadis?

Å bruke dialekt i både formelle og uformelle samanhengar er og har vore langt meir godteke i Noreg enn i dei fleste andre land i Europa. Derfor står dei norske dialektane sterkare enn i dei fleste andre land. Historia viser likevel at dialekttoleransen ikkje alltid har vore like høg, og vi skal sjå døme på at alt ikkje er like roseraudt i dag heller.

"Pøbelspråk"

På 1700- og 1800-talet til dømes var dialekt først og fremst noko dei snakka i heimane eller i heimbygda. I høgare sosiale lag, på skulen, i delar av arbeidslivet og i andre offisielle samanhengar skulle du helst snakke "finare". På den tida betydde det å snakke eit skriftspråksnært dansk, men likevel med norsk uttale. Å snakke dialekt blei gjerne rekna som ukultivert og udanna.

I 1832 skreiv professor P. A. Munch følgjande om eit vanleg dialekttrekk, nemleg a-ending:

det platte, aldeles pøbelaktige "a"

som ifølgje Munch blei brukt

hos den laveste Pøbel i de mere fordærvede Egne.

Sitatet viser ei haldning om at det på den eine sida finst eit "korrekt" eller "fint" språk og på den andre sida eit "gale" eller "stygt" språk – som Munch kallar pøbelspråk. Pøbelspråket finn vi ifølgje Munch i "fordærvede Egne". Med det meiner han blant dei "ukultiverte" folka i dei lågare sosiale laga, både på bygda og i byane.

Bønder i byen

Heilt fram til 1960-talet var det heilt nødvendig for mange å leggje frå seg dialekten sin og lære seg "ordentleg norsk" dersom dei flytta frå bygda og inn til byen for å studere eller jobbe. Målet var å passe inn og unngå å verke "bondsk" og bli latterleggjort og diskriminert.

"Nordlendinger ikke ønsket"

På 50- og 60-talet var "nordlendinger ikke ønsket" vanleg å lese i ein del hybelannonsar i Oslo-avisene. I filmklippet under fortel Frida Buschmann om korleis det var å flytte frå Tomma i Nordland til Oslo i 1957.

Døme frå skjønnlitteraturen

I I Roy Jacobsens roman Seierherrene, som kom ut første gong i 1991, møter vi nordnorske Marta. Midt på 1930-talet flyttar ho frå Dønna i Nordland til Oslo. Her får ho jobb som tenestejente i ein villa på Grefsen:

Avgjørelsene krever vurdering, erfaring, og det har ikke Marta. Dessuten snakker hun et forferdelig språk. Det er to guttunger i huset, som hun skal drive "barneoppdragelse" med når Frua er ute, og det er Frua stadig vekk; hun handler og har møter, gjør et ærend eller utfører en viktighet... Guttene er seks og åtte år og skal forskånes for Martas degenererte tale.

- Lær deg norsk, heter det.

Hvilket hensetter Marta i en enda dypere taushet. Hun øver seg sammen med Liljan og Oscar, som snakker "norsk", og benytter de ordene hun kan og ingen andre. I de første månedene går det bra. Det er vanskelig og tungt, men Marta har god trening i det vanskelige og tunge; det er bare å ta seg sammen, holde igjen, konsentrere seg, tenke på noe annet.

Jacobsen (1991, s. 164–165)

Situasjonen i dag

Korleis er situasjonen i dag? Finst P. A. Munch-haldningar framleis? Har vi eit "pøbelspråk"? Og er det framleis vanskeleg å behalde dialekten når vi flyttar på oss?

Dagens pøbelspråk?

Sjølv om dei fleste nok vil seie seg ueinig i P. A. Munchs haldningar til meir "folkelege" talespråk, eksisterer det også i dag eit dialekthierarki i Noreg, som vil seie at somme dialektar har høgare status enn andre. I klippet under hevdar språkforskar Arne Torp lattermildt at austfolddialekten vil hindre deg i å komme deg opp og fram i samfunnet.

Dialekt i media

Dialektbruken i media har auka jamt sidan 1970-talet, og i dag er normalen å snakke eigen dialekt på tv. Unntaket er programleiarar og annonsørar i nyheitssendingar og programinformasjon på NRK, som skal snakke tilnærma offisielt bokmål eller nynorsk.

Dagsrevyen-reporter Ida Titlestad Dahlback blei i 2013 utfordra av programleiaren i eit tv-program om dialektar til å snakke på sin eigen dialekt. Då kollegaen hennar fekk høyre innslaget, lo kollegaen og sa:

Det var interessant. For å være helt ærlig høres det ut som hun er littegranne kort.

Nysether, 2013

Les om saka og sjå klippet "Anbefalt å fjerne Fredrikstad-l for å snakke på Dagsrevyen" på vg.no (krev innlogging).

