Dialekt og stereotypiar – humor eller ramme alvor?
Oppgåve 1. Dialektar, stereotypiar og fordommar
Gruppeoppgåver:
Har de stereotypiar eller fordommar knytte til ulike dialektar? Nedanfor er ei liste over dialektar eller dialektområde og ei liste over eigenskapar eller karaktertrekk. Prøv først å kople dialektane til éin eller fleire av dei ulike karakteristikkane på eiga hand. Samanlikn deretter svara med det dei andre på gruppa eller i klassen har funne ut. Diskuter så vala de har gjort. Kvifor er det sånn, og kven "bestemmer" det?
Veit de om det er knytt stereotypiar eller fordommar til dykkar eigen dialekt?
Dialektar og dialektområde
Nordnorsk, trøndersk, austlandsk, vestlandsk, sørlandsk, bergensk, romsdalsk, stavangerdialekt, oslodialekt, østfoldsk, hedmarksdialekt, telemarkdialekt, gudbrandsdalsk
Eigenskapar
Vennleg, stolt, dum, snill, norsk, sjølvgod, overlegen, enkel, smart, frekk, folkeleg, morosam, tradisjonell, hissig, ærleg, truverdig, jålete, urban, ungdommeleg, gammaldags, bondsk, treg, ambisiøs
Oppgåve 2. Dialekt i reklame
Reklamebransjen bruker ofte dialekt som verkemiddel.
Kjenner de til nokon reklamar som bruker dialekt som verkemiddel?
Kva prøver dei å oppnå med dialektbruken?
Er det mogleg å sjå eit mønster i kva reklamar som bruker kva dialektar eller talespråkvariantar?
Oppgåve 3. Når dialekten ikkje er fin nok
Sjå klippet under frå 06:54 til 08:58 og jobb med spørsmåla nedanfor:
Kva kan vere årsakene til den "østfoldske dialektskamma"?
Kvifor har nokon talespråkvariantar høgare status enn andre?
I klippet blir det å snakke dialekt knytt til "å vere seg sjølv". Er de einige eller ueinige i det?
Diskuter påstanden: Å snakke lokal dialekt eller ikkje handlar om sjølvtillit.
Oppgåve 4. Dialekt og humor
Jobb individuelt eller i grupper:
Stå-opp-komikar Halvor Johansson harselerer med dialektar i NRK-serien Latter Live. Sjå mellom (00:00–12:54) i episode 3 "Noreg bør ta seg saman" på NRK og jobb deretter med spørsmåla nedanfor:
Blir dialekten din nemnd? Kjenner du deg i så fall igjen i karakteristikkane?
Kvar kjem dialektstereotypiane frå? Er det noko sant ved dei?
Synest du det Johansson driv med er mobbing, eller bør vi tole såpass?
Kva er det som avgjer om dialektharselas berre er moro eller om det går over til latterleggjering og mobbing? Tenk til dømes på situasjonen, avsendaren, formålet, mottakaren, og kva dialekt det er snakk om.
Var det døme der du synest Johansson var heilt på grensa eller gjekk for langt?
Somme dialektar blir oftare harselert med enn andre. Drøft moglege årsaker til og konsekvensar av det.