Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video
Interaktivt innhald

Unngå setningsstabling – lag flyt i språket

Finn ut kva setningsstabling er, og lær korleis du kan lage flyt i språket ved å sjå ein film og gjere oppgåver.

Kva er setningsstabling?

Sjå filmen om setningsstabling (lengde 4:55)

Setningsstabling. Video: Åsa Abusland, Øystein Johannessen, Jarle Sten Olsen, Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0

Ordforklaring til filmen

Variasjon
Variasjon betyr at noko er ulikt, ikkje likt.
Valmoglegheiter
Ei valmoglegheit betyr at du kan velje mellom ulike ting.
Kople
Å kople betyr å setje to eller fleire delar saman.
Utanforskap
Utanforskap betyr at nokon er utanfor fellesskapen. Dei er åleine.
Stakkato
At noko er stakkato, betyr at det er delt opp i korte delar og er utan flyt, hakkete.
Formel
Ein formel er ein fast regel eller ei oppskrift.

Del 1: Diskuter i grupper

Etter at de har sett filmen Setningsstabling over, kan de setje dykk saman i grupper og jobbe med desse oppgåvene:

  1. Forstod de kva "setningsstabling" betyr?

  2. Setningsstabling er ein vanleg feil for elevar med norsk som andrespråk. Kva trur de kan vere årsaka til det? Tenk gjerne over reglar for punktum og komma i førstespråket dykkar.

  3. Er de setningsstablarar? Tenk over:

    • Har de fått tilbakemelding frå lærarar om at de bruker komma der det eigentleg skal vere punktum?

    • Forstår de forskjellen på når de skal bruke komma, og når de skal bruke punktum i norsk?

Del 2: Finn setningsstablinga

I oppgåva under skal du finne setningsstablinga. Hugs at setningsstabling er når du bruker komma mellom to heilsetningar.

Ei heilsetning er ei setning som kan stå åleine. Ho har både og . Til dømes er Han et ei heilsetning fordi ho har både subjekt (han) og verbal (et).

Du kan òg lese setningane her:

  1. I går besøkte eg bestefar. Han er snill, han gir meg alltid kjeks. Då eg såg han, blei eg veldig glad.

  2. No skal eg gå til skulen, skulen min ligg i byen. Når eg kjem dit, skal eg ha engelsk i første timen.

  3. Eg gjekk til butikken, eg kjøpte mjølk, eg såg ein venn, vi snakka saman.

Del 3: Lag flyt mellom setningane

Gå saman i par. Prøv å skrive dei tre tekstane under riktig. Du kan byte ut komma med punktum der kommaet er brukt feil, og du kan binde saman setningar med setningskoplarar:

  • I går besøkte eg bestefar. Han er snill, han gir meg alltid gode råd. Då eg såg han, blei eg veldig glad.

  • No skal eg gå til skulen, skulen min ligg i byen. Når eg kjem dit, skal eg ha engelsk i første timen.

  • Eg gjekk til butikken, eg kjøpte mjølk, eg såg ein venn, vi snakka saman.

"Fasit"

Det er mange måtar å løyse oppgåva på. De har kanskje laga gode setningar, sjølv om dei ikkje er like dei under. Men her ser du eit forslag til korleis du kan løyse oppgåva:

  • I går besøkte eg bestefar. Han er snill fordi han alltid gir meg gode råd. Då eg såg han, blei eg veldig glad.

  • No skal eg gå til skulen som ligg i byen. Når eg kjem dit, skal eg ha engelsk i første time.

  • Eg gjekk til butikken. Der kjøpte eg mjølk. Eg såg ein venn, og vi snakka saman.

Den siste setninga skal ha komma framfor "og". Når vi bind saman to heilsetningar med "og", skal det alltid vere komma framfor "og".

Del 4: Oversikt over setningskoplarar

Under ser du ei oversikt over vanlege setningskoplarar du kan bruke. Då lagar du flyt og unngår setningsstabling. Veit du kva dei betyr? Finn ut av det ved å sjå på korleis setningskoplarane er brukte i setninga, og ved å bruke ordbok.

  • Årsaka er at: Det er betre å bu i byen enn på landet. Årsaka er at byen har fleire valmoglegheiter.

  • Ei anna årsak er at: Ei anna årsak til at det er betre å bu i byen, er at du treffer fleire ulike menneske.

  • Til dømes: Til dømes er det lettare å treffe folk med same interessa som deg i byen enn på landet.

  • Nemleg: Det er ikkje betre å bu i byen enn på landet. Frisk luft er nemleg viktigare enn valmoglegheiter.

  • Fordi: Guten må flytte. Han er lei seg for dette fordi han vil bli buande.

  • Likevel: Han fekk ein bil til bursdagen. Likevel var han ikkje nøgd. Han ønskte seg nemleg ein båt.

  • Mellom anna: Det er mange årsaker til at eg vil flytte til Bergen. Mellom anna har eg kjæraste der.

Del 5: Fiks eit avsnitt med setningsstabling

I avsnittet under er det mykje setningsstabling. Prøv å lage avsnittet betre ved å

  • setje punktum der komma er feil

  • bruke setningskoplarar. Bruk gjerne setningskoplarane over.

Mange liker å vere på sosiale medium, dei kan halde kontakt med venner. Dei finn underhaldning på sosiale medium, det er mange morosame innlegg. Det tek mykje tid, folk bruker altfor mange timar på TikTok.

Løysingsforslag

Det er mange ulike måtar å skrive avsnittet på. Her ser du eit forslag til korleis vi har løyst det:

Mange liker å vere på sosiale medium. Ei årsak er at dei kan halde kontakt med venner. Ei anna årsak er at dei finn underhaldning der. Det er nemleg mange morosame innlegg. Likevel kan det ta mykje tid. Mellom anna bruker folk altfor mange timar på TikTok.

Del 6: Skriv eit avsnitt saman med ein annan i klassen

No skal de sitje i par og samskrive to avsnitt. Å samskrive betyr at de skriv saman. Sånn gjer de det:

  1. Start på kvar dykkar til eit avsnitt som skal handle om at det er viktig å ete sunn og god mat.

  2. Byt pc/ark med den de sit ved sida. Skriv neste setning i avsnittet. Hugs å bruke setningskoplar viss det er naturleg.

  3. Byt tilbake.

  4. Hald fram slik til de har skrive 6–8 setningar.

  5. Les over avsnitta de har skrive og diskuter om de klarte å lage flyt i språket.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 08.05.2025

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Skap flyt i språket!

Gå til faget: Norsk kort butid (YF)

Gå til emne: Tekstbinding