Hopp til innhald
Nynorsk
Kjeldemateriale
Dokumentarfilm
Video

Bilder fra Henrik Ibsens liv

I denne dokumentarfilmen blir du betre kjend med den verdskjende norske dramatikaren Henrik Ibsen (1828–1906). Filmen tek oss med på ei reise gjennom Ibsens liv, frå vogge til grav.

Om filmen

Filmen samanfattar Henrik Ibsens liv og klassereise, frå han vart fødd i Skien og far hans gjekk konkurs, til han seinare, ved hjelp av eigne merittar, vart ein feira dramatikar i Noreg og Europa.

Fotografiar, illustrasjonar, brev og filmklipp frå dramatiseringa av stykka hans viser korleis Ibsens krins og samtid påverka han til å skrive heile 25 teaterstykke. Ibsens produksjonar blir hylla over heile verda og spelte på nasjonale og internasjonale scenar.

Tematikk

Filmen handlar om Henrik Ibsens biografi og forfattarskap. Tema er oppvekst, utdanning og verdiar, men òg om å lykkast i teaterverda.

Kvalifikasjonar i skulen

Denne filmen eignar seg som bakgrunn for å betre forstå diktaren Henrik Ibsen og teaterstykka hans og passar derfor godt i norskfaget.

Skrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 25.08.2020