Jobb med tekstbinding om tid

Del 1: Les to tekstar og diskuter
Dei to tekstane finn du under oppgåva. Gjer denne oppgåva i par:
Les tekst 1. Diskuter korleis de synest variasjonen og flyten i språket er.
Les tekst 2. Diskuter variasjon og språkflyt i denne teksten.
Marker alle setningskoplarar i tekst 2.
Marker alle ord som ordnar hendingar i tid i tekst 2.
Marker så alle verba i heilsetningane. På kva plass står dei?
Diskuter med resten av elevane i klassen:
Skriv opp alle setningskoplarane som ordnar hendingar i tid på tavla.
Kan de nokon andre setningskoplarar som ordnar hendingar i tid? Skriv dei i så fall opp på tavla.
Kvar skal de hugse å plassere verbalet i setningar når de startar med setningskoplarar som "såg", "etterpå" og så vidare?
Tekst 1
I sommar var eg først berre heime. Då drog vi på stranda og bada mykje. Seinare drog vi til Spania. Først var vi i Barcelona og gjekk i museum. Etterpå drog vi til Malaga for å bade. Så avslutta vi ferien med å besøke Madrid. Heilt til slutt tok vi flyet heim. Då eg var heime igjen, slappa eg eigentleg mest av.
Tekst 2
I sommar var eg heime. Vi drog på stranda og bada mykje. Vi drog til Spania. Vi var i Barcelona og gjekk i museum. Vi drog til Malaga for å bade. Vi avslutta ferien med å besøke Madrid. Vi tok flyet heim. Eg slappa av heime.
Del 2: Bli kjende med ulike setningskoplarar
Les setningane under. Dei inneheld mange setningskoplarar som ordnar hendingar i tid. Marker setningskoplarane.
Veit de kva alle setningskoplarane betyr? Diskuter med ein medelev eller bruk ordbok for å finne ut kva orda betyr.
Først gjekk vi til skulen, etterpå gjekk vi heim.
Eg kjøpte ei bukse, så tok eg ho på.
Han såg på tv. Seinare gjekk han og la seg i senga.
Vi møtte han for å spele dataspel. Deretter drog vi ut for å treffe nokre venner.
Vi spelte fotball. Til slutt var det laget vårt som vann.
Del 3: Finn rett setningskoplar
Kva for ein setningskoplar står i det tomme feltet? Fullfør ordet som allereie er starta på ved å skrive inn i den tomme boksen. Du skal bruke setningskoplarane frå del 1 og del 2.
Del 4: Kva gjorde du i går?
Skriv fem–seks setningar om kva du gjorde i går. Bind alle setningane saman slik at det blir flyt. Bruk setningskoplarane du har lært i del 1–3. Hugs verbalet på andreplass!
Gå saman i par. Les tekstane høgt for kvarandre og gi tilbakemelding på følgande:
Har de brukt setningskoplarar og laga flyt i språket?
Har de variert mellom lange og korte setningar?
Har de klart å starte setningane på ulike måtar?
Gå vidare for å gjere fleire oppgåver som handlar om flyt og variasjon i språket.