Tenk over

Kva meiner du om reaksjonen til kollegaen til Dahlback? Og trur du reaksjonen seier mest om haldninga hans til dialektar eller til den spesifikke dialekten?

Tek mobbing knekken på dialektane?

[...] elever i ungdomsskolen med annen dialekt enn majoriteten blir fort utskudd og offer for mobberne. Etterligninger av dialekter og stygge kommentarer som "jævla søring" og "hvorfor flyttet du hit når du ikke har noen venner her?" er nok bare et par eksempler på det barn og unge med annen dialekt opplever, og som gjør skolehverdagen vanskelig.

Holven, 2021

Det er lett å skilje seg ut om du snakkar annleis enn dei rundt deg, og det kan dessverre gjere det enklare for mobbarane. Mange opplever også i dag at det kan vere vanskeleg å flytte til ein ny stad med ein annan dialekt. Det er også lett å finne døme på negative ytringar om dialektar på nettet.

Trøbbel i dialektparadiset?

Er vi eigentleg så språktolerante i dag som vi liker å tru? Aksepten for dialektar og talespråkleg variasjon er kanskje høgare enn nokon gong i Noreg, men framleis har somme dialektar og språkformer lågare status enn andre. Og framleis er vi vitne til negative og til og med hatske utfall mot språket eller dialekten til andre. Også "dialektskriftspråket" nynorsk møter mykje motstand og er under større press enn nokon gong.

Det skjærer i ørene mine når folk sier "itte".

Sanna Sarromaa (Ramsrud og Stein, 2022)

Hva skal vi med nynorsk når alle forstår vanlig norsk?

@KarlJonasT (Vangsnes 2013, s. 15)


Vi kan slå fast at vi i dag møter eit mangfald av dialektar i moderne medium – ikkje berre på tv, men også i sosiale medium – og mange bruker dialektnært språk når dei skriv på nett eller mobil. Men likevel ser vi at dialektar forsvinn, og at den bokmålsnære austlandske standarduttalen breier om seg. Det handlar nok om at verda blir mindre, og at den lokale identiteten ikkje speler like stor rolle for dagens unge som han gjorde tidlegare. Og framleis har det austlandske, bokmålsnære standardtalespråket størst prestisje.

Tenk over og diskuter:

  • Kva trur du skjer med dialektane i framtida?

  • Kjem din generasjon til å velje å byggje opp den språklege toleransen, eller å la språkleg intoleranse få fritt spelerom?

  • Er Noreg "dialektparadiset" også i framtida, eller vil dei neste generasjonane snakke om "det tapte dialektparadiset"?

Relatert innhald

Fagstoff
Norsk vokabular i framtida

Seier du sjokoladekake eller brownie? Byter du eller "trader" du? Kva vil skje med det norske vokabularet i framtida?

Kjelder

Holven, B. (2021). Hvordan kan vi forvente at barn og unge skal vise respekt og forståelse for andre med ulik etnisitet, religion og legning, dersom andre dialekter er fremmed nok for dem? Henta desember 2021 fra: https://ranano.no/hvordan-kan-vi-forvente-at-barn-og-unge-skal-vise-respekt-og-forstaaelse-for-andre-med-ulik-etnisitet-religion-og-legning-dersom-andre-dialekter-er-fr/27.10-03:48

Husebø, T. O. (2012). Meteorologen som skapte oppstyr. Henta desember 2021 frå: https://www.yr.no/artikkel/sigurd-smebye-1.8037966

Jacobsen, R. (1991). Seierherrene. Cappelen Damm. Oslo.

Munch, P. A. (1832). Norsk Sprogreformation. I: Gustav Storm (red.). (1873). P. A. Munch. Samlede Afhandlinger 1. 1831 – Marts 1849. Alb. Cammermeyer. Christiania. Henta januar 2022 frå: https://www.nb.no/items/21cfe3d02e32f7477ba7d3055b9c2800?page=5&searchText=norsk%20sprogreformation

Nysether, M.H. (2013). Anbefalt å fjerne Fredrikstad-l for å snakke på Dagsrevyen. Henta desember 2021 frå: https://www.vg.no/rampelys/i/2re5x/anbefalt-aa-fjerne-fredrikstad-l-for-aa-snakke-paa-dagsrevyen

Ramsrud, L. og S. M. Stein. (2021). Sanna Sarromaa: – Det skjærer i ørene mine når folk sier "itte". Henta januar 2022 frå: https://www.ringblad.no/sanna-sarromaa-det-skjarer-i-orene-mine-nar-folk-sier-itte/s/5-45-1248359

Vangsnes, Ø. A. (2013). Språkleg toleranse i Noreg – Norge, for faen! Det Norske Samlaget. Oslo.

Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2021