Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Les og diskuter ein fagartikkel

Før du skal skrive din eigen, bør du lese eit døme på ein god fagartikkel. I denne oppgåva skal du lese ein fagartikkel og diskutere kva som gjer han god.

Del 1: Les ein fagartikkel om konspirasjonsteoriar

Les fagartikkelen "Er konspirasjonsteoriar farlege?".

Gå saman i grupper og diskuter kvifor dette er eit godt døme på ein fagartikkel. De skal diskutere desse punkta:

  • Korleis svarer artikkelforfattaren på "Er konspirasjonsteoriar farlege"?

  • Korleis klarer forfattaren å sjå på fleire sider av saka? Finn døme på der forfattaren tek for seg ulike sider av saka.

  • Korleis bruker forfattaren ei kjelde for å grunngi?

  • Kva er , og i artikkelen? Kva for ei oppgåve har kvar av desse delane i teksten?

  • Korleis er språket i fagartikkelen?

Del 2: Strukturen i fagartikkel

  1. Last ned fagartikkelen i PDF-fila under. Legg merke til korleis fagartikkelen er delt inn i

    • innleiing

    • hovuddel med to avsnitt

    • avslutning

  2. Les kommentarane til høgre i tabellen for å lære korleis du kan lage ein god struktur når du no skal i gang med å skrive din eigen fagartikkel.

Gå vidare i læringsstien for å starte arbeidet med å skrive din eigen fagartikkel.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 07.05.2025