Når du skal svare på skriftleg eksamen, er det viktig at du les oppgåvene nøye. No skal du få jobbe med oppgåver som hjelper deg til å bli endå flinkare til å svare på det eksamensoppgåvene faktisk spør etter.
På skriftleg eksamen må du alltid lese oppgåvene godt!
Tenk deg at ein elev på vg2 yrkesfag har fått denne oppgåva på eksamen:
"Skriv om kva som er eit godt arbeidsmiljø på ein arbeidsplass. Vis til eiga erfaring frå praksis eller jobb."
Under har vi sett inn ein del av eit tenkt elevsvar som "Døme 1".
Kva fungerer med svaret? Vurder både innhald, språk og teiknsetjing.
Kva kan bli betre i svaret? Vurder både innhald, språk og teiknsetjing.
Døme 1
Eit godt arbeidsmiljø betyr at trivast på jobben det betyr òg at kollegaene dine er snille og hjelpe deg. det er viktig å vare ein gud kolega får at de skal vare ein god arbeidsmiljø eg har til dømes ein nevø som ikkje trivst på jobben forde dei ander på jobben hans baksnakkar.
Vurdering av svaret
Kva fungerer?
Innhald: Eleven viser kunnskap om kva eit godt arbeidsmiljø er. Eleven har med relevante døme frå eit godt arbeidsmiljø.
Språk: Teksten kommuniserer språkleg. Mange av orda er skrivne rett.
Teiknsetjing: Eleven har to punktum. Dei er sette som naturlege avslutningar på setningar.
Kva kan bli betre?
Innhald: Oppgåva ber om at eleven skal vise til eiga erfaring frå praksis eller jobb. Eleven viser i staden til noko ein nevø har opplevd. Det handlar om arbeidsmiljø, men eleven burde heller vist til noko hen har opplevd sjølv i praksis eller jobb, slik oppgåva faktisk spør etter.
Språk: Eleven manglar subjekt i første setning. Det bør heller stå: Eit godt arbeidsmiljø betyr at du trivst på jobben.
Det er ganske mange ord som er skrivne feil:
hjelpe deg: skal vere "hjelper deg" fordi verbet skal stå i presens (notid)
vare: skal skrivast "vere" fordi det er verbet å vere ein meiner her
gud: skal skrivast "god" med o
kolega: skal skrivast "kollega" med to l-ar, dobbel konsonant
får: skal skrivast "for"
de: skal skrivast "det"
ein god arbeidsmiljø: skal skrivast "eit godt arbeidsmiljø" fordi ordet arbeidsmiljø er inkjekjønn
forde: skal skrivast "fordi"
ander: skal skrivast "andre"
Teiknsetjing: Her er det berre to punktum. Eleven burde delt inn i fleire setningar og hugsa stor bokstav etter punktum.
Døme der språk, teiknsetjing og innhald er retta:
Eit godt arbeidsmiljø betyr at du trivst på jobben. Det betyr òg at kollegaene dine er snille og hjelper deg. Det er viktig å vere ein god kollega for at det skal vere godt arbeidsmiljø.
På arbeidsplassen min er det eit trygt og godt arbeidsmiljø. Når eg spør om hjelp med noko, så er det alltid ein kollega som seier ja til å hjelpe meg. Førre veke hjelpte ein kollega meg med å registrere varer. Han var tolmodig og vennleg, og etter ei stund klarte eg det sjølv. Sånn hjelper vi kvarandre til å bli flinkare og flinkare i arbeidet vi gjer.
Til nokre av eksamensoppgåvene er det eit vedlegg. Det er ein tekst du bør lese grundig. Nokre av oppgåvene er knytte til tekstvedlegga du har lese.
Tenk deg at ein elev har fått denne oppgåva på eksamen i vg2 YF:
"Les diktet "Jeg pakker tingene mine i en liten koffert" av Selma M. Yonus . Gjer først greie for temaet i diktet, og reflekter deretter over korleis forandringar kan påverke eit menneske. Bruk gjerne eigne erfaringar og/eller døme frå tekstar du har lese."
Under kan du lese ein del av eit tenkt elevsvar i "Døme 2".
Kva fungerer med svaret? Vurder både innhald, språk og teiknsetjing.
Kva kan bli betre i svaret? Vurder både innhald, språk og teiknsetjing.
Døme 2:
Diktet til selma handlar om at ho pakkar tinga sine i ein liten koffert. Det er mange forandringar i eit menneske sitt liv. Forandringar kan gjere godt, men det kan òg vere vanskeleg med store forandringar. Eg gjorde ei stor forandring i livet mitt då eg starta på vidaregåande sidan eg har to barn heime. Det blei veldig travelt for familien, så det påverka alle saman. Men eg ville likevel gjere dette for å nå draumen min om ei god utdanning og jobb som sjukepleiar.
Kjelder:
diktet av selma
Vurdering av innhaldet i elevsvaret
Kva fungerer?
Innhald: Eleven reflekterer godt over korleis forandringar kan påverke eit menneske. Her har eleven med døme frå eige liv som passar godt ut frå kva oppgåva spør etter.
Språk: Språket kommuniserer godt. God rettskriving. Rett setningsoppbygging.
Kva kan bli betre?
Innhald: Eleven har ikkje svart på første del av oppgåva. Der skulle eleven gjere greie for temaet i diktet. Eleven skriv berre ei setning der hen skriv om kva diktet handlar om, men det kjem ikkje fram kva som er tema. Eleven viser ingen fagkunnskap om tema i dikt.
Eleven kunne gjerne delt inn teksten i to avsnitt. Det kunne vore laga eit nytt avsnitt der eleven skriv om seg sjølv.
Språk: Eleven skriv berre fornamnet til forfattaren, mens hen burde hatt med både fornamn og etternamn. I tillegg må namn skrivast med stor forbokstav.
Kjelder: Eleven har ikkje sett opp kjelda på rett måte. Rett kjeldeoppføring for diktet er:
Yonus, S. M. (2021). Vuggesang for liten kriger. Aschehoug.
Døme der språk, teiknsetjing og innhald er retta:
Temaet i diktet er sakn. I diktet står det at "Jeg pakker skuffelsene sammen i hjertet mitt som ikke er blitt større". Dette sitatet tolkar eg som at forandringa hen gjorde i livet sitt, ikkje blei som forventa. Det lyriske eget lengtar framleis etter noko og er skuffa fordi det kanskje ikkje blei så bra som hen trudde. Kanskje hen flytta til ein ny stad, og så blei det vanskelegare enn forventa?
Det er mange forandringar i eit menneskes liv. Forandringar kan gjere godt, men det kan òg vere vanskeleg med store forandringar. Eg gjorde ei stor forandring i livet mitt då eg starta på vidaregåande, sidan eg har to barn heime. Det blei veldig travelt for familien, så det påverka alle saman. Men eg ville likevel gjere dette for å nå draumen min om ei god utdanning og jobb som sjukepleiar.
Kjelde:
Yonus, S. M. (2021). Vuggesang for liten kriger. Aschehoug
Du kan gjerne gi kvar enkelt elev framovermelding på desse tekstane når det gjeld rettskriving, teiknsetjing og innhald. Du finn tips til korleis du rettleier andrespråkeleven i "fagressursane om mellomspråk". Alternativt kan elevane byte tekstar med kvarandre og gi munnlege framovermeldingar før de oppsummerer i fellesskap.
Jobb individuelt
Tenk deg at du har fått denne oppgåva til eksamen på vg2 yrkesfag:
"Skriv om kvifor det er viktig med god HMS på arbeidsplassen, og korleis ein kan sikre HMS. Vis til eigne erfaringar frå praksis eller jobb."
Svar på oppgåva over. Hugs kommentarane frå del 1–3, tenk nøye over språk og teiknsetjing, og forsikre deg om at du svarer på det oppgåva faktisk spør etter.