Skriftleg eksamen

Skriftleg eksamen for elevar med kort butid i Noreg
Elevane med kort butid i Noreg har eigen eksamen i norsk tilpassa læreplan for kort butid. På eksamen blir det òg teke omsyn til at elevane med kort butid framleis er i ein mellomspråksfase. Oppgåvene er tilpassa elevgruppa, og forventningane til det språklege nivået er tilpassa butida til elevane. Det at eleven klarer å kommunisere munnleg og skriftleg, er viktig. Her går òg skiljelinja mellom bestått og ikkje bestått på eksamen i norsk kort butid.
Korleis førebu elevane?
Mange elevar med kort butid manglar erfaring med det norske eksamenssystemet frå ungdomsskulen. Dei er derfor ofte ekstra spente og usikre på kva eksamen inneber. Derfor kan det vere til god hjelp at dei får sjå elevsvar som viser kva nivå som er forventa for dei ulike karakterane på eksamen.
I tillegg vil mange elevar som følger denne læreplanen, sitje i klasserom der dei fleste elevane følger ordinær læreplan. Då er det ekstra viktig at dei får tekstar og skriveoppgåver tilpassa læreplanen for norsk kort butid undervegs i opplæringa.
Eksempeltekstar og modellering
På Utdanningsdirektoratet sine nettsider er det tilgang til gamle eksamensoppgåver og eksempeloppgåver under "Eksamen og prøver". Her ligg det eigna eksamensoppgåver for elevar med norsk kort butid YF vg2 og vg3, og dessutan eigne vurderingsskjema, eksamensrettleiingar og eksempeloppgåver for den same elevgruppa. Passord er tilgjengeleg via skulen.
I lenkene under finn du eksamensoppgåver og eksamensrettleiing for YF vg2 som blei gitte våren 2024. Eksamensrettleiinga er meint som ei rettleiing for elevane som skal ta eksamen. I eksamensrettleiinga ligg òg vurderingsskjema som sensor bruker når eksamensvara blir vurderte.
Eksamen i NOR1418 Norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, våren 2024
Eksamensrettleiing NOR1418 Norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg, våren 2024
NB! Det er viktig at du følger med på eventuelle endringar i eksamen. Gjeldande reglar ligg alltid på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Kva spør oppgåva etter?
Elevar med norsk kort butid bør i tillegg øve ekstra godt på å lese og forstå kva oppgåvene faktisk spør etter. Mange oppgåver inneheld fleire delar, og då er det viktig at eleven prøver å svare på alle delane av oppgåvene. Dette er spørsmål som det bør bli jobba med i klasserommet i god tid før eksamen:
Korleis blir skriftleg eksamen gjennomført?
Kva for teksttypar er det vanleg at elevane skal skrive?
Kva er eit vedlegg, og kvar finn elevane vedlegga?
Kva er passe lengde på dei ulike oppgåvene?
Kor lang tid bør eleven bruke på kvar del av eksamen?
Kva betyr verba som blir brukte i oppgåvene?
Yrkesretting på eksamen
Elevar på yrkesfag vg2 norsk kort butid har fleire kompetansemål i læreplanen som er tydeleg yrkesretta, mellom anna kompetansemålet om å kommunisere munnleg og skriftleg i yrkesrelevante sjangrar. Det betyr at oppgåver knytte til yrkesrelevante sjangrar, som mellom anna rapport og instruks, kan vere aktuelle skriveoppgåver på skriftleg eksamen.
Men læreplanen i norsk kort butid inneheld òg fleire andre kompetansemål. Det er viktig at elevane er godt kjende med læreplanen, og veit kor stor variasjon det er innan dei ulike kompetansemåla. Elevane må òg bli kjende med ulike typar tekstar og sjangrar gjennom skuleåret, både yrkesrelevante og andre eigna tekstar. På den måten sikrar du at dei er best mogleg førebudde på sjølve eksamenssituasjonen.
Norsk kort butid og eksamenstekstar på nynorsk
Ei ganske vanleg misforståing hos elevar med kort butid som har bokmål som hovudmålet sitt, er at dei ikkje treng å tenke på nynorsk. Det kjem derfor som ei overrasking på ein del elevar at det kan komme tekstvedlegg på nynorsk på eksamen. Det er viktig at elevane er klar over dette, og at dei les nokre eigna nynorske tekstar i skulekvardagen. Det er uheldig viss elevane vel bort den skriveoppgåva som kanskje passar dei best, fordi dei ikkje har fått erfaring med nynorske tekstar gjennom opplæringa.
Relevans
Fleire av elevane med norsk kort butid har naturleg nok noko avgrensa med norskkunnskapar. Då kan det vere freistande å kopiere i overkant mykje frå tekstvedlegga eller hente inn tekst dei allereie har liggande på pc-en sin, sjølv om han ikkje nødvendigvis er relevant. Som oftast er dette ein uheldig strategi.
Det er viktig at du som lærar gjer eleven klar over at denne strategien ofte viser låg fagleg kompetanse. Ordet relevans er svært viktig i denne samanhengen. Svarer eleven relevant på det oppgåva faktisk spør etter, eller er eksamenssvaret prega av klipp og lim utan at det blir svart på oppgåvene?
Kunstig intelligens
Det kan vere mykje hjelp og støtte i bruk av kunstig intelligens og praterobotar i læringsarbeidet, men slike verktøy kan ikkje brukast på sjølve eksamensdagen slik eksamen er utforma no. Blir eleven teken i fusk, får det konsekvensar. Derfor er det viktig at elevane er kjende med kva for reglar som til kvar tid gjeld for eksamen.
Relatert innhald
Les om korleis du kan førebu elevane dine i norsk kort butid til munnleg eksamen